Follow by Email

fredag 16. september 2016

Share Omvend dykk!.wav - 392 KB

 Mange opplever Guds kall til omvending som eit strengt krav frå hans side. Ingenting kan vera meir feil. Det er historias fallbod til menneskeætta.

Share Omvend dykk!.wav - 392 KB

tirsdag 6. september 2016

fredag 5. februar 2016

Korleis kan ein god Gud døma mennesker til evig fortaping og framleis vera god?

Stadig oftare kan me høyra at dersom det eksisterer eit evig helvete, er Gud ein terrorist, ja, ein djevel. «Og ein slik gud,» var det ein som sa, «vil i alle fall ikkje eg ha noko med å gjera.» Helvete var å føretrekka for denne mannen framfor ein himmel saman med ein slik gud.
Denne måten å tenkja på avslører ein total mangel på sjølvinnsikt og på forståing av kristen teologi.
Det er på tide å børsta støv av gamle bibelske og reformatoriske prinsipp.
I Bibelen openberrar Gud seg på to ulike nivå: anten gjennom den heilage lova (t.d. dei ti boda), eller gjennom evangeliet, bodskapen om frelse frå synd ved trua på Jesus Kristus.
I lova openberrar Gud sin vreide over synda, og over alle som lever i sine synder. I evangeliet openberrar han sin nåde og evige kjærleik for og til angrande syndarar.
Vi mennesker lever anten under lova eller under nåden. Den som held seg unna Guds kjærleik i Jesus Kristus, lever under lova og skal dømast etter lova.
Lova er nådelaus. Den person som lever under lova, må oppfylla alle Guds bod  100% for å kunna stå seg i domen. Her er det ikkje plass for nokon form for vantru, tvil, hat, ulydnad, sverging, løgn, ukjærlege haldningar, eller egoisme. Alt slikt kvalifiserer for evig straff, og me er alle skuldige.
Så til evangeliet. Skulle me få samfunn med Gud, måtte lova sine krav først bli oppfylt til punkt og prikke på våre vegne. Og det gjorde Jesus Kristus.  Han har i sin eigen person oppfylt alt som lova krev av oss, og difor vil alle menneske som tek imot han, bli rekna av Gud som fullkomne lovoppfyllarar.
Den som er i Kristus, vil bli difor dømt som om han eller ho ER Kristus. Den som står utanfor samfunnet med Jesus Kristus, vil bli dømt etter kvaliteten på sitt eige liv. Det kan ikkje gå bra for nokon av oss. Og sidan Guds lov er universell og evigvarande, vil straffa han feller over syndarar også vera og vara evig.

«Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.» Johannesevangeliet 3,36.