onsdag 28. november 2012

Du må bestemma deg for å lovsynga Herren, Salme 145,1-2

 א Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge,
          og velsigna namnet ditt til evig tid.

 
   
 2 ב Eg vil velsigna deg kvar dag
          og lovsyngja namnet ditt til evig tid


Det første David seier her at han vil opphøgja Gud og æra han som konge. Det er noko han rett og slett berre bestemmer seg for. I vers 2 held han fram med å skriva: Eg vil velsigna deg KVAR DAG. Han kan sjølvsagt ikkje vita korleis dagane framover vil bli, lette eller vanskelege. Alle folk har alle slags dagar. Men det som Gud vil læra oss her er at når det gjeld korleis me skal omgåast den gode Gud, spelar det ingen rolle om du har det lett eller vanskeleg, om me er i godt eller dårleg humør. Å lovsynga Gud er ei teneste me har som kristne, og jobben må me gjera om me er glade eller triste, om det er motvind eller medvind. Lat oss ta eit enkelt døme. Posten har eit motto som lyder slik: "Posten skal fram!" Det spelar ingen rolle korleis postbodet har det med seg sjølv, han eller ho skal levera utan å ta omsyn til sitt eige humør. Slik er det me oss også. Å vera kristen er å tena Gud med lovsong og tilbeding, og me leverer kvar dag utan å ta omsyn til korleis me har det med oss sjølve. Det vedkjem eigentleg ikkje saka. 

Det er så lett å bli subjektiv i måten me utøver kristentrua på. Me gjer ting når me føler for det, anten det gjeld å tilbe Gud, lesa i Bibelen, be for folk, gjer rett og godt eller dela evangeliet med dei fortapte. 

Me må bort frå denne måten å leva på og bli meir pliktorienterte. Eg har høyrt mykje nedsetjande om det å vera pliktorientert. Det er blitt identifisert som ein ytre gudsdyrking, altså noko hyklerisk og verdilaust. Men det trur eg ingenting på. Snarare tvert om. Dersom me lærer oss gode vanar og klarar å gjennomføra det rette uansett om me føler for det eller ikkje, vil me etter kvart føla meir og meir for det. Det går ein veg frå ytre aktivitet til indre engasjement. Du får ikkje varme på ei kokeplate før du skrur henne på. Difor er eg glad for at David berre bestemte seg for å lova, takka og velsigna Herren kvar dag, og det har eg gjort også, og det fungerer. 

"Eg lovar og takkar deg, Gud, og eg velsignar ditt namn, min gode Skapar og kjærlege Far. Eg elskar deg, og eg elskar å bli elska av deg. Din godleik som strøymer mot meg gjennom Jesus Kristus, og ingenting kan skilja meg frå din kjærleik i Han. I han har du gjeve meg full forløysing for alle mine synder, barnekår hos deg og evig liv. Kvar dag vil eg lova deg. Frå eg står opp om morgonen til eg legg meg om kvelden, skal dine songar tona i sinnet mitt og vera på mine lipper."

tirsdag 27. november 2012

Tilgjeving og lækjedom

I sist innlegg skreiv eg om Gud som ein Gud som tilgjev all vår skuld og lælkjer all vår sjukdom.
Det er eit herleg evangelium.

I dag vil eg at me skal sjå litt nærare på høve mellom tilgjeving og lækjedom.

For det første: Det går fint an å vera sjuk og tilgitt, og det går fint an å vera frisk og fortapt.

Tilgjeving og god helse er to separate velsigningar frå Guds hand.

Jesus demonstrerte dette tydeleg og klårt på den lamme mannen som vart firt ned frå taket og inn i huset der Jesus var. Det første han sa til den lamme mannen var: "Syndene dine er tilgjevne!" Det kan bety to ting: At mannen alt var frelst, og at Jesus berre stadfesta dette for han, eller at Jesus tilsa han tilgjeving der og då, slik som dei skriftlærde tolka det. Men uansett, i begge tilfella var mannen tilgjeven før han vart lækt, og han må ha vore tilgjeven og lam på same tid om det enn varte kort eller lenge. Dei eine kom ikkje som ei automatisk frukt av det andre. Det var to separate velsigningar.

Det seier seg jo sjølv at det må vera slik. Elles ville jo ikkje kristne ha døydd. Alle kristne er tilgjevne av Gud, og alle kristne døyr til slutt av ein eller annan sjukdom eller veikskap. Og det finst tusenvis av menneske som ikkje er frelst, men som lever gode og lange liv lite plaga av vanhelse. Dei er rikeleg velsigna av Gud, men forstår ikkje at Guds godleik driv dei til omvending og vil ikkje gje han ære for dei gåvene han gjev dei. Difor endar det med å dei sjølve må smaka evig vanære.

Jesus møtte ein gong 10 spedalske som ønskte at han skulle lækja dei, og han bad dei om å gå å syna seg for prestane. På vegen vart dei alle lækte. Èin av dei sprang då attende til Jesus for å takka han for gåva, og han var ein samaritan, altså ein ikkje-jøde, ein palestiner. Meisteren undra seg over dette, og han spurde samaritanen: "Vart ikkje alle lækte?" "Jo," svara han. "Men kor er då dei andre ni?" spurde Jesus, og så venda han seg til mannen og sa: "Trua di har frelst deg."

Samaritanen fekk del i Guds frelse fordi han gav Gud ære for lækjedomen. Slik vil alle få del i Guds tilgjeving dersom dei takkar og ærar Gud for alle goder han gjev anten det er lækjedom eller ei stabil god helse. Dei som gløymer å takka og æra Gud for dei fysiske og timelege godene, går også glipp av den største og viktigaste av alle goder som er Guds tilgjeving.

Den som vert lækt, får i beste fall eit forlenga liv.
Den som vert tilgjeven, får eit evig liv.


torsdag 22. november 2012

Gud tilgjev og lækjer


"Han som tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom"

Det skulle ikkje vera nokon tvil: Det er inga som helst fordøming for den som er i Kristus Jesus. Har du akseptert han som din Herre og Frelsar, er du 100% tilgjeven utansett korleis du føler deg. For saka er den at både du og eg kjenner på mykje synd i sjelene våre. Det er til å bli ganske matt av. Men alt dette er tilgjeve så lenge me trur på Jesus. Han dekkar over heile skiten. Er det ikkje oppmuntrande? Det er ein slik frelsar me alle treng. Den heilage Gud ser ikkje eit fnugg av den synda som Jesus har soge til seg, døydd for, bore med seg opp på krossen og betalt for. I Jesus og hans blod er det ei fullkomen tilgjeving for det alt saman. Difor er munnen vår full av lovsong til han. Så lenge du trur på Jesus er du i han, og då går du ikkje ut og inn av tilgjevinga. Jesus gjeld for deg natt og dag, om nettene og dagane er gode eller dårlege. Det spelar inga rolle. Du er perfekt for Gud. 

Så var det dette med sjukdomane våre då. Korleis kan det ha seg at David så frimodig forkynner at Gud lækjer alle våre sjukdomar når han veit at sjukdom råkar alle, og at døden ventar på oss i kulissane.

For det første: Det er ingen tvil: Jesus lækte all vanhelsa hos folket. Det var eit teikn på at Guds rike var kome nær. Vel, seinare døydde dei heile gjengen, men dei hadde blitt rørt ved av himmelens kraft og den himmelske røyndomen, og dei tvilte vel kanskje aldri meir på at dei var elska av Gud. Dei siste to vekene har elevar ved Veien bibelskule vore på teamtur i Alta. Desse ungdomane er jo så frimodige i det å be for sjuke, og her er eit vitnemål frå ein som vart rørt ved av Gud, Kristoffer frå Alta skriv på bloggen sin (karjalainen.blogg.no)

Hei,har akkurat kommet hjem fra skolen og tror jeg skal ta meg en liten jesus powernap!
Haha, neida..men jeg vet ikke helt hva jeg skal tro! Her om dagen skjedde noe helt sykt, det kom noen ungdommer fra en bibelskole på kom.inn og de skulle "Lese" meg gjennom gud... Og de sa ting som f*en meg ikke går ann å google om meg! De sa masse som stemte med livet mitt for tiden, og da var det sånne helt spessielle ting!   Jeg har f,eks ikke hatt det så lett i det siste og plutselig sier de akkurat de tankene jeg hadde...Det går ikke ann å forklare, men dagen etter bestemte jeg meg for å bli bedt for! Jeg var helt satt ut! De hadde liksom aldri møtt meg før..
Så hadde jeg da gått hele dagen med en smerte som ikke ville gå vekk, så sa jeg det til en som er ultra kristen der og hun spurte meg pent om hun skulle be for den...Så jeg sa ja, og hun tok tak i armen min...jeg kjente en rar varme og når jeg gikk ut av døren all "smerten" plutselig borte...!
Så jeg vet ikke hva jeg tror på? Det var så ekte og hun dama kan ikke bare se på trynet mitt og si sånne ting?? Men jeg tror jo mest på de andre teoriene om hvordan jorda ble skapt.. Men dette som skjedde gjorde at jeg fikk ett helt nytt syn på det! Og det beste var at det var 3 andre venner av meg til stede da..Og de fikk helt sjokk!

Slike vitnemål er så inspirerande å lesa, og det gjev oss eldre ein ny frimodighet til å gå  i gong og be for sjuke i større grad enn det me har vore vane med. 

Når me opplever at Gud er ein nærværande Gud som gjer under mellom oss, blir ikkje dei filosofiske spørsmåla om kvifor ikkje alle blir friske når me ber så interessante. Me veit at me er elska av Gud, at han bryr seg, at han kan lækja oss på ein blunk om han vil, og at når me blir friske, er det Gud som har gjort det anten det skjer slik eller slik. Me berre ærar han for full hals anten me er sjuke eller friske. For i han er me både tilgjevne og lækte, og framtida er vår. Ein dag skal me bli både syndfrie og totalt lækte og udøyelege. Det blir stas.

Lova vere du Jesus, vår frelsar og lækjar. Du er er nær hos oss i dag for å gleda oss med din kjærleik og hjelpa oss med din visdom og di kraft. Eg ber no for alle som lyttar til denne andakten som er plaga av sjukdom: Lat di gode lækjande kraft koma over dei og omslutta dei. Gje dei styrke og lækjedom for kropp og sjel. Men mest av alt: Fyll hjarta og munn med lovsang og glede uansett korleis livssituasjonen er.

onsdag 14. november 2012

Lov Herren, mi sjel!

Lov Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar.
Salme 103,1

Me har så lett for å gløyma alt det gode Gud gjer for oss.  Når det dukkar opp vanskar i liva våre, slår me hendene våre saman og tenkjer: å jøye meg, dette var ille, korleis skal det gå med meg no? Fortvilinga kjem ofte lett som berre det. Anten det er ein stygg diagnose som blir oss forkynt, eller ein ekkel rekning eller anna svineri som daskar ned på bordet framfor oss, i same augneblinken går ei lammande redsle gjennom oss som eit lyn: Dette klarar eg ikkje. Dette går ikkje bra. No er det slutt, og andre tullete tankar. Det er som om Gud aldri har eksistert, at me er heilt åleine i verda, som om den Gud som skapte himmel og jord, som delte Raudehavet og som reiste Jesus opp frå dei døde ikkje lenger er hos oss og bryr seg om oss.

I slike tider trur me lett på løgner, men ikkje på Gud. Men teksten i dag vil hjelpa oss slik at me ikkje kjem i denne situasjonen: Dersom me stadig lovar Herren, dag ut og dag inn, vil me hugsa alle velgjerningane hans, og me vil ikkje så lett fortvila når stormane kjem innover liva våre. Lovsangen byggjer oss opp og gjev oss stor toleevne, han minnar oss om Guds godleik, alt han har gjort i gamal tid, at han er den same i dag som i går, og han vil vera den same til evig tid. Når me lovsyng Gud med ord frå Bibelen, talar me ut dei viktige og berande sanningane i livet. Me syng om Guds godleik, hans makt, hans omsorg, hans nåde, hans vilje og evne til å hjelpa.

I vår tid attreiser Gud lovsongen for sitt folk. Det gjer han med tanke på det som ligg framfor oss, både den trengsla som skal koma over hans barn i den siste tida, og med tanke på at me skal vera godt trent i faget når me kjem heim for å nyta den himmelske herlegdomen. Lovsangarane glir berre inn i det som alt er der. Dei har alt himmelen i seg.

Herren tronar over Israels lovsongar, les me i Salme 22,4. Dei som lovprisar Israels Gud, bringer Guds kongerike med alle sine krefter nær til oss. Det trengst sårt i denne tida som er så prega av mangel på kunnskap om Gud og erfaring av hans makt.

Gud har bestemt seg for å reisa opp att lovsangstenesta i kyrkja si, og han gjer det på ein vidunderleg måte. Aldri har det vore laga som mange vakre og styrkande lovsongar som no, og interenett har gjort dei lett tilgjengelege for oss alle. Eg har ein enorm glede av dette i mitt eige liv. Eg vil berre prisa han for hans godleik. Hans miskunn varer til evig tid. Halleluja.

mandag 12. november 2012

Lovsangen, ein kristen sitt sanne uttrykk

Salme 117
Lovsyng Herren, alle folk,
          pris han, alle folkeslag!
       
   
 2 For hans miskunn er mektig over oss.
           Herrens truskap varer evig.
          Halleluja!


Eg vil gjerne ha det sagt frå starten av: Lovsangen er Guds barns sanne utrrykk. Den strøymer ut av eit hjarta som er reinsa av Jesus og levandegjort av Den heilage ande. David skriv i Salme 40 at Gud hadde  drege  han opp at ei djup gjørma, sett føtene hans på fast fjell og lagt i munnen hans ein ny song, ein lovsong for vår Gud. Lovsongen kjem altså frå Gud, og for den som har samfunn med Gud, er det ein naturleg og kjær ting å synga for han, takka og prisa han.

Fordi Bibelen er skriven av menneske som er blitt berørt av Gud og som er  inspirert av Gud, er han full av lovsong. I Salme 71,8 les me: "Min munn er full av lovsong, eg syng om din herlegdom dagen lang." 

Men lovsangen er ikkje først og fremst ein spontan sak som me gjer på gode dagar. Nei, det er ei teneste me skal stå i innfor Gud uansett korleis dagane ser ut. Det står i Efesarbrevet 1 at Jesus har frelst oss for at me skal vera til lov og pris for hans herlegdom. 

Me tenkjer så lett: Jesus har frelst oss for at me skal koma til himmelen når me døyr. Men det er ikkje den primære grunnen i følgje Bibelen: Poenget er dette: Jesus har frelst oss for at me skal leva for han, lovsynga han, løfta han opp for dei menneska me er saman med, spreia gode rykte om han. 

Det er mange gode grunner til å lovsynga Gud. I Salme 117 finn me to av dei: Herren er full av miskunn. Miskunn betyr at han blir rørt til tårer berre han tenkjer på oss. Hjarta hans er ømmare enn eit morshjarta, og det var denne djupe medkjensla som dreiv han til å ofra Jesus for oss. I dag skal me berre prisa han for dette. For hans følelsar for oss er nett lik i dag som den dagen han bestemte seg for å senda Sonen sin for å frelsa oss frå våre synder. Han er heilt overvelda av varme når han ser på deg. Forstår du det? Berre pris han for at det er slik. Guds miskunn er din livsskatt.

Det andre me skal lova han for er hans truskap. Miskunn og truskap heng saman. Men når Bibelen snakkar om Guds truskap, går det på at han held alle løftene sine til oss. Du kan stola på alt han har sagt. I Bibelen skal det vera 365 løfter, eitt for kvar dag i året, seier dei. Men sanninga er at alle løftene gjeld kvar dag, og fordi det er slik, skjer det under kvar dag for den som stolar på Gud, og me skal takka og prisa han før underet skjer, det er jobben vår, og når det har skjedd, tek lovsongen heilt av. Heile oss er med i lovsongen, viljen, fornuften og kjenslene. Det startar med viljen og fornuften, så kastar kjenslene seg på etter kvart. Amen.

onsdag 7. november 2012

Vakna opp! Jesus kjem snart.

Me les dagens tekst frå 1 Tess 5,1-11
1 Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken. 2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna. 4 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! 7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta. 8 Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. 9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv. 11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.

Herrens dag er eit uttrykk som er henta frå profetane i Det gamle testamentet. Både Jesaja i kap 13  og Amos i kap 5 skildrar Herrens dag som ein domsdag.  Den er ikkje lys, men mørk, ein dag då Gud skal ta eit oppgjer med fiendane sine, anten dei er innafor eller utanfor Israels grenser, om dei er innafor eller utanfor kyrkja sine vegger.

Jesus snakkar mykje om dommen. Krystallklårt fortel han oss at han ein dag, då folk minst ventar det, skal koma att til vår verd, vekka opp dei døde for å døma oss alle. Dei som har gjort godt skal gå inn til evig liv og glede, og dei som har gjort vondt til evig død og smerte. Ikkje mange snakkar om dette i våre dagar. Domen er vorten tabu også i Guds kyrkje. Men Jesus snakkar om det, og Paulus.

Herrens dag kjem altså uventa og upassande som ein tjuv om natta, i ei tid då dei fleste har avskrive Jesus og seier "Fred og ingen fare." Då kjem undergangen over dei. Det blir ein skrekkeleg dag for alle som har stått Jesus imot eller gjeve blaffen i han og ordet hans.

Men for oss som har teke imot Jesus, vil denne dagen vera ein lukkedag, ein dag då me helsar Jesus med gledesrop. Me har teke imot frelse, blitt tilgjevne, rettferdiggjort og reinsa og me er blitt døypt i hans kjærleik og late oss rettleida av hans ord. Det heftar ingenting ved oss lenger. Me har ingenting å vera redd for i møte med Jesus.

Men nokre kristne sovnar og blir likesæle med liva sine. Andre begynner å nyta rusmiddel. Det er farleg. Korleis merkar me om me søv? Vel, det er vel ikkje så lett, men når du begynnar å søkja avkopling og gledesstunder andre plassar enn hos Gud, når det ikkje er så kjekt lenger å lesa i Bibelen og be, når det ikkje er så viktig for deg lenger å sanna syndene dine, når det ikkje lenger er viktig for deg å prisa Gud saman med kristne søsken, når det ikkje er så viktig lenger for deg å fortelja andre  om Jesus, ja, då har du sovna, og du er blitt eit lett byte for djevelen. Neste steg er at du bevegar deg inn på den breie vegen som fører til undergang.

Men det er ikkje Guds plan for deg, naturlegvis. Hans plan er utelukkande at du skal vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus, han tenkjer her på det å koma heilskinna gjennom domen og inn i Guds himmel. Skal det lukkast for deg, må du væpna deg for den åndelege konflikten som du lever i. Du må vera edru, ikkje rusa deg, handsama alle menneske i henhold til Kristi kjærleik til deg og dei, og festa blikket på Jesus og det endelege målet som han leider deg mot. I ein nøtteskal: Lev med beina på jorda og hjarta i himmelen, der Kristus sit ved Fars høgre hand og ventar på deg.