onsdag 28. november 2012

Du må bestemma deg for å lovsynga Herren, Salme 145,1-2

 א Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge,
          og velsigna namnet ditt til evig tid.

 
   
 2 ב Eg vil velsigna deg kvar dag
          og lovsyngja namnet ditt til evig tid


Det første David seier her at han vil opphøgja Gud og æra han som konge. Det er noko han rett og slett berre bestemmer seg for. I vers 2 held han fram med å skriva: Eg vil velsigna deg KVAR DAG. Han kan sjølvsagt ikkje vita korleis dagane framover vil bli, lette eller vanskelege. Alle folk har alle slags dagar. Men det som Gud vil læra oss her er at når det gjeld korleis me skal omgåast den gode Gud, spelar det ingen rolle om du har det lett eller vanskeleg, om me er i godt eller dårleg humør. Å lovsynga Gud er ei teneste me har som kristne, og jobben må me gjera om me er glade eller triste, om det er motvind eller medvind. Lat oss ta eit enkelt døme. Posten har eit motto som lyder slik: "Posten skal fram!" Det spelar ingen rolle korleis postbodet har det med seg sjølv, han eller ho skal levera utan å ta omsyn til sitt eige humør. Slik er det me oss også. Å vera kristen er å tena Gud med lovsong og tilbeding, og me leverer kvar dag utan å ta omsyn til korleis me har det med oss sjølve. Det vedkjem eigentleg ikkje saka. 

Det er så lett å bli subjektiv i måten me utøver kristentrua på. Me gjer ting når me føler for det, anten det gjeld å tilbe Gud, lesa i Bibelen, be for folk, gjer rett og godt eller dela evangeliet med dei fortapte. 

Me må bort frå denne måten å leva på og bli meir pliktorienterte. Eg har høyrt mykje nedsetjande om det å vera pliktorientert. Det er blitt identifisert som ein ytre gudsdyrking, altså noko hyklerisk og verdilaust. Men det trur eg ingenting på. Snarare tvert om. Dersom me lærer oss gode vanar og klarar å gjennomføra det rette uansett om me føler for det eller ikkje, vil me etter kvart føla meir og meir for det. Det går ein veg frå ytre aktivitet til indre engasjement. Du får ikkje varme på ei kokeplate før du skrur henne på. Difor er eg glad for at David berre bestemte seg for å lova, takka og velsigna Herren kvar dag, og det har eg gjort også, og det fungerer. 

"Eg lovar og takkar deg, Gud, og eg velsignar ditt namn, min gode Skapar og kjærlege Far. Eg elskar deg, og eg elskar å bli elska av deg. Din godleik som strøymer mot meg gjennom Jesus Kristus, og ingenting kan skilja meg frå din kjærleik i Han. I han har du gjeve meg full forløysing for alle mine synder, barnekår hos deg og evig liv. Kvar dag vil eg lova deg. Frå eg står opp om morgonen til eg legg meg om kvelden, skal dine songar tona i sinnet mitt og vera på mine lipper."

Ingen kommentarer: