onsdag 14. november 2012

Lov Herren, mi sjel!

Lov Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar.
Salme 103,1

Me har så lett for å gløyma alt det gode Gud gjer for oss.  Når det dukkar opp vanskar i liva våre, slår me hendene våre saman og tenkjer: å jøye meg, dette var ille, korleis skal det gå med meg no? Fortvilinga kjem ofte lett som berre det. Anten det er ein stygg diagnose som blir oss forkynt, eller ein ekkel rekning eller anna svineri som daskar ned på bordet framfor oss, i same augneblinken går ei lammande redsle gjennom oss som eit lyn: Dette klarar eg ikkje. Dette går ikkje bra. No er det slutt, og andre tullete tankar. Det er som om Gud aldri har eksistert, at me er heilt åleine i verda, som om den Gud som skapte himmel og jord, som delte Raudehavet og som reiste Jesus opp frå dei døde ikkje lenger er hos oss og bryr seg om oss.

I slike tider trur me lett på løgner, men ikkje på Gud. Men teksten i dag vil hjelpa oss slik at me ikkje kjem i denne situasjonen: Dersom me stadig lovar Herren, dag ut og dag inn, vil me hugsa alle velgjerningane hans, og me vil ikkje så lett fortvila når stormane kjem innover liva våre. Lovsangen byggjer oss opp og gjev oss stor toleevne, han minnar oss om Guds godleik, alt han har gjort i gamal tid, at han er den same i dag som i går, og han vil vera den same til evig tid. Når me lovsyng Gud med ord frå Bibelen, talar me ut dei viktige og berande sanningane i livet. Me syng om Guds godleik, hans makt, hans omsorg, hans nåde, hans vilje og evne til å hjelpa.

I vår tid attreiser Gud lovsongen for sitt folk. Det gjer han med tanke på det som ligg framfor oss, både den trengsla som skal koma over hans barn i den siste tida, og med tanke på at me skal vera godt trent i faget når me kjem heim for å nyta den himmelske herlegdomen. Lovsangarane glir berre inn i det som alt er der. Dei har alt himmelen i seg.

Herren tronar over Israels lovsongar, les me i Salme 22,4. Dei som lovprisar Israels Gud, bringer Guds kongerike med alle sine krefter nær til oss. Det trengst sårt i denne tida som er så prega av mangel på kunnskap om Gud og erfaring av hans makt.

Gud har bestemt seg for å reisa opp att lovsangstenesta i kyrkja si, og han gjer det på ein vidunderleg måte. Aldri har det vore laga som mange vakre og styrkande lovsongar som no, og interenett har gjort dei lett tilgjengelege for oss alle. Eg har ein enorm glede av dette i mitt eige liv. Eg vil berre prisa han for hans godleik. Hans miskunn varer til evig tid. Halleluja.

Ingen kommentarer: