tirsdag 27. november 2012

Tilgjeving og lækjedom

I sist innlegg skreiv eg om Gud som ein Gud som tilgjev all vår skuld og lælkjer all vår sjukdom.
Det er eit herleg evangelium.

I dag vil eg at me skal sjå litt nærare på høve mellom tilgjeving og lækjedom.

For det første: Det går fint an å vera sjuk og tilgitt, og det går fint an å vera frisk og fortapt.

Tilgjeving og god helse er to separate velsigningar frå Guds hand.

Jesus demonstrerte dette tydeleg og klårt på den lamme mannen som vart firt ned frå taket og inn i huset der Jesus var. Det første han sa til den lamme mannen var: "Syndene dine er tilgjevne!" Det kan bety to ting: At mannen alt var frelst, og at Jesus berre stadfesta dette for han, eller at Jesus tilsa han tilgjeving der og då, slik som dei skriftlærde tolka det. Men uansett, i begge tilfella var mannen tilgjeven før han vart lækt, og han må ha vore tilgjeven og lam på same tid om det enn varte kort eller lenge. Dei eine kom ikkje som ei automatisk frukt av det andre. Det var to separate velsigningar.

Det seier seg jo sjølv at det må vera slik. Elles ville jo ikkje kristne ha døydd. Alle kristne er tilgjevne av Gud, og alle kristne døyr til slutt av ein eller annan sjukdom eller veikskap. Og det finst tusenvis av menneske som ikkje er frelst, men som lever gode og lange liv lite plaga av vanhelse. Dei er rikeleg velsigna av Gud, men forstår ikkje at Guds godleik driv dei til omvending og vil ikkje gje han ære for dei gåvene han gjev dei. Difor endar det med å dei sjølve må smaka evig vanære.

Jesus møtte ein gong 10 spedalske som ønskte at han skulle lækja dei, og han bad dei om å gå å syna seg for prestane. På vegen vart dei alle lækte. Èin av dei sprang då attende til Jesus for å takka han for gåva, og han var ein samaritan, altså ein ikkje-jøde, ein palestiner. Meisteren undra seg over dette, og han spurde samaritanen: "Vart ikkje alle lækte?" "Jo," svara han. "Men kor er då dei andre ni?" spurde Jesus, og så venda han seg til mannen og sa: "Trua di har frelst deg."

Samaritanen fekk del i Guds frelse fordi han gav Gud ære for lækjedomen. Slik vil alle få del i Guds tilgjeving dersom dei takkar og ærar Gud for alle goder han gjev anten det er lækjedom eller ei stabil god helse. Dei som gløymer å takka og æra Gud for dei fysiske og timelege godene, går også glipp av den største og viktigaste av alle goder som er Guds tilgjeving.

Den som vert lækt, får i beste fall eit forlenga liv.
Den som vert tilgjeven, får eit evig liv.


Ingen kommentarer: