onsdag 7. november 2012

Vakna opp! Jesus kjem snart.

Me les dagens tekst frå 1 Tess 5,1-11
1 Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken. 2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta. 3 Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna. 4 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv. 5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til. 6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue! 7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta. 8 Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm. 9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus. 10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv. 11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.

Herrens dag er eit uttrykk som er henta frå profetane i Det gamle testamentet. Både Jesaja i kap 13  og Amos i kap 5 skildrar Herrens dag som ein domsdag.  Den er ikkje lys, men mørk, ein dag då Gud skal ta eit oppgjer med fiendane sine, anten dei er innafor eller utanfor Israels grenser, om dei er innafor eller utanfor kyrkja sine vegger.

Jesus snakkar mykje om dommen. Krystallklårt fortel han oss at han ein dag, då folk minst ventar det, skal koma att til vår verd, vekka opp dei døde for å døma oss alle. Dei som har gjort godt skal gå inn til evig liv og glede, og dei som har gjort vondt til evig død og smerte. Ikkje mange snakkar om dette i våre dagar. Domen er vorten tabu også i Guds kyrkje. Men Jesus snakkar om det, og Paulus.

Herrens dag kjem altså uventa og upassande som ein tjuv om natta, i ei tid då dei fleste har avskrive Jesus og seier "Fred og ingen fare." Då kjem undergangen over dei. Det blir ein skrekkeleg dag for alle som har stått Jesus imot eller gjeve blaffen i han og ordet hans.

Men for oss som har teke imot Jesus, vil denne dagen vera ein lukkedag, ein dag då me helsar Jesus med gledesrop. Me har teke imot frelse, blitt tilgjevne, rettferdiggjort og reinsa og me er blitt døypt i hans kjærleik og late oss rettleida av hans ord. Det heftar ingenting ved oss lenger. Me har ingenting å vera redd for i møte med Jesus.

Men nokre kristne sovnar og blir likesæle med liva sine. Andre begynner å nyta rusmiddel. Det er farleg. Korleis merkar me om me søv? Vel, det er vel ikkje så lett, men når du begynnar å søkja avkopling og gledesstunder andre plassar enn hos Gud, når det ikkje er så kjekt lenger å lesa i Bibelen og be, når det ikkje er så viktig for deg lenger å sanna syndene dine, når det ikkje lenger er viktig for deg å prisa Gud saman med kristne søsken, når det ikkje er så viktig lenger for deg å fortelja andre  om Jesus, ja, då har du sovna, og du er blitt eit lett byte for djevelen. Neste steg er at du bevegar deg inn på den breie vegen som fører til undergang.

Men det er ikkje Guds plan for deg, naturlegvis. Hans plan er utelukkande at du skal vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus, han tenkjer her på det å koma heilskinna gjennom domen og inn i Guds himmel. Skal det lukkast for deg, må du væpna deg for den åndelege konflikten som du lever i. Du må vera edru, ikkje rusa deg, handsama alle menneske i henhold til Kristi kjærleik til deg og dei, og festa blikket på Jesus og det endelege målet som han leider deg mot. I ein nøtteskal: Lev med beina på jorda og hjarta i himmelen, der Kristus sit ved Fars høgre hand og ventar på deg.

Ingen kommentarer: