tirsdag 22. november 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 2

 "Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova gav høve til då den straffbare handlinga vart utførd."

Kva les me ut av dette? Jo, at det er ulovleg å vedta og innføra lover med tilbakeverkande kraft. Det er også ulovleg å ilegga større straff enn det som var strafferamme då eit brotsverk vart utført.

Desse to universelle bestemmingane set ein effektiv stoppar for ei kvar styresmakt sine tankar om å retta opp gamal "urett" med å innføra lover som kan føra til dom over handlingar som burde vore forbodne, men som ikkje var det på den tida dei vart gjorde.

Under rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen, vart dei nazistiske leiarane dømde sjølv om dei ikkje hadde brote på den tid gjeldande tysk lov. Dei vart dømde etter "naturretten", det som tribunalet såg på som ei allmenn moralsk lov som er å finna i eitkvart menneske. Denne står over nasjonale lover om det kjem til ein konflikt. Ein kvar tysk tenestemann burde forstått at det var ulovleg ut frå allmenne moralske prinsipp kollektivt å dømma 6 millionar jødar til døden fordi dei var jødar. Når dei likevel var med på denne galskapen, hadde dei gjort seg skuldige i brot på ei lov som på den tid ikkje var nedskriven, men som tribunalet definerte som gyldig, nemleg den nemnde naturretten.

Menneskerettsfråsegna, som me arbeider med her, vart vedteken i FN etter dette tragiske folkemordet, og må reknast som eit skriftleg uttrykk for naturretten. Fråsegna er no saman med fire andre liknande dokument, definert som norsk lov (Grunnlova §92). Dei fire andre er: Den europeiske menneskerettskonvensjon, Barnekonvensjonen, Kvinnekonvensjonen og FN-konvensjonen for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. I tillegg er FN sin konvensjon mot rasediskriminering teken inn som gjeldande norsk lov. 

torsdag 17. november 2022

Kyrkjelyd og kyrkjesamfunn

 Kyrkja er ikkje ein organisasjon, men ein organisme, Kristi kropp i verda. Denne kroppen blir synleg gjennom Kristustruande menneske som elskar kvarandre, ber saman, tener saman, deler Guds ord med kvarandre, dreg omsorg for kvarandre og feirar nattverd saman.

Kyrkjesamfunna er organisasjonar. Dei har sin berettiga plass så lenge dei støttar, byggjer opp under og inspirerer dei lokale kyrkjelydane. Men dersom kyrkjesamfunnet vil styra og bestemma over kyrkjelydane med hjelp av kyrkjemøter, synodar, generalsekretærar og biskopar, er dei av det vonde

tirsdag 15. november 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 1

 "Ein kvar som er anklaga for ei straffbar handling har rett til å bli sett  på som uskuldig til det er bevist ved offentleg domstolshandsaming, kor han har hatt alle dei garantiar som er naudsynt for hans forsvar, at han er skuldig etter loven".

Blir du tiltalt for noko, har du rett på ein kompetent forsvarar, og du er skuldlaus inntil det er lagt fram prov mot deg som ikkje kan tilbakevisast. 

Dette er ein høgaktuell artikkel i Noreg i vår tid då det dei siste åra er blitt avdekka grove justismord i alvorlege straffesaker. Mange er redd me berre ser toppen av eit isfjell. 

Det skal bli meir enn spennande nok å følgja utviklinga i Birgitte Tengs saka. Birgitte vart valdteken og drepen på ein bestialsk måte 6.mai 1995. No står ein 52 år gamal mann tiltalt for drapet, og kronbeviset er DNA frå mannen som er funne på Birgitte si strømpebukse. Spørsmålet blir om DNA-funnet er godt nok, og om han blir dømt, om me då om nokre år står med ei ny justismordsak. 

I alle fall bør norske domstolar etter mange alvorlege fadesar stille høge krav til prov i drapssaker. 

fredag 11. november 2022

Går det an å snakka om moralsk og umoralsk homoseksualitet?

 Pastor i Filadelfiakyrkan i Stockholm, Niklas Piensoho, har halde bibelstudium om homofili. Han konkluderer med at den homoseksuelle praksisen som Bibelen talar imot er den umoralske versjonen. Det er avisa Dagen som omtalar denne saka i  dag. Piensoho meiner at det  eksisterer ein annan homoseksualitet som Bibelen ikkje omtalar, ein moralsk rein versjon. Og denne må kyrkja opna for. Homofile som lever i trufaste parforhold må få vera både medlemmer og leiarar i kyrkja, meiner Piensoho. 

Problemet med dette er at me ikkje kan laga teologi ut av noko som Bibelen ikkje seier noko om, berre om det som han faktisk seier noko om. Og alle plassar der Bibelen omtalar homoseksualitet, er det med tommelen ned. Desse handlingane er ikkje akseptable i Herrens augo, og dei som lever slik, skal ikkje arva Guds rike. Så enkelt. Så utfordrande.