tirsdag 22. november 2022

Menneskerettsfråsegna artikkel 11 del 2

 "Ingen skal kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje dømast hardare enn det lova gav høve til då den straffbare handlinga vart utførd."

Kva les me ut av dette? Jo, at det er ulovleg å vedta og innføra lover med tilbakeverkande kraft. Det er også ulovleg å ilegga større straff enn det som var strafferamme då eit brotsverk vart utført.

Desse to universelle bestemmingane set ein effektiv stoppar for ei kvar styresmakt sine tankar om å retta opp gamal "urett" med å innføra lover som kan føra til dom over handlingar som burde vore forbodne, men som ikkje var det på den tida dei vart gjorde.

Under rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen, vart dei nazistiske leiarane dømde sjølv om dei ikkje hadde brote på den tid gjeldande tysk lov. Dei vart dømde etter "naturretten", det som tribunalet såg på som ei allmenn moralsk lov som er å finna i eitkvart menneske. Denne står over nasjonale lover om det kjem til ein konflikt. Ein kvar tysk tenestemann burde forstått at det var ulovleg ut frå allmenne moralske prinsipp kollektivt å dømma 6 millionar jødar til døden fordi dei var jødar. Når dei likevel var med på denne galskapen, hadde dei gjort seg skuldige i brot på ei lov som på den tid ikkje var nedskriven, men som tribunalet definerte som gyldig, nemleg den nemnde naturretten.

Menneskerettsfråsegna, som me arbeider med her, vart vedteken i FN etter dette tragiske folkemordet, og må reknast som eit skriftleg uttrykk for naturretten. Fråsegna er no saman med fire andre liknande dokument, definert som norsk lov (Grunnlova §92). Dei fire andre er: Den europeiske menneskerettskonvensjon, Barnekonvensjonen, Kvinnekonvensjonen og FN-konvensjonen for økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. I tillegg er FN sin konvensjon mot rasediskriminering teken inn som gjeldande norsk lov. 

Ingen kommentarer: