mandag 24. februar 2014

. Grunntankar i Romarbrevet Leksjon XIV. Kapittel 7,7-24



Guds lov har sine begrensningar: Ho kan ikkje gjera deg og meg til gode menneske. Me kan sjølvsagt tilpassa oss lova sine krav i det ytre, men ikkje i hjarta. Det er heilt ustyrleg.  Tankar, haldningar og lyster kan ikkje lova gjera noko med. Ho seier til dømes: Du skal ikkje drepa. ”Det er lett,” tenkjer du. ”Eg kjem heilt sikkert ikkje til å drepa nokon.” Men har du dermed oppfylt bodet og halde lova? Nei, slett ikkje. For det kan vel tenkjast at du har våre så sinna på nokon at du gjerne kunne ha tenkt deg at dei var døde, og det er brot på det 6. bodet. Ja, når du hatar nokon, bryt du dette bodet så det syng etter, også når du skjeller nokon ut etter notar, eller i det minste når du kunne ha god lyst til å gjera det. 

Det same gjeld alle dei andre boda også. Du har halde dei først når du har halde dei med glede og ut frå kjærleik til Gud og menneske. Guds lover rettar seg altså mot vårt indre menneske, og når me forstår det, forstår me også at me er langt frå det me skulle ha vore, at me har skammelege innstillingar og lyster som rasar i kroppane våre og gjer oss skuldige til evig fortaping og dom. I lyset frå Guds lov vert syndene våre syndige. Først når eit menneske begynner å angrar på syndene sine og sluttar å skulda på alle andre for alt mogeleg, kan han bli frelst. Før den tid er nemleg Jesus, frelsaren, heilt irrelevant. 

Lova er som ein spegel. Den kan ikkje gjera oss kristne, men hjelpa oss å sjå oss sjølve på ein sann måte. Når meg gjer det, får me bruk for nåde og tilgjeving, og denne nåden og tilgjevinga er berre å finna hos Jesus Kristus. Han er det som kan fri oss frå syndene våre, og det gjer han ved å tilgje oss når me innrømmer korleis det står til og ber han om frelse. Då frikjenner han oss, og ikkje berre det, han kjem til oss og forvandlar oss på innsida og fyller oss med Guds kjærleik slik at alt blir nytt for oss, og me begynner å elska det me før hata eller ikkje brydde oss om i det heile. Motsetningen til kjærleik er nemleg ikkje hat, men likesæle, for å sitera den jødiske fredsprisvinnaren Elie Wiesel. 

Jesus er også den som til slutt totalt skal fri oss frå dødens lekam, og gje oss ein ny fullstendig utan synd og vondskap. Det er ein godt og fint håp å ha. Den dagen er ikkje langt unna.