søndag 30. juli 2023

I dag handlar Olsok om rekristninga av Noreg.

I går feira me olsok til minne om at Olav den heilage døydde på Stiklestad. Det er ikkje så mange nordmenn som bryr seg om å feira olsok lenger, men nokre av oss heiste flagget. Olav Haraldson skal visstnok ikkje ha levd med så høge moralske krav til seg sjølv under sitt jordiske kongeliv, men då det skjedde mirakler (jærteikn) rundt liket hans, vart han fort helgenforklart. Men det skal Olav ha: I 1024 innførte han kristne landslover i Noreg (som skal feirast etter alle kunstens reglar på Moster til neste år, og eg gler meg), utrydda avgudsdyrkinga og kravde av undersåttane sine at dei skulle be til "den kvite Krist", altså Jesus fra Nasaret. Dette skapte eit stort skilje i historia. Kyrkjer skulle byggjast, prestar innsetjast, folket få kunnskap om den Gud som skapte himmel og jord, polygamiet vart avskaffa, slavar kunne få fridom, søndagen vart ein kviledag for alle og det vart forbode å setja funksjonshemma barn ut til villdyra. Kristninga av Noreg var for alvor i gang.

Men det hadde jo vore i gong ei stund. Munkar frå England hadde stranda på vestlandskysten, og hamra ut og sett opp steinkrossar i mange bygder, m.a. på Haugalandet.


 

Håken den gode hadde sikkert hatt med seg nokre av dei, og sjølv om han følte at han mislukkast med kristninga si, sette han djupe spor etter seg.  



Olavs død på Stiklestad såg ut som eit nederlag, men Gud snudde det til siger for landet. Olav vart Noregs evige konge under Kristus.

I dagens samfunn er dette imidlertid kun ein kuriositet. Kristus har i røynda mista autoritet over det norske folk, både over kvarmannsen, Stortinget, regjeringa, domstolane, pressa, helsevesenet og utdanningssystemet. Kva han måtte meina om saker og ting er i\uinteressant for dei fleste, og Bibelen med all sin storarta visdom blir i liten grad lesen. No er det framande "gudar", ideologiar og normer som rår grunnen.

Noreg er blitt verdas mest sekulariserte land, blir det sagt, der kun 10% trur at Jesus har stått opp frå dei døde og lever i dag.

Me kan trygt seia at Noreg er blitt eit misjonsland i den forstand at nordmenn flest ikkje har den kunnskapen om Gud som er naudsynt for at dei kan bli frelst.

Difor må no kvar norsk kyrkjelyd framover sjå på seg sjølv som ei misjonsrørsle. Det handlar om å kjenna Kristus og å gjera han kjent, som Ungdom i Oppdrag uttrykkjer det i sitt motto.

I dag handlar olsok ikkje om kristninga av Noreg slik den hende for tusen år sidan, men om rekristninga av landet vårt. Det er den utfordringa som møter oss kristne i dag, og denne kristninga skjer ved å disippelgjera kvar enkelt nordmann. Her må me innstilla oss på å gå grundig til verks. 

søndag 16. juli 2023

Ny meiningslaus setning frå priderørsla blir hylla som klokskap på øvste nivå

 Talsmenn for priderørsla seier gjerne at "ingen er fri før alle er fri". Det er ein ganske merkeleg setning. Kan han vera sann? Nei, sjølvsagt er han ikkje det. Norske fengsel må jo ikkje tømmast før nordmenn flest skal kunna føla seg som frie menneske. Det er i grunn rart at slike meiningslause setningar kan presenterast som ein slags form for nyvunnen innsikt. Kva tyder forresten fridom i pridesamanheng? Truleg at alle skal føla seg fri til å leva etter lystene sine utan å støyta mot moralske grenser. Men det er ikkje fridom. Tvert om. Dei som lever etter sine lyster, vert slavar under lystene sine, seier Bibelen, lyster som driv dei inn i ein egosentrisk livsstil som er destruktiv både for dei sjølve og for andre som dei involverer i livsstilen sin. Den sanne fridomen får me når me overgjev liva våre til Jesus Kristus, og innordnar oss etter hans lover og bod. Jesus frelser oss frå oss sjølv, og det treng me.

søndag 2. juli 2023

Oslo Pride

 I går gjekk tusenvis av utspjåka menneske i pridetog i gatene i Oslo. Dei feira og var glade. Kva feira dei? Kjærleik og mangfald. Det sa alle, inkludert statsminister Jonas Gahr Støre og høgreleiar Erna Solberg. Men me må vel i sanningas namn presisera at dei i røynda feira den skeive kjærleiken, og når det kjem til mangfald, handlar det om seksualitets- og kjønnsmangfald. "Alle må få elska dei dei vil, og alle må vera dei dei er," høyrde me gjenteke sagt mange gongar. 

Kva handlar dette eigentleg om? Sex utan normer, grenser og plikter, om flytande kjønn, om kjønn som sosial konstruksjon, om divergens mellom biologisk kjønn og kjønnsidentitet, om retten til å leva polyamorøst, om sadomasochisme, om retten til sal og kjøp av sex, om pornografi, om dragshow for barn, om surrogati og menneskehandel, om pubertetsblokkarar gjevne til friske ungdomar, og irreversibel kirurgisk "kjønnsbekreftande" behandling som mange angrar, om lovforbod mot å hjelpa folk til å fungera i samsvar med sitt biologiske kjønn, om kvinner som kallar seg menn og som krev at eg og alle andre også skal kalla dei menn, om menn som skal ha rett til å  kalla seg kvinner utan at nokon har lov å problematisera det, om biologiske menn som krev å få delta i kvinneidrett og krev å få dusja saman med kvinner, og frå min kristne posisjon: strengt tatt om ein kamp mot Gud og hans bod. Dette var det norske toppolitikarar promoterte i går, og som dei promoterer kvar einaste dag ved å finansiera dei skeive organisasjonane med millionvis av kroner. Dette løftar dei fram som noko storarta, sjølv om dei har vedteke lovforbod mot kjøp av sex, surrogati og polygami. Korleis kan dei då smilande hylla dette? Er det eit spel for galleriet?  

Ja, og det heiter valkamp og stemmefiske. Det var meir enn tydeleg, i alle fall frå Høgre si side. Erna Solberg har lenge sett på denne moderne formen for kjærleik som ei politisk vinnarsak, og brukar honnørorda om kjærleik og mangfald så ofte ho kan, samstundes som ho kamuflerer at det er ting her som ho er sterkt imot. I staden gjev ho inntrykk av at alt handlar om kjærleik og mangfald. Det er skuffande.