søndag 30. september 2018

Barnekår

Jesus er Guds Son.
Alle som tek imot han i hjarto sine blir dermed Guds søner.
Vårt barnekår som kristne er altså eigentleg JESU sonekår.
Ved trua på han, ved å lukka han inn i liva våre, blir me som Han for Gud.
Vårt slavekår under synda druknar rett og slett i Jesu barnekår under Gud.
"Men alle dei som tok imot han (Jesus), dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans." Johannes 1,12.

Og så les me i Galatarbrevet 4,6: "Og sidan de er born(søner), har Gud sendt sin Sons Ande i hjarto våre som ropar "Abba, Far.""

Her er rekkjefølgja viktig. Me blir ikkje Guds barn når me får Anden, men me får Anden fordi me er blitt Guds barn ved trua på Jesus, og Anden syner oss at Gud er pappa, at han elskar oss og aksepterar oss, at han smiler til oss og ikkje har noko å utsetja på oss. Me er ikkje lenger redd Gud, me elskar han fordi me kjenner oss så trygge på hans kjærleik og tilgjeving, og i tillegg  auser han sin kjærleik ut i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss (Romarbrevet 5,5).

Ønskjer alle ein god søndag!

lørdag 29. september 2018

Vitenskap eller vitenskapisme


"Eg trur ikkje på Gud, men på vitenskapen!" Har du høyrt den? Eg har høyrt han mange gongar. Mitt svar er: "Eg trur på Gud og vitenskapen!" Det er jo Gud som står bak vitenskapen, så difor er det lett å tru på den. Han som skapte himmel og jord, skapte også alle naturlovene og dei avanserte prosessane som vitenskapen prøver å kartleggja og forstå. Utan Gud, ingen vitenskap. Utan Gud, ingenting i det heile tatt, faktisk.

"Dei som trur på vitenskapen utan å tru på Gud, trur ikkje på vitenskapen, men på vitenskapismen." Dette er bodskapen i den siste boka ("Vitenskapisme og sekularisme") til den kristne tenkjaren J.P Moreland. Vitenskapismen er ein filosofi som har ateismen som føresetnad, meiner han.  "Det er ei vedkjenning til vitenskapen, men ikkje ei vitenskapleg vedkjenning".

Vitenskapismen fastslår at det eksisterer ingenting utover det som kan testast ved streng naturvitskapleg metode. Alt som kjem inn under teologi, etikk, politikk eller estetikk er berre uttrykk for kjensler og private meiningar.

Den strenge vitenskapismen  er sjølvirettesetjande, påviser Moreland. Når det blir sagt at "det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast ved streng natuvitskapleg metode", så er jo det ein påstand som ikkje kan testast vitskapleg, og difor ugyldig ut frå eigne føresetnader. Tanken er enkel: Du kan ikkje bevisa at det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast gjennom streng naturvitskapleg metode.

For å ta eit enkelt bilete: Du kan gjerne formulera følgjande setning: "Alle setningar på norsk inneheld tre ord". Men sidan denne setninga inneheld sju ord, motbeviser han seg sjølv.

All vitenskap byggjer på logikken og matematikken sine lover. Dette er grunnlover som ikkje kan bevisast, såkalla aksiom, som alt anna blir bevist ut frå. Eit klassisk døme på eit aksiom er "kausalitetsprinsippet" som seier at "alle endringar skjer i følgje lova om årsak og verknad". Den påstanden kan ikkje bevisast, men blir sett på som sjølvinnlysande.

Når vitenskapismen krev bevis for at noko skal kunna seiast å eksistera, underkjenner han vitenskapet sitt fundament, aksioma. Vitenskapismen er blitt ein fiende av vitenskapen.

I mange samanhengar jobbar teologien og etikken med langt viktigare saker enn naturvitskapen.
Moreland spør: Kva kan me vera mest sikre på av desse to påstandane:

1) Elektronar eksisterer
2) Det er galt å torturera babyar for moro skuld

Vel. Lenge var elektronane sin eksistens udiskutabel. Slik er det ikkje lenger. MEN ALLE ER SIKRE PÅ AT DET ER GALT Å TORTURERA BABYAR FOR MORO SKULD.

Den etiske kunnskapen syner seg altså å stå fastare enn den naturvitskaplege sjølv om han strengt tatt ikkje kan bevisast. Han er sjølvinnlysande.

Alle veit at godhet eksisterer. Den treng ikkje bevisast. Vondskap likeeins. Alle veit kva det er, og ofte kor det er.

At Gud eksisterer treng ikkje bevisast. Det er rett og slett sjølvinnlysande. Gud er sjølve opphavet, opphavet til kunnskapen, moralen, rettsbevisstheten, universet, livet, tanken, sjela, samvitet, naturlovene, morallovene, rasjonaliteten og estetikken.

Vel, dette er ein del av Moreland sitt tankeunivers. Han har ei nettside: http://www.jpmoreland.com
og boka har du her. Den kan kjøpast som e-bok på www.kindle.com, eller gjennom www.crossway.org. Føreligg berre på engelsk.

Scientism and Secularism



torsdag 27. september 2018

Sann kristendom V. Kyrkjelyden, Guds familie.

På pinsedag vart 3000 menneske døypte og lagde til, les me, underforstått:  lagde til kyrkjelyden.
Der Anden verkar, der veks det fram kyrkjelydar, grupper av mennesker som elskar kvarandre og som står tett saman for å bringa evangeliet ut til menneske, nært eller fjernt.
Alle som har Anden ønskjer å tilhøyra eit slikt fellesskap. Kjenneteiknet på ekte kristne er at dei elskar sine medtruande søsken, skriv Johannes i sitt første brev.

Kyrkjelyden vart ikkje grunnlagt på pinsedag, men kraftig utvida og internasjonalisert.
Før pinsedag var han å finna mellom "dei stille i landet" (inkludert Jesu disiplar), og han var heilt gjennom jødisk. På pinsedag, og i tida etterpå, endra dette seg radikalt. Språkunderet indikerte at Guds rike er for alle verdas folkeslag, noko som vart stadfesta i Apostelgjerningane kap 8 då Anden var gjeven til samaritanane, og i kap 10 til Kornelius og hans hus, som alle var romarar. Smått om senn vart kristendomen sitt tyngdepunkt flytta frå Jerusalem til Antiokia, og frå denne byen vart han spreidd til alle land i den nordlege Middelhavsregionen, i og med at Paulus var sendt ut av kyrkjelyden der.

Det som særpregar Paulus si misjonsgjerning er at med ein gong nokre kom til tru, samla han dei i kyrkjelydar og utnemnde leiarar for kyrkja, pastorar og diakonar. Dei første skulle ha ansvar for undervisninga, dei andre for praktisk omsorg.

Gud organiserer barna sine i kyrkjelydar, og berre slik. Jesus seier sjølv at det han held på med er å byggja kyrkjelyden sin.

Me er èin familie, og det er viktig at me også oppfører oss som det.




onsdag 26. september 2018

Sann kristendom del IV. Pinsekristendom

Den Heilage Ande er Gud, og det som hende pinsedagen (Apostelgjerningane 2) må me sjå på som ei unik historisk hending: Det var himmelens respons på Jesu fullførte frelsesverk for alle verdas menneske. Difor vart Anden gjeven til kyrkja denne dagen, og blir no vidareformidla frå kyrkja til alle som vender om frå syndene sine og let seg døypa i (til) Jesu namn.

Jesus kalla Anden "den andre talsmann" (han var sjølv den første),  og sa: "Han kjem til dykk for å bli verande hos dykk!"
Dette er godt å tenkja på. Anden er ikkje ein gud som kjem og går, han er komen til kyrkja for å BLI!

Det som Jesus var for disiplane under sitt jordeliv, er Anden for Jesu disiplar over heile verda i dag.
Han bur i oss og er alltid mellom oss når me samlast i Jesu namn.

Men så er det viktig at me gjev han ROM. At me ikkje alltid skal vera så raske, men at me tek oss tid i bøn, lovprisning, samtale og undervisning. At me lyttar til kva Anden seier, og at me lyder han. Då betrur han oss sine gåver og si kraft, og Jesu personlegdom kjem til uttrykk gjennom liva våre. Slik, og berre slik, kan Guds rike gå fram på jorda.

Langfredag vart grunnlaget for Guds frelse lagt for alle verdas menneske, og den første pinsedagen vart Anden gjeven til den kristne kyrkje forat både Han og evangeliet skulle kunna gjerast kjent for alle verdas menneske. Ting heng saman her. Kjære kristne ven: Der du bevegar seg, der bevegar Den Heilage Ande seg. Han er i deg og med deg for at Jesus skal bli synleg gjennom deg.

Det at Anden er hos oss alltid, gjer formaninga i Efesarbrevet 5,18 meiningsfull. "Bli fylte av Anden," skriv Paulus, for me kan jo berre fylla oss med noko me har tilgang til.

Langfredag treng ikkje repeterast, ei heller pinsedag. Frelsen og pinsen har vore hos oss sidan år 33 e.Kr. Når me løftar opp Jesus, kjem Anden til oss og fyller oss slik at me elskar Herren enno meir, og lovsongen aukar i styrke og inderlighet. Kva er sann kristendom? Det er og blir å elska Jesus, han som døydde for oss og fridde oss frå våre synder med sitt blod.


mandag 24. september 2018

Sann kristendom III. Tilgjeving og reinsing

Guds tilgjeving er absolutt, og gjeld uinnskrenka for alle som trur på Jesus.
Har du Jesus, har du fullkomen tilgjeving.  Her er det ikkje grader.

Tilgjevinga frå Gud gjer oss tekkelege for Gud.

Men me skal ikkje berre framstå på ein god måte for Gud, men må ta oss ut for våre medmenneske også. Difor reinsar Gud oss. Han reinsar tankane våre, språket vårt, motiva våre, haldningane våre osv. Bibelen kallar det helging.

Til dette brukar Gud ordet sitt.Jesus sa. "Kvar grein på meg som ber frukt, den reinsar han (Far), forat ho skal ber meir frukt. Det er alt reine pga det ordet eg har talt til dykk," Joh.15.

I Guds ord møter me Guds standard, og Den heilage ande vekker i oss ein djup kjærleik til Guds lover. Me vil så gjerne likna Jesus, han som me elskar over alt, og når me presterer under standarden, sørger me over oss sjølve, sannar syndene våre, takkar for Guds frelse, jublar innfor han og får kraftig påfyll av heilag kraft og inspirasjon.

Dette er Anden sitt verk. Han som tok bustad i oss då me tok imot Guds nåde, og som gav oss nytt liv. Guds ord er hans sverd, les me i Efesarbrevet 6, eit mektig våpen i krigen mot det vonde i oss, og eit våpen han lærer oss å bruka inn i andre folks liv.


Sann kristendom II. Omvending

I del 1 såg me på det faktum at det er dei som kjenner Gud som har evig liv.  Å vera kristen er å ha eit rett høve til Gud, og ikkje noko anna. Korleis får eit menneske eit rett høve til Gud? Ved å venda om til han. Kva er det å venda om? Det er å sanna syndene sine, venda seg bort frå dei og overgje seg til Gud utan vilkår. Det liknar på ein kapitulasjon.

Det er stor nåde at Gud kallar oss til omvending. Hadde ikkje Jesus døydd for oss, kunne ingen venda om til Gud. Døra hadde vore stengt for oss uansett kor mykje me hadde angra. Men no er døra inn til Gud open. Jesus har opna ho, og alle som vil kan gå til Gud og overgje seg og bli motteken i kjærleik,. Dette er sterkt skilda av Jesus i likninga om den bortkomne sonen i Lukas 15,11 ff. Me kan neppe overvurdera betydninga av Jesu kross. Der fjerna han syndene våre, og dei kan ikkje lenger hindra oss i å bli Guds kongsbarn, om me berre vil.

Ingenting er så stort for meg som dette. Difor er ikkje omvending eit lovkrav, det er Guds nåde frå a til å.

Men dermed er det også slik at dei som ikkje vil nytta seg av omvendinga sin mulegheit, blir ståande utanfor Guds nåde og under Guds vreide.

søndag 23. september 2018

Tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud

I 2. Korintarbrev 10,4 skriv Paulus

"For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar  5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".  

Kva er våre våpen? Guds ord og Guds Ande.

Kva er ein tankebygning? Det kan vera ulike religionar, eit ubibelsk teologisk grunnsyn, eit filosofisk system, ein politisk ideologi eller eit livssyn.

Dei store tankebygningane i vår tid er liberalismen, livssynshumanismen, kommunismen, ateismen, islam og ulike nyreligiøse retningar prega av buddhisme og hinduisme. Alle desse ideologiane har avsett Bibelens Gud som autoritet, og dei meiner seg å vera kristendomen overlegne.

Som truande kristne må me kjenna litt til alt dette for å kunna avsløra løgnene i det. Men mest av alt må me kjenna Guds ord slik at me alltid kan gje kraftfulle svar når me blir stilt til ansvar for trua vår, og slik at me kan vera effektive når me går laus på ideologiane som fangar folk og fører dei bort frå Gud.

Ingen tankebygning kan stå seg mot Gud og hans ord. Men kampen mot løgna er vår, og me må våga å gå inn i den. Då vil han vera med og gje oss all den visdom og kunnskap me treng for å avsløra
løgnene som folk byggjer liva sine på.

fredag 21. september 2018

Den mangfaldige kjærleiken

Å seia at "kjærleik er kjærleik" er i beste fall lite nyansert. For det er mange typar kjærleik mellom menneske.

Først er det nestekjærleiken. Den handlar om å setja andre si lukke framfor si eiga. Nestekjærleiken er heva over om ein kjenner sympati med eit menneske eller ikkje. Nestekjærleiken er ei plikt pålagt oss av Gud, og skal retta seg mot vener som uvener, kjende som ukjende. I Bibelen er han illustrert gjennom forteljinga om den barmhjertige samaritan. Den kristne søskenkjærleiken er også ein variant av nestekjærleiken, men ikkje så omfattande. Det er ikkje noko erotisk knytta opp til nestekjærleiken. Det handlar om å yta alt ein kan for andre utan å få noko attende. Denne kjærleiken er rein på alle vis i den forstand at han er heilt utan egoistiske motiv. Berre dei beste mellom oss lever liv som er gjennomgåande styrt av sjølvoppofrande nestekjærleik. Det er denne kjærleiken Bibelen prisar så høgt, og som dreiv Jesus Kristus til å ofra livet sitt for verdas synd, ei handling som har skaffa fram full goddommeleg tilgjeving for alle menneske. Guds frelse er ei gåve som me alle, uansett fortid, tillitsfullt kan ta imot med takk.

Så er det foreldrekjærleiken. Her rører me ved dei sterkaste kjenslene mellom oss menneske. Ingen treng å velga å elska barna sine. Denne kjærleiken er naturleg, og foreldre som elskar barna sine, vil bli elska tilbake, og ikkje så lite beundra og oppvurdert, fortent eller ikkje.

Den tredje formen for kjærleik er venskapen. Venskap byggjer på sympati og "god kjemi". Dette er ein kjærleik som er gjensidig og begge partar har glede og nytte av den, men han er ikkje erotisk denne heller. Det vener deler med kvarandre ligg på eit heilt anna nivå.

Den fjerde formen for kjærleik er den erotiske. Her handlar det om forelsking og lidenskap mellom kvinne og mann. Dette er ein kjærleik som skal føra fram til ekteskap, barn og familie. Det er heile poenget frå Guds side. Kvinna er laga for mannen, og mannen for kvinna, og Gud velsigna dei og sa: "Bli mange og legg jorda under dykk!"

Dersom me følgjer Guds lover og ordningar for samliv, legg me grunnlaget for eit lukkeleg liv både for oss sjølve og andre.

Sann kristendom I

Å vera kristen og å vera Guds barn er ikkje alltid det same. Mange har ein kristen identitet utan å kjenna Gud, for det evige livet definerer Jesus som å kjenna Gud og han som Gud har sendt, og då syner han til seg sjølv (Johannes 17,1-3). Å kjenna Gud og å kjenna Jesus kjem ut på eitt, for Jesus er Gud.

Ingen får evig liv ved å anerkjenna eit sett med dogmer, gjera visse ting eller unngå å gjera andre ting. Det handlar om å ha personleg nært høve til Gud.

Det greske ordet for å kjenna er "ginosko". Dette ordet indikerer å kjenna godt, og å ha ein svært nær relasjon, slik som relasjonen er mellom foreldre og barn, eller mellom ektefeller. 

Korleis bli kjent med Gud på ein slik måte? Det skjer ved å overgje seg til Gud med hud og hår, eller ånd sjel og kropp, som det heiter i Bibelen, og når me involverer Gud i alle ting i livet.

Når me betrur oss til Gud, innrømmer alle syndene våre for han og ber om hans nåde, då opnar han opp hjarta sitt for oss og betrur oss sin djupe kjærleik og sin gode Ande.

Då blir me kristne i eigentleg forstand.

søndag 16. september 2018

Guds trøyst

"Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler," les me i Apg 14.
Kvifor er det slik? Fordi me har ein mektig motstandar som kjempar mot oss når me reiser oss for Gud og hans sak. Han gjer alt han kan for å stoppa oss og lamma oss, og det gjer vondt.

Men Gud er suveren. Han brukar djevelens gjerningar til å fremja sine planar: For når me blir herja med, får me erfara Guds trøyst slik at me blir i stand til å trøysta andre når dei kjem i trøbbel, og slik blir fellesskapet i Guds kyrkje styrkt. 2.Korintarbrev 1. 3-5. Og når fellesskapet blir styrkt, blir kyrkja sterkare, og djevelen oppnår det motsette av det han hadde tenkt.

Og så ein annan positiv ting med dette: Gjennom trengslene lærer Gud oss å stola på han åleine (vers 9). Me har så mange krykker å støtta oss til. Når Gud fjernar dei, erfarer me at me faktisk lett klarer å gå utan krykker, og me blir mykje meir mobile. Interessant.

Kristne over heile verda opplever trengsler. Nokre fordi dei modig forkynner Guds ord, andre rett og slett fordi dei berre elskar Jesus og ikkje vil tilbe andre enn han.

"Be for oss," skriv Paulus i 2.Kor 1,11. I Asia hadde dei fått så mykje juling at dei trudde dei skulle døy av medfarten. Tusenvis av Guds barn er i same situasjon i dag, og Gud vil at me skal be for dei.

Når me ber, gjev me Gud handlingsrom, og når han får koma til med si hjelp, skjer det under, og me blir alle så takksame og glade, og Gud går fram.