lørdag 29. september 2018

Vitenskap eller vitenskapisme


"Eg trur ikkje på Gud, men på vitenskapen!" Har du høyrt den? Eg har høyrt han mange gongar. Mitt svar er: "Eg trur på Gud og vitenskapen!" Det er jo Gud som står bak vitenskapen, så difor er det lett å tru på den. Han som skapte himmel og jord, skapte også alle naturlovene og dei avanserte prosessane som vitenskapen prøver å kartleggja og forstå. Utan Gud, ingen vitenskap. Utan Gud, ingenting i det heile tatt, faktisk.

"Dei som trur på vitenskapen utan å tru på Gud, trur ikkje på vitenskapen, men på vitenskapismen." Dette er bodskapen i den siste boka ("Vitenskapisme og sekularisme") til den kristne tenkjaren J.P Moreland. Vitenskapismen er ein filosofi som har ateismen som føresetnad, meiner han.  "Det er ei vedkjenning til vitenskapen, men ikkje ei vitenskapleg vedkjenning".

Vitenskapismen fastslår at det eksisterer ingenting utover det som kan testast ved streng naturvitskapleg metode. Alt som kjem inn under teologi, etikk, politikk eller estetikk er berre uttrykk for kjensler og private meiningar.

Den strenge vitenskapismen  er sjølvirettesetjande, påviser Moreland. Når det blir sagt at "det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast ved streng natuvitskapleg metode", så er jo det ein påstand som ikkje kan testast vitskapleg, og difor ugyldig ut frå eigne føresetnader. Tanken er enkel: Du kan ikkje bevisa at det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast gjennom streng naturvitskapleg metode.

For å ta eit enkelt bilete: Du kan gjerne formulera følgjande setning: "Alle setningar på norsk inneheld tre ord". Men sidan denne setninga inneheld sju ord, motbeviser han seg sjølv.

All vitenskap byggjer på logikken og matematikken sine lover. Dette er grunnlover som ikkje kan bevisast, såkalla aksiom, som alt anna blir bevist ut frå. Eit klassisk døme på eit aksiom er "kausalitetsprinsippet" som seier at "alle endringar skjer i følgje lova om årsak og verknad". Den påstanden kan ikkje bevisast, men blir sett på som sjølvinnlysande.

Når vitenskapismen krev bevis for at noko skal kunna seiast å eksistera, underkjenner han vitenskapet sitt fundament, aksioma. Vitenskapismen er blitt ein fiende av vitenskapen.

I mange samanhengar jobbar teologien og etikken med langt viktigare saker enn naturvitskapen.
Moreland spør: Kva kan me vera mest sikre på av desse to påstandane:

1) Elektronar eksisterer
2) Det er galt å torturera babyar for moro skuld

Vel. Lenge var elektronane sin eksistens udiskutabel. Slik er det ikkje lenger. MEN ALLE ER SIKRE PÅ AT DET ER GALT Å TORTURERA BABYAR FOR MORO SKULD.

Den etiske kunnskapen syner seg altså å stå fastare enn den naturvitskaplege sjølv om han strengt tatt ikkje kan bevisast. Han er sjølvinnlysande.

Alle veit at godhet eksisterer. Den treng ikkje bevisast. Vondskap likeeins. Alle veit kva det er, og ofte kor det er.

At Gud eksisterer treng ikkje bevisast. Det er rett og slett sjølvinnlysande. Gud er sjølve opphavet, opphavet til kunnskapen, moralen, rettsbevisstheten, universet, livet, tanken, sjela, samvitet, naturlovene, morallovene, rasjonaliteten og estetikken.

Vel, dette er ein del av Moreland sitt tankeunivers. Han har ei nettside: http://www.jpmoreland.com
og boka har du her. Den kan kjøpast som e-bok på www.kindle.com, eller gjennom www.crossway.org. Føreligg berre på engelsk.

Scientism and Secularism



Ingen kommentarer: