fredag 21. september 2018

Den mangfaldige kjærleiken

Å seia at "kjærleik er kjærleik" er i beste fall lite nyansert. For det er mange typar kjærleik mellom menneske.

Først er det nestekjærleiken. Den handlar om å setja andre si lukke framfor si eiga. Nestekjærleiken er heva over om ein kjenner sympati med eit menneske eller ikkje. Nestekjærleiken er ei plikt pålagt oss av Gud, og skal retta seg mot vener som uvener, kjende som ukjende. I Bibelen er han illustrert gjennom forteljinga om den barmhjertige samaritan. Den kristne søskenkjærleiken er også ein variant av nestekjærleiken, men ikkje så omfattande. Det er ikkje noko erotisk knytta opp til nestekjærleiken. Det handlar om å yta alt ein kan for andre utan å få noko attende. Denne kjærleiken er rein på alle vis i den forstand at han er heilt utan egoistiske motiv. Berre dei beste mellom oss lever liv som er gjennomgåande styrt av sjølvoppofrande nestekjærleik. Det er denne kjærleiken Bibelen prisar så høgt, og som dreiv Jesus Kristus til å ofra livet sitt for verdas synd, ei handling som har skaffa fram full goddommeleg tilgjeving for alle menneske. Guds frelse er ei gåve som me alle, uansett fortid, tillitsfullt kan ta imot med takk.

Så er det foreldrekjærleiken. Her rører me ved dei sterkaste kjenslene mellom oss menneske. Ingen treng å velga å elska barna sine. Denne kjærleiken er naturleg, og foreldre som elskar barna sine, vil bli elska tilbake, og ikkje så lite beundra og oppvurdert, fortent eller ikkje.

Den tredje formen for kjærleik er venskapen. Venskap byggjer på sympati og "god kjemi". Dette er ein kjærleik som er gjensidig og begge partar har glede og nytte av den, men han er ikkje erotisk denne heller. Det vener deler med kvarandre ligg på eit heilt anna nivå.

Den fjerde formen for kjærleik er den erotiske. Her handlar det om forelsking og lidenskap mellom kvinne og mann. Dette er ein kjærleik som skal føra fram til ekteskap, barn og familie. Det er heile poenget frå Guds side. Kvinna er laga for mannen, og mannen for kvinna, og Gud velsigna dei og sa: "Bli mange og legg jorda under dykk!"

Dersom me følgjer Guds lover og ordningar for samliv, legg me grunnlaget for eit lukkeleg liv både for oss sjølve og andre.

Ingen kommentarer: