Viser innlegg med etiketten nestekjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nestekjærleik. Vis alle innlegg

fredag 6. juni 2025

Kva er vestlege liberale verdiar

 Går me nokre år attende i tid, bygde landa i Vesten på kristne verdiar. Bibelen var anerkjent som ei heilag og normerande bok, og verdiane som folk då styrde etter var gudsfrykt (tru) nestekjærleik, livslangt ekteskap mellom ei kvinne og ein mann, morsskap og farsskap, kjernefamilien, ærelegdom, truskap, seksuell reinleik,  respekt for foreldre, respekt for menneskelivet (også det ufødde), høg arbeidsinnsats, edruskap og jakta på ny kunnskap. 

Sjølvsagt var folk folk i den tida også. Nokre braut alle normer, andre fall utanfor, og ting skjedde som ikkje var bra, men ideala og normene sto der som fyrtårn som ikkje måtte sløkkast. Det var ingen som gjorde noko galt som ikkje visste at det dei gjorde var galt. Svart var svart, og kvitt var kvitt. 

Men så kom "den seksuelle revolusjonen" og 1968-generasjonen, og fyrtårn etter fyrtårn vart sløkt, og etter kvart rive ned. Fri sex, kommunisme og ateisme prega det nye livssynet som vart dominerande etter dette ungdomsopprøret. Å tru på Gud og Bibelen vart latterleggjort. Seksualiteten skulle vera fri. Ekteskapet vart supplert med sambuarskap, det vart like mange skilsmål som nye inngåtte ekteskap, og vart ein rett å ta livet av ufødde barn. Regjeringar av ulik valørar, som elles var desperate etter å regulera alt i samfunnet, deregulerte samlivssektoren.  På livsens viktigaste område, skulle alle normer bort så lenge den seksuelle aktiviteten var bygd på samtykke. Men ingen spurde etter GUDS samtykke. Han eksisterte jo ikkje, eller han måtte takk bøya seg for menneska si nye forståing av rett og galt. 

No styrer både raude, grøne og blå regjeringar etter det dei kallar "liberale vestlege verdiar", og med det meiner dei ein ekstrem indivdualisme som munnar ut i eit massivt krav om "sjølvbestemming" når det gjeld liv eller død, kjønn og samlivsform. Og fremst i Pridetoga går politikarar av alle valørar og parti, med eit par heiderlege unnatak, og peikar nase til Gud, og seier med digre bokstavar at dei no erstattar Bibelens bod med verdiar som mangfald og inkludering, noko som primært betyr seksuelt mangfald og inkludering av alle slags kjønn, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk, kva dei no i all verda måtte meina med det. Dei aksepterer og promoterer med si tilknytning ei rekkje løgner som at det eksisterer mange kjønn, at kjønn er flytande, at barn kan vera fødde i feil kropp, at det går an byta kjønn, at det eksisterer psykologiske kjønn, at menn kan bli mødre, at kvinner kan bli fedre, at kvinner kan ha penis, at menn kan ha vagina og livmor og all slagt tøv. Dei promoterer også polyamorøse relasjonar surrogati og prostituasjon. "Kjærleik er kjærleik", seier dei, og det er like intelligent som å seia at "medisin er medisin", og gje same medisin til alle sjuke. 

I tillegg til alt dette nye våset, har dei sidan 1970-talet fått folk til å tenkja at dei ufødde barna i mors liv ikkje er mennesker med menneskeverd og menneskerettar. Dei avhumaniserte barna i morsk liv for å kunna ta livet av avkommet sitt utan å kjenna på dårleg samvit, og halda fram med sin frie seksuelle livsstil utan å måtta hausta følgjene. 

Kva i all verda skal me med politikarar som ikkje kan snakka sant om dei mest grunnleggjande livsområda? Når det er så lett å lyga om ufødda barn og kjønn, korleis kan me då stola på dei i mindre viktige saker, og for all del, alle andre saker er mindre viktige enn dei me har nemnt i dette blogginnlegget. 

Me treng ein ny type politiske leiarar i dette landet, menn og kvinner som fryktar Gud, syner Bibelen respekt og audmjukt søkjer hans hjelp i store og små spørsmål. 

Noreg var eit kristent land, men er ikkje det lenger. Men landet kan rekristnast. Og det må skje om det skal gå oss godt. 


onsdag 30. mars 2022

Jødefolket i fortid, notid og framtid

 Då eg sat og bladde gjennom nokre TV-kanalar i går kveld, kom eg brått over ei sending med reinskore antisemittisk innhald. Personen i TV-ruta tala om jødefolket sine usympatiske sider og deira «sjuke» idear. Om han var nazist eller ein som kjempa for palestinarane sine rettar, det veit eg ikkje, men han gjorde i alle fall alt han kunne for å framstilla dette vakre folket som eit vondsinna og ekstremt innbilsk folk som ikkje har den minste respekt eller omsorg for folk som ikkje er jødar, eit folk som tilstrebar verdsherredøme, og eg tenkte: Denne mannen hadde glatt fått jobb på kontoret til Hitlers propagandaminister Joseph Goebbels.

Sidan eg er glad i jødane, ja, fordi eg kan takka jødefolket for at eg kjenner Gud, inspirerte denne mannen meg til å skriva noko fint om dette folket som faktisk har ein heilt særeigen posisjon i historia, om ein likar det eller ikkje.

Det første eg vil peika på er det faktum at Bibelen, som gjennom snart to tusen år har vore verdas mest utbreidde og lesne bok, er eit heilt gjennom jødisk dokument, det gjeld både Det gamle og Det nye testamentet.

Denne boka har meir enn noko anna munnleg eller skriftleg kjelde forma måten me tenkjer og lever på i vår del av verda. Ord som nestekjærleik og tilgjeving stammar frå Bibelen. I samfunn der Bibelen ikkje er kjent, eksisterer det kanskje ikkje ein gong ord i språket for desse verdiane.  Og i samfunn som utfordrar eller motarbeidar Bibelens verdsbilete, blir det fort eit kaldare klima mellom folk. Nestekjærleiken hentar nemleg krafta si frå Guds evige kjærleik til kvart einaste menneske på jorda, og når me tilgjev kvarandre så har me Gud som førebilete, han som ofra Sonen sin for å kunna tilgje oss alle når me innrømmer feila våre.

Ja, jødane er Guds utvalde folk, og han har valt å gjera seg kjent for verda gjennom dette folket. Det gjorde han ikkje fordi dei har ein høgare verdi enn andre menneske, eller fordi dei har føresetnader som andre ikkje har, nei, les me i Bibelen, han valde dei ut fordi dei var mellom dei minst viktige folkeslaga i verda. For Gud har det med å velja ut dei som ingen andre vil ha, slik at hans verk blir forstått av alle som det det er: nemleg HANS.

Gud og jødefolket er for evig linka saman på ein spesiell måte. Det grunnleggjande kristne dogmet kallar me inkarnasjonen, det at Gud vart menneske for å frelsa menneska attende til seg sjølv. Jesus Kristus er den inkarnerte Gud. Men då Gud vart menneske, valde han ikkje å bli tysker, russer, arabar, amerikaner eller nordmann, nei han vart jøde. Det inneber at alle som skal tilbe Gud, må tilbe han som med rette er «kongen over jødane». For evig er Gud jøde.

Det jødehatet som har vore eit fast innslag i «kristne» land under nesten heile kyrkja si historie, er difor svært merkeleg, men profetert i Bibelen. Moses heldt ein tale for 3200 år sidan der han tydeleg sa frå om at dersom folket valde å dyrka framande gudar og leva etter sine lyster, ville dei bli spreidde over heile jorda og hata av alle. Og slik gjekk det. Kristus var Guds veg for Israel. Men dei valda han bort, og resultatet vart som Jesus profeterte i år 33 då han såg det vakre Herodestemplet bada i kveldssola. Han gret og sa: «Her vil det ikkje liggja att stein på stein. Jerusalem, Jerusalem, du som slo profetane i hel, om du berre visste kva det er som tener til din fred, men no er det løynt for augo dine. Eg ville samla dykk som ei høne samlar kyllingane under vengjene sine. Men de ville ikkje!»

Tempelet  vart rive ned og brent  i år 70 e. Kr. av general Titus og hans brutale hærar. Det hende etter at jødane hadde gjennomført eit vellukka opprør og fordrive romarane frå landet. Befolkninga i Jerusalem vart straffa på det mest forferdelege då romarane kom attende og beleira byen. Folket vart fullstendig utsvelt før byen vart innteken og demontert. Tempelet vart rive, og det einaste som er att i dag er Klagemuren på nedsida av tempelhøgda der jødane kjem og ber sine bøner.

Ein ny katastrofe inntraff i åra 132-136 då det i Israel framsto ein messiansk skapnad som vart kalla Simon bar Kokhba (Stjernesonen). Også dette opprøret starta godt. Men romarane slo hardt attende, og den siste rest av  jødar måtte rømma landet hals over hovudet.

Dei siste 2000 åra har det jødiske folket vore å finna i nær sagt alle land, og dei har verkeleg vore hata av mange, særleg i dei tradisjonelt sett kristne nasjonane. Jødehatet var faktisk så massivt i Noreg for 200 år sidan at §2 i Grunnlova av 1814 nekta jødane tilgang til riket. Det var ganske eksepsjonelt.

Vidare var det heilt spesielt at under den 2.verdskrigen var det norsk politi som fekk arrestert norske jødar for å transportera dei til gassdøden i Auschwitz. Å arrestera skuldlause menneske burde ha vore utenkjeleg for norske politimenn, men dei gjorde det likevel, og ingen av dei kan vel med handa på hjarta seia at dei ikkje visste kva dei gjorde.

Marthe Michelet har i den omdiskuterte boka si «Hva visste Hjemmefronten» tydeleg påvist at Heimefrontsleiinga visste at jødane skulle arresterast i oktober-november 1942, men at dei ikkje hadde nokon trong for å åtvara dei jødiske familiane om dette. Det fanst viktigare ting å halda på med enn å berga jødar. Vart jødane vurderte som annanrangs nordmenn. Ting kan tyda på det.

I England vart alle jødar landsforviste i 1290 av kong Edvard den 1. Då hadde han lenge plyndra dei for all rikdom som han finansierte krigane sine med, og halshogd 300 av leiarane deira.  

I Spania hadde jødane gjennom mange hundre år stort sett levd i fred under maurisk overherredøme, og den særeigne sefardiske kulturen vaks fram der.   Men i 1492 vart både dei og maurane landsforviste av kong Ferdinand og dronning Isabella, og mange vart drepne.

Dei sefardiske jødane vandra så gjennom Europa og hamna i Tyskland og i Aust-Europa, der dei måtte gjennomleva eit utal av pogromar som kulminerte med Holocaust, Hitlers store brennoffer, frå 1942-45.

Men i dei jødiske skriftene er håpet aldri langt borte. Profeten Esekiel som levde på 600 og 500-talet før Kristus såg at diasporaen ikkje kom til å bli enden på visa for jødefolket. Han såg at det skulle få koma ei tid då folket skulle få reisa attende til Israel, og der ville Herren sjølv, som ein god gjetar, ta seg av dei med truskap og klokskap. Alle burde unna seg å lesa kapittel 34-37 i Esekielboka. Det er litteratur i særklasse med ein klår bodskap til vår tid.

Gud sa til det jødiske folket sin stamfar, Abraham: «Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og forbanna dei som forbannar deg, og i det skal alle folkeslag på jorda bli velsigna.»

Me har sett korleis dette har skjedd gjennom Jesus Kristus og  Bibelen. Men Gud har også velsigna oss på andre måtar. Uvanleg mange framifrå forfattarar og vitskapsfolk er jødiske. T.d. er 20% av alle nobelprisvinnarar jødar, og mellom dei er vel kanskje Albert Einstein og Bob Dylan dei mest kjende.

Jødane begynte å returnera til Israel på 1800-talet, medan området enno var under tyrkisk overherredøme (det osmanske riket som hadde røtene sine attende til 1400-talet), og den 14.mai 1948 vart staten Israel etablert som ein jødisk stat. Dette er starten på oppfyllinga av det profetiske ordet om at heile dette folket ein dag skal koma attende til Israels fjell, og dei skal godkjenna og famna Jesus som sin Messias. Når det skjer, skriv Paulus i Romarbrevet kapittel 11, vil den historiske skruen få ei kraftig dreiing i positiv retning. Då vil verdas nasjonar opna seg opp for kristen forkynning, og menneska vil oppdaga sanninga om Kristus, forkasta ikkje-gudane sine,  og ta imot Han og gåvene hans med stor glede. Det blir den endelege velsigninga som Gud vil gje verda gjennom jødane.

Eg elskar det jødiske folket, og eg ber for dei at Herren skal halda den gode handa si over dei og verna dei mot all type åtak og terror, at dei skal få leva i fred i landet sitt og at dei skal venda seg bort frå synda og begynna å tru på Jeshua Mashiach, Jesus Kristus.  

 

 

fredag 21. september 2018

Den mangfaldige kjærleiken

Å seia at "kjærleik er kjærleik" er i beste fall lite nyansert. For det er mange typar kjærleik mellom menneske.

Først er det nestekjærleiken. Den handlar om å setja andre si lukke framfor si eiga. Nestekjærleiken er heva over om ein kjenner sympati med eit menneske eller ikkje. Nestekjærleiken er ei plikt pålagt oss av Gud, og skal retta seg mot vener som uvener, kjende som ukjende. I Bibelen er han illustrert gjennom forteljinga om den barmhjertige samaritan. Den kristne søskenkjærleiken er også ein variant av nestekjærleiken, men ikkje så omfattande. Det er ikkje noko erotisk knytta opp til nestekjærleiken. Det handlar om å yta alt ein kan for andre utan å få noko attende. Denne kjærleiken er rein på alle vis i den forstand at han er heilt utan egoistiske motiv. Berre dei beste mellom oss lever liv som er gjennomgåande styrt av sjølvoppofrande nestekjærleik. Det er denne kjærleiken Bibelen prisar så høgt, og som dreiv Jesus Kristus til å ofra livet sitt for verdas synd, ei handling som har skaffa fram full goddommeleg tilgjeving for alle menneske. Guds frelse er ei gåve som me alle, uansett fortid, tillitsfullt kan ta imot med takk.

Så er det foreldrekjærleiken. Her rører me ved dei sterkaste kjenslene mellom oss menneske. Ingen treng å velga å elska barna sine. Denne kjærleiken er naturleg, og foreldre som elskar barna sine, vil bli elska tilbake, og ikkje så lite beundra og oppvurdert, fortent eller ikkje.

Den tredje formen for kjærleik er venskapen. Venskap byggjer på sympati og "god kjemi". Dette er ein kjærleik som er gjensidig og begge partar har glede og nytte av den, men han er ikkje erotisk denne heller. Det vener deler med kvarandre ligg på eit heilt anna nivå.

Den fjerde formen for kjærleik er den erotiske. Her handlar det om forelsking og lidenskap mellom kvinne og mann. Dette er ein kjærleik som skal føra fram til ekteskap, barn og familie. Det er heile poenget frå Guds side. Kvinna er laga for mannen, og mannen for kvinna, og Gud velsigna dei og sa: "Bli mange og legg jorda under dykk!"

Dersom me følgjer Guds lover og ordningar for samliv, legg me grunnlaget for eit lukkeleg liv både for oss sjølve og andre.