Viser innlegg med etiketten farsskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten farsskap. Vis alle innlegg

fredag 6. juni 2025

Kva er vestlege liberale verdiar

 Går me nokre år attende i tid, bygde landa i Vesten på kristne verdiar. Bibelen var anerkjent som ei heilag og normerande bok, og verdiane som folk då styrde etter var gudsfrykt (tru) nestekjærleik, livslangt ekteskap mellom ei kvinne og ein mann, morsskap og farsskap, kjernefamilien, ærelegdom, truskap, seksuell reinleik,  respekt for foreldre, respekt for menneskelivet (også det ufødde), høg arbeidsinnsats, edruskap og jakta på ny kunnskap. 

Sjølvsagt var folk folk i den tida også. Nokre braut alle normer, andre fall utanfor, og ting skjedde som ikkje var bra, men ideala og normene sto der som fyrtårn som ikkje måtte sløkkast. Det var ingen som gjorde noko galt som ikkje visste at det dei gjorde var galt. Svart var svart, og kvitt var kvitt. 

Men så kom "den seksuelle revolusjonen" og 1968-generasjonen, og fyrtårn etter fyrtårn vart sløkt, og etter kvart rive ned. Fri sex, kommunisme og ateisme prega det nye livssynet som vart dominerande etter dette ungdomsopprøret. Å tru på Gud og Bibelen vart latterleggjort. Seksualiteten skulle vera fri. Ekteskapet vart supplert med sambuarskap, det vart like mange skilsmål som nye inngåtte ekteskap, og vart ein rett å ta livet av ufødde barn. Regjeringar av ulik valørar, som elles var desperate etter å regulera alt i samfunnet, deregulerte samlivssektoren.  På livsens viktigaste område, skulle alle normer bort så lenge den seksuelle aktiviteten var bygd på samtykke. Men ingen spurde etter GUDS samtykke. Han eksisterte jo ikkje, eller han måtte takk bøya seg for menneska si nye forståing av rett og galt. 

No styrer både raude, grøne og blå regjeringar etter det dei kallar "liberale vestlege verdiar", og med det meiner dei ein ekstrem indivdualisme som munnar ut i eit massivt krav om "sjølvbestemming" når det gjeld liv eller død, kjønn og samlivsform. Og fremst i Pridetoga går politikarar av alle valørar og parti, med eit par heiderlege unnatak, og peikar nase til Gud, og seier med digre bokstavar at dei no erstattar Bibelens bod med verdiar som mangfald og inkludering, noko som primært betyr seksuelt mangfald og inkludering av alle slags kjønn, kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk, kva dei no i all verda måtte meina med det. Dei aksepterer og promoterer med si tilknytning ei rekkje løgner som at det eksisterer mange kjønn, at kjønn er flytande, at barn kan vera fødde i feil kropp, at det går an byta kjønn, at det eksisterer psykologiske kjønn, at menn kan bli mødre, at kvinner kan bli fedre, at kvinner kan ha penis, at menn kan ha vagina og livmor og all slagt tøv. Dei promoterer også polyamorøse relasjonar surrogati og prostituasjon. "Kjærleik er kjærleik", seier dei, og det er like intelligent som å seia at "medisin er medisin", og gje same medisin til alle sjuke. 

I tillegg til alt dette nye våset, har dei sidan 1970-talet fått folk til å tenkja at dei ufødde barna i mors liv ikkje er mennesker med menneskeverd og menneskerettar. Dei avhumaniserte barna i morsk liv for å kunna ta livet av avkommet sitt utan å kjenna på dårleg samvit, og halda fram med sin frie seksuelle livsstil utan å måtta hausta følgjene. 

Kva i all verda skal me med politikarar som ikkje kan snakka sant om dei mest grunnleggjande livsområda? Når det er så lett å lyga om ufødda barn og kjønn, korleis kan me då stola på dei i mindre viktige saker, og for all del, alle andre saker er mindre viktige enn dei me har nemnt i dette blogginnlegget. 

Me treng ein ny type politiske leiarar i dette landet, menn og kvinner som fryktar Gud, syner Bibelen respekt og audmjukt søkjer hans hjelp i store og små spørsmål. 

Noreg var eit kristent land, men er ikkje det lenger. Men landet kan rekristnast. Og det må skje om det skal gå oss godt. 


søndag 25. januar 2009

Er menneskerettane utsette for inflasjon?

Me har hatt undervisning om sex og samliv på skulen dei siste vekene. Då kom eg over følgjande setning i ei lærebok i samfunnsfag: "Det er ein menneskerett å ha eit godt sexliv!" Og eg tenkte: Når vart det det? Har Menneskerettsfråsegna frå 1948 fått ein ny paragraf? Ikkje det eg veit om, og der står det faktisk ingenting om dette emnet. Å ha sex er rett og slett ingen menneskerett, og lærebokforfattarane presenterer ikkje mindre enn ei lygn. Sex er ikkje meir ein menneskerett enn bilkøyring. Det er eit gode, men ikkje ein rett.

Laurdag 24. jan var det eit glimrande intervju med Janna Haaland Matlary i "Velsignet Helg". Der tek ho opp akkurat denne problemstillinga, og spørmålet i overskrifta stammar frå henne. Eg likar godt tenkinga til JHM. Ho er skarp og velformulert, og ho manar folk til å besinna seg når ein vil utasunera nye menneskerettar. Ho er redd at dersom det reelt sett vert tilført nye menneskerettar etter kvart som tidsåna endrar seg, vil alle til slutt missa verdien sin. For dei me har er allmenne, universelle og evige. Særleg dei sivile rettane som retten til liv og retten til å tru kva ein vil og ytra seg om kva ein vil.

Menneskerettane er djupt forankra i det kristne menneskesynet og i kristendomen si historie. Dei byggjer på den tanken at alle menneske er søsken, at me er skapt frie og med rett til å streba etter lukke. Men vilkåret for søskenskap er jo, som biskop Per Lønning i si tid sa, felles farsskap. Og Gud er vår rette far, og han er den einaste som har verdsett oss, og han kjøpte oss til sine med sin eigen Sons blod og liv.
Me kan ikkje i lengda halda fast på at menneske har universelle rettar utan å forkusera på kva ein menneske er verd. Der menneskeverdet vert degradert, vert menneskerettane borte. Og dette er grunnen til at dei berre vert respekterte i tradisjonelt kristne samfunn. Muslimane innrømmer ingen ikkje-muslimar trusfridom og ytringsfridom. Det gjer heller ikkje hinduar eller buddhistar. Både i India og på Sri Lanka har kristne måtta betala med liv og helse for å fortelja om Jesus.
Men også her i landet er ytringsfridomen for kristne i fare. Frelsesarmeens ungdom fekk drege inn statsstøtta si fordi dei ikkje vil gje homofile tillitsverv i organisasjonen. Statlege styresmakter synest vera viljuge til å tvinga ideologien sin inn på kristne ved bruk av pengemakt. Dei vil ikkje bruka skattebetalarane sine pengar til å finasiera noko dei ser på som diskriminerande. Som om dei som er med i Frelsesarmeen ikkje betaler skatt. Det skal bli interessant å sjå kor dette endar.