søndag 25. januar 2009

Er menneskerettane utsette for inflasjon?

Me har hatt undervisning om sex og samliv på skulen dei siste vekene. Då kom eg over følgjande setning i ei lærebok i samfunnsfag: "Det er ein menneskerett å ha eit godt sexliv!" Og eg tenkte: Når vart det det? Har Menneskerettsfråsegna frå 1948 fått ein ny paragraf? Ikkje det eg veit om, og der står det faktisk ingenting om dette emnet. Å ha sex er rett og slett ingen menneskerett, og lærebokforfattarane presenterer ikkje mindre enn ei lygn. Sex er ikkje meir ein menneskerett enn bilkøyring. Det er eit gode, men ikkje ein rett.

Laurdag 24. jan var det eit glimrande intervju med Janna Haaland Matlary i "Velsignet Helg". Der tek ho opp akkurat denne problemstillinga, og spørmålet i overskrifta stammar frå henne. Eg likar godt tenkinga til JHM. Ho er skarp og velformulert, og ho manar folk til å besinna seg når ein vil utasunera nye menneskerettar. Ho er redd at dersom det reelt sett vert tilført nye menneskerettar etter kvart som tidsåna endrar seg, vil alle til slutt missa verdien sin. For dei me har er allmenne, universelle og evige. Særleg dei sivile rettane som retten til liv og retten til å tru kva ein vil og ytra seg om kva ein vil.

Menneskerettane er djupt forankra i det kristne menneskesynet og i kristendomen si historie. Dei byggjer på den tanken at alle menneske er søsken, at me er skapt frie og med rett til å streba etter lukke. Men vilkåret for søskenskap er jo, som biskop Per Lønning i si tid sa, felles farsskap. Og Gud er vår rette far, og han er den einaste som har verdsett oss, og han kjøpte oss til sine med sin eigen Sons blod og liv.
Me kan ikkje i lengda halda fast på at menneske har universelle rettar utan å forkusera på kva ein menneske er verd. Der menneskeverdet vert degradert, vert menneskerettane borte. Og dette er grunnen til at dei berre vert respekterte i tradisjonelt kristne samfunn. Muslimane innrømmer ingen ikkje-muslimar trusfridom og ytringsfridom. Det gjer heller ikkje hinduar eller buddhistar. Både i India og på Sri Lanka har kristne måtta betala med liv og helse for å fortelja om Jesus.
Men også her i landet er ytringsfridomen for kristne i fare. Frelsesarmeens ungdom fekk drege inn statsstøtta si fordi dei ikkje vil gje homofile tillitsverv i organisasjonen. Statlege styresmakter synest vera viljuge til å tvinga ideologien sin inn på kristne ved bruk av pengemakt. Dei vil ikkje bruka skattebetalarane sine pengar til å finasiera noko dei ser på som diskriminerande. Som om dei som er med i Frelsesarmeen ikkje betaler skatt. Det skal bli interessant å sjå kor dette endar.

Ingen kommentarer: