tirsdag 27. januar 2009

Kva utviklar karakteren?

Når me les Bibelen, ser me at det er langt viktigare å ha åndeleg karakter enn åndeleg utrustning. Ei rik åndsutrsutning utan personleg karakter ser faktisk ut til å vera ein farleg kombinasjon. Kva er så karakter? Karakter er rett og slett den ryggmargsrefleksen som får eit menneske til å gjera det som er rett etter Guds hjarta utan å tenka på dei personlege omkostningane ved det. Korleis utviklar me sann kristen karakter? Det skjer når Jesu kjærleik trengjer inn i alle sjela sine porer og set farge på heile livet. Eg trur ikkje kristne karaktereigenskapar kan øvast opp. Dei veks fram i den som nærer seg av Jesu kjærleik og nåde. Bibelen kallar dei Andens frukt. Eit godt tre ber god frukt, seier Jesus. Ein dårleg tre ber dårleg frukt. Og Paulus set namn på fruktene i Galaterbrevet 5,22-24: kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, spaklynde og sjølvkontroll. Og sidan dette er frukter, er det ikkje snakk om indre kjensler, men personlege eigenskapar som andre menneske kan nyta.

Ingen kommentarer: