lørdag 3. januar 2009

Du formar i stor grad ditt eige 2009


GODT NYTTÅR TIL ALLE LESARAR AV DENNE BLOGGEN. MÅ 2009 GJE DYKK MANGE GLEDER, OG MÅ HERREN GJE DYKK FRAMGANG I ALL DYKKAR GJERNING TIL BATE FOR ANDRE.

Kjære truande ven!
Sørg for å ha din forankring i Gud! Det må du ha når du skal tena andre menneske. Dersom me manglar forankring, har me i lengda lite å gje til andre. Men når me lever i Gud og har vårt sinn og vår tanke grunnfesta i Kristus, er det ingen grenser for kva godt me kan gjera. Og det trengst i denne tida. Det bles kalde vindar i verda. Men frå Gud kjem det ein stadig mild bris som varmar oss og held oss åndeleg levande og vitale. Dersom du i 2009 klarar å halda deg nær til Gud vil dette året by på langt meir enn du kunne forventa av godt. Då vil han fylla deg og bruka deg langt utover dine eigne evner. Du vil vera ei velsigning berre i kraft av den du er i Kristus. Utover dette vil eg ikkje prøva å spå om 2009. Det vil slå feil. Men dersom kvar av oss som sanna Jesus som Herre tek vare på oss sjølve, vil det til saman bli ein sterk flaum av nåde som renn ut over samfunnet. Me kan hjelpa kvarandre med det. Lukke til.

Helsing Jens

Ingen kommentarer: