tirsdag 30. juni 2020

TID FOR PRIDE

Enno ein gong vaiar regnbogeflagget frå norske rådhus, lovleg eller ulovleg. Enno ein gong samlast folk med ulike seksuelle lyster og dragningar i underlege klede seg for å feira sin og andre sin seksualitet. Me har sett dei på TV. 

Og statsministeren møter desse menneska med støtte. "Alle må få vera som dei er," seier ho, noko som i denne settinga tyder at alle må få leva slik dei ønskjer det. 

Men dette blir for enkelt. For statsministeren veit godt at ikkje alle kan vera som dei er. Det finst folk som har seksuelle legningar som fell langt utanfor norsk lov, og desse menneska kan ikkje leva som dei vil om det skal gå dei og andre vel.  

Ser me litt større på det kan strengt tatt  ingen vera som dei er om det skal gå bra her i verda. For alle har me lyster og tendensar i oss som me av omsyn til andre må seia nei til. Kvar dag må me velja bort det egoistiske og vonde til fordel for det gode, det som gagnar andre. Me kan ikkje berre vera som me er.  Me må velja kven me vil vera. 

Den avdøde presten Karsten Isachsen definerte omgrepet synd for oss på ein malande måte: "Synd er at du trur at Gud og alle menneske er til for di skuld."  Dette er den legning me alle har å kjempa mot. Skulle me gje denne fikse ideen fritt spelerom, ville verda vore ein uleveleg stad. 

Men nokre manglar faktisk evne til sjølvkritikk og empati, folk med sosiopatiske trekk. Slike meiner faktisk at alle må stilla opp for dei, det ligg dei i blodet, og arme dei som opponerer.  Dei blir straffa. Det er hardt å leva saman med slike folk, og dei som gjer det, lengtar etter at dei skal endra seg. Ikkje alle kan vera som dei er. 

Men Gud er god. Det er vår kristne vedkjenning, og han har gjeve oss lover og bodord, normer som me kan styra og leva etter, og gjer me det, blir det lyst og godt rundt oss. 

Det viktigaste bodet han har gjeve oss er at me skal elska kvarandre. Då handlar det ikkje om seksualitet, men om det å vera eit godt medmenneske. Det handlar ikkje om å forsyna seg av livsens goder, men om å ofra goder slik at andre kan ha det godt. 

Når Gud definerer seksuallivet innafor ramma av ekteskapet mellom èi kvinne og èin mann, er det fordi han er god, og fordi han ser at dette er godt for oss. Elles ville han ha bestemt noko anna. Når samfunnet no med statsministeren i spissen går inn for andre samlivsmodellar, vil det bli til skade for mange. 

Som kristne trur me at det eksisterer usynlege makter rundt oss som påverkar oss. Nokre av dei er vonde og skadelege. Dei forvirrar sinnet, forvrenger retten, undergrev trua, knuser familiar, frårøvar ufødde livet,  og splittar vener. Det er slike makter det blir gjeve rom for i Noreg no. Må Gud sjå i nåde til oss.