mandag 29. juni 2009

Normisjon på rett veg

Normisjon har på generalforsamlinga i helga vedteke å ikkje lenger definera seg som "ein organisasjon innan Den Norska Kyrkja." Det er eit steg i rett retning. Eg har lenge meint at det er farleg å tilhøyra ei kyrkja som aksepterer vranglære og velsignar synd. Vranglære og synd opnar nemleg vegen for djevelsk herredøme. Men kyrkja har jo eit kall frå Meisteren å driva djevelen ut der han regjerer, ikkje sleppa han inn i eige hus. Ved å gjera det, kan eg ikkje sjå det på anna vis enn at kyrkja rett og slett melder seg ut or det riket der Jesus rår. Og når Normisjon no ikkje lenger vil identifisera seg med DNK, må det vera ut frå eit genuint ynskje om ikkje ikkje støtta opp om eit system som godtek vranglære og synd, samstundes som ein gjerne vil syna truskap mot Jesus og Ordet. Eg vil gjerne ynskja dei lukke til med det.

Eg ser at Oddbjørn Evenshaug ottast at Normisjon på dette viset marginaliserer seg sjølv. Eg veit ikkje heilt kva han meiner med det, heller ikkje kva som er farleg med det. Men Jesus seier ein plass at det kan i enkelte situasjonar vera naudsynt både å hogga av seg ei hand og riva ut eit auga dersom det freistar ein til fall. Jesus er altså ikkje framand for at hans vener stundom må ta radikale grep som gjer vondt. Amputasjonar må til om ein skal berga livet. Og sjølv om dette vel er sagt om enkeltpersonar, er det vel same regel for ein organisasjon.

Eg er heilt sikker på at Normisjon gjennom dette vedtaket vil bli til stor velsigning for mange, og dersom det bli slik at dei mister nokre vener, kan det godt vera at dei vinn seg nye og viktige vener som brenn både for Jesus og misjon.

Det kan godt vera at det å definera seg ut or organisasjonen Den Norske Kyrkja er ein dårleg taktikk (sjølv om eg slett ikkje trur det). Men er det noko Jesus , profetane og apostlane var lite oppteken av, så var det om kva som var lurt å gjera. Det einaste som hadde meining for dei var å syna omsorg for menneska ved å forkynna sanninga. Og i denne prosessen måtte Jesus seia til dei jødiske leiarane at riket skulle takast frå dei og gjevast til eit folk som ber frukt som høyrer riket til.

onsdag 24. juni 2009

Seier for Guds rike i Ghana


4 nye språkgrupper i Ghana har i laupet av våren fått heile Det nye testamentet i papirutgåve. Det er Selee, Sekpele, Siwu og Tuwuli, stammer i det sentrale Voltaområdet. Desse namna seier oss ikkje så mykje, men me kan gleda oss over at dei no kan lesa om Guds frelse og godleik på sine eigne morsmål. Og etterspurnaden er stor. Det eine testamentet vart fort utselt, og no skal det trykkast fleire. Nytestamenta vart feira med vakre prosesjonar og stor glede, slik som berre ghanesarane kan uttrykkja det.

Iran, igjen

I samband med det parodiske presidentvalet har iranarane protestert i gatene. Det er med livet som innsats. Me har aldri før høyrt om Baseej før, desse paramilitære bøllene som rasar rundt på motorsyklar for å drepa forsvarslause demonstrantar på kommando frå Ayatollah Khamenei. Men no kjenner me til dei, og det er ikkje noko hyggjeleg kjennskap. Ingen kjenner vel til kor mange dei har myrda. Det offisielle talet er 19, men me ottast at det er mange fleire.

I vår kyrkjelyd har me mange iranarar. Dei har lenge fortalt oss at iranarar flest i Iran er desillusjonerte og utan von etter 30 år med eit brutalt, undertrykkande og inkompetent prestestyre. Dei har mista trua på islam, og søkjer å finna svar på livsspørsmåla sine i andre religionar. Mange blir kristne, medan andre finn attende til den gamle persiske Zaratustratrua, som på mange vis er røtene til gnostisismen som i si tid truga med å velta heile kristendomen.

Slik sett, seier dei, har den islamske revolusjonen til ayatollah Khomeini i 1979 vorte til ei sann velsigning for Iran. Før dette hende, var det kun nokre få kristne i landet. Men i dag er det meir enn 2 millionar evangeliske som samlast til hemmelege gudstenester i Irans mange byar. Frå tid til tid vert dei oppdaga og arresterte. Men vekkjinga kan ingen ytre krefter stoppa. Gud går fram i Iran, og mellom iranarar over heile verda. Det er ei vitjingstid for det som i Bibelen vert kalla Elims folk. Gud møter dei på mange ulike vis og vekkjer kjærleiken til Jesus i dei.

Likevel håpar me for betre tider for dette flotte folket som me har lært oss å elska. Dei er undertrykte av djevelen, og me unner dei både demokrati, menneskerettar og velstand. Men må dei kristne få nåde også i betre tider til å ta vare på det store og verdfulle verket som Gud har starta, slik at hans vidunderlege plan med dette folket ikkje vert spolert.

Iranarar treng å få møta Jesus til frelse, og Iran treng å bli gjenfødt som ein nasjon under Gud. Det fordrar vår bøn. Eg oppmodar deg til å vera med på det. Sjå elles www.bonframforalt.blogspot.com

torsdag 4. juni 2009

Heia Bill og Melinda!


Verdas rikaste ektepar Bill og Melinda Gates har bestemt seg for å gje bort mesteparten av formuen sin til gode føremål. No skal fattige og sjuke i den tredje verda få nyta godt av alt det desse menneska gjennom mange år har tent på Microsoftbedrifta si. Eg let meg begeistra av slikt. Det luktar rettferd av det. Norske rikfolk bør følgja på. Dei har ikkje utmerka seg med gjevarglede les me i E24. Men det kan det jo bli ei endring på. Ekteparet Gates held fram at ved å gjera verda til ein betre plass, vil me også sikra framtida for våre eigne barn. Dette er i Guds ånd. Han interesserer seg for slikt.
Likevel er det forteljinga om den fattige enkja som gav sin siste skjerv som fortel oss når gjevargleda går over i offer. Men det er slikt som me kristne skal vera ekspertar i.......