mandag 29. juni 2009

Normisjon på rett veg

Normisjon har på generalforsamlinga i helga vedteke å ikkje lenger definera seg som "ein organisasjon innan Den Norska Kyrkja." Det er eit steg i rett retning. Eg har lenge meint at det er farleg å tilhøyra ei kyrkja som aksepterer vranglære og velsignar synd. Vranglære og synd opnar nemleg vegen for djevelsk herredøme. Men kyrkja har jo eit kall frå Meisteren å driva djevelen ut der han regjerer, ikkje sleppa han inn i eige hus. Ved å gjera det, kan eg ikkje sjå det på anna vis enn at kyrkja rett og slett melder seg ut or det riket der Jesus rår. Og når Normisjon no ikkje lenger vil identifisera seg med DNK, må det vera ut frå eit genuint ynskje om ikkje ikkje støtta opp om eit system som godtek vranglære og synd, samstundes som ein gjerne vil syna truskap mot Jesus og Ordet. Eg vil gjerne ynskja dei lukke til med det.

Eg ser at Oddbjørn Evenshaug ottast at Normisjon på dette viset marginaliserer seg sjølv. Eg veit ikkje heilt kva han meiner med det, heller ikkje kva som er farleg med det. Men Jesus seier ein plass at det kan i enkelte situasjonar vera naudsynt både å hogga av seg ei hand og riva ut eit auga dersom det freistar ein til fall. Jesus er altså ikkje framand for at hans vener stundom må ta radikale grep som gjer vondt. Amputasjonar må til om ein skal berga livet. Og sjølv om dette vel er sagt om enkeltpersonar, er det vel same regel for ein organisasjon.

Eg er heilt sikker på at Normisjon gjennom dette vedtaket vil bli til stor velsigning for mange, og dersom det bli slik at dei mister nokre vener, kan det godt vera at dei vinn seg nye og viktige vener som brenn både for Jesus og misjon.

Det kan godt vera at det å definera seg ut or organisasjonen Den Norske Kyrkja er ein dårleg taktikk (sjølv om eg slett ikkje trur det). Men er det noko Jesus , profetane og apostlane var lite oppteken av, så var det om kva som var lurt å gjera. Det einaste som hadde meining for dei var å syna omsorg for menneska ved å forkynna sanninga. Og i denne prosessen måtte Jesus seia til dei jødiske leiarane at riket skulle takast frå dei og gjevast til eit folk som ber frukt som høyrer riket til.

Ingen kommentarer: