torsdag 28. februar 2019

Misjon I

41% av verdas befolkning har aldri høyrt om Jesus. Tenk det: For omlag 2000 år sidan gav Jesus kyrkja oppdraget om å disippelgjera alle folkeslag, er 41%, nesten halvparten av verdas befolkning, framleis heilt uberørte av evangeliet. Og slik har det vore i mange år. Noko må ha gått veldig galt.

Oppdraget er tydeleg, og like tydeleg er det at oppdraget på langt nær er fullført.

Me kan spørja kvifor ikkje jobben for lengst er ferdigstilt. Det burde han ha vore. Svaret er: Ingen kan vinna disiplar utan sjølv å vera disippelgjort. Når er eit menneske disippelgjort? Når det begynner å vinna nye menneske for Jesus Kristus, og når det begynner å disippelgjera dei han/ho har vunne.

Jesus hadde disiplar som han lærte opp i disippelgjering. Men denne arbeidsmetoden gjekk kyrkja bort frå, uvisst av kva grunn, og resultatet vart stagnasjon og mange stader tilbakegang.

Apostelen Paulus lærer oss kva disippelskap er når han skriv til Timoteus: "Det du har teke imot frå meg i nærvær av mange vitner, gje det vidare til trufaste menneske som også er i stand til å læra andre."

Paulus - Timoteus - trufaste menneske - andre.

Evangeliet og Bibelens lærdomar skal formdilast frå person til person, frå hjarta til hjarta, ikkje som teoretisk kunnskap, men ei opplæring der det teoretisk og praktiske går hand i hand. Slik gjorde profetane, Jesus, apostlane og kyrkjefedrane dette.

Når gjekk arbeidsmetoden i gløymeoka? Det veit eg ikkje heilt, men kanskje då kyrkja innførte eit profesjonelt presteskap som skulle fungera som mellommenn mellom Gud og dei truande. Det er ingen tvil om at dette trekket passiviserte og umyndiggjorde vanlege kristne, og kristendomen tapte krafta si.

søndag 24. februar 2019

Fridom

Det er ei utstrekt oppfatning at fridom er å leva utan grenser. Men det er ei løgn. Fisken er berre fri i vatnet, og innafor dei grensene som vatnet set for han. Han er skapt for vatn. Vatnet er hans rette element. Dersom han søkjer fridomen på land, døyr han.

Me menneske er skapte til å leva i Gud, og innafor dei grensene han set for liva våre. Gud er vårt rette element. Berre i han er me frie. Dersom me søkjer fridom frå Gud, eller utanfor Gud, døyr me.

Dei boda Gud har gjeve oss er rammene for liva våre. Dei held oss fast i Gud. Difor elskar me desse boda. Dei passar på oss at me ikkje rotar oss bort frå han som har skapt oss og som elskar oss med ein evig kjærleik.

Boda er Guds. Og fordi me elskar Gud, elskar me boda hans. Dei er gode, og dersom me set dei til side eller annulerer dei, blir me fort offer for vonde ånder som innvaderer liva våre. Då taper me kjærleiken til Gud, trua på han og framtida saman med han.

lørdag 23. februar 2019

Mamma og pappa

I franske skular skal det ikkje lenger vera lov å seia mamma og pappa, men forelder 1 og 2. Dette for at ikkje homofile foreldre skal føla seg diskriminerte.

Mamma og pappa er dei første orda eit barn lærer seg å seia i livet, og er dei grunnleggjande orda i alle språk, hjartespråket i einkvar nasjon og i dei aller, aller fleste familiar. 

Det er kjærleiksspråket, dei varmaste orda i samfunnet homolobbyen no vil fjerna. Dei har fått til mykje, men eg trur ikkje dei klara å fjerna mamma og pappa. Det er som å prøva å endra på tyngdekrafta, det. 

Mamma og pappa er heilag ord for dei fleste av oss, og det undrar meg at denne kraftfulle lobbyen er villige til å trampa inn i på det som for dei fleste av oss er heilag grunn, og det undrar meg at dei får president Macro og det franske parlamentet med på dette. Er dei rett og slett så redde for denne mektige rørsla at dei gjer knefall for den komplette idioti? Slik ser det ut for meg. 

Går dette gjennom i det franske sentatet, og det trur obeservatørar, blir det fort også aktuell politikk i EU, og dermed i EØS-området, altså hos oss. For ein øydeleggjande flaum dette er. 

Som kristne har me Gud som far, han er vår pappa, og det er han som har funne på at alle barn skal ha ei mamma og ein pappa, og eg vil oppfordra alle til å bruka desse varme orda flittig, dei som løftar oss høgare som menneske enn nokon andre ord som eksisterer i denne verda. 


fredag 22. februar 2019

Bispeuttale i lys av skriftemålet


Biskopane er fornøgde med at me lever i eit land med legal tilgang til abort, og Halvor Nordhaug legg stor vekt på å påvisa at alle som talar i mot biskopane i denne saka, eigentleg er glade for det same, men dei skjønar det berre ikkje heilt.

Men lat oss tenkja oss følgjande scenario. Ei kvinne kjem til ein av biskopane for å skrifta, og ei av dei syndene ho dreg fram er ein abort ho valde å gjennomføra for ti år sidan, og som ho ikkje har fått fred for i ettertid. Tvert om. Det gneg i samvitet hennar, og ho kjenner seg skikkeleg plaga.

Kva vil biskopen gjera? Gje henne absolusjon eller roa henne ned med at ho ikkje har hatt grunn til å ha dårleg samvit, for det ho gjorde var jo heilt legalt?

I siste tilfelle kan det vel lett tenkjast at ho vil ha store vanskar med å falle til ro, rett og slett fordi ho slett ikkje er sikker på om det ho gjorde var legalt i GUDS augo, om det enn var det i biskopen sine.

Og dette har relevans. For biskopane er hyrde for prestane som sikkert ofte står i slike situasjonar. Kva skal prestane seia til kvinner med denne type sjelenaud?

Dersom biskopane då meiner at slike kvinner skal få absolusjon, har ikkje biskopane med det også sagt at abort er synd? Det er jo ikkje noko meining i å gje syndsforlating der det ikkje er gjort noko synd.

onsdag 20. februar 2019

Kva meinte biskopane?

Eg trudde lenge at biskopane med si abortuttale meinte å seia at dei synest dagens abortlov er kristeleg sett akseptabel. Men Bjørgvinbispen Halvor Nordhaug skriv at slik er det ikkje. Oslo sin biskop, Kari Veiteberg, ser derimot ut til å meina at uttalen gjev abortlova ei slik kyrkjeleg legitimitet, og eg ser at dei fleste andre som las formuleringa også forstod det slik.

Men Nordhaug skriv at "tilgangen til legal abort" betyr at det skal vera slik tilgang i spesielle tilfeller som t.d. valdtekt.

Men denne tilgangen har jo kvinner i Noreg hatt lenge før Lov og sjølvbestemt abort vart vedteken i 1978.

Det eg står att med er at dei meiner at legal abort alltid er betre enn illegal.
Men det er vel ingen usamde om.

Men er det dette debatten har handla om ?

Nei! Slik eg forstår det har det vore snakk om barnets juridiske rett til liv og framtid, og at me som kristne meiner at det er feil at denne retten er fråteken barnet fram til veke 12 i svangerskapet.

Eg meiner at ingen menneske har rett til å forkorta eit anna menneskes liv, ei heller ei mor.
Eg meiner at me som kristne må framhalda barnets rett til liv og framtid både for foreldre og for styresmaktene, og at DET er vårt kall og vår plikt, og eg meiner at dette er også bispekollegiet si plikt å gjera.