fredag 22. februar 2019

Bispeuttale i lys av skriftemålet


Biskopane er fornøgde med at me lever i eit land med legal tilgang til abort, og Halvor Nordhaug legg stor vekt på å påvisa at alle som talar i mot biskopane i denne saka, eigentleg er glade for det same, men dei skjønar det berre ikkje heilt.

Men lat oss tenkja oss følgjande scenario. Ei kvinne kjem til ein av biskopane for å skrifta, og ei av dei syndene ho dreg fram er ein abort ho valde å gjennomføra for ti år sidan, og som ho ikkje har fått fred for i ettertid. Tvert om. Det gneg i samvitet hennar, og ho kjenner seg skikkeleg plaga.

Kva vil biskopen gjera? Gje henne absolusjon eller roa henne ned med at ho ikkje har hatt grunn til å ha dårleg samvit, for det ho gjorde var jo heilt legalt?

I siste tilfelle kan det vel lett tenkjast at ho vil ha store vanskar med å falle til ro, rett og slett fordi ho slett ikkje er sikker på om det ho gjorde var legalt i GUDS augo, om det enn var det i biskopen sine.

Og dette har relevans. For biskopane er hyrde for prestane som sikkert ofte står i slike situasjonar. Kva skal prestane seia til kvinner med denne type sjelenaud?

Dersom biskopane då meiner at slike kvinner skal få absolusjon, har ikkje biskopane med det også sagt at abort er synd? Det er jo ikkje noko meining i å gje syndsforlating der det ikkje er gjort noko synd.

Ingen kommentarer: