søndag 24. februar 2019

Fridom

Det er ei utstrekt oppfatning at fridom er å leva utan grenser. Men det er ei løgn. Fisken er berre fri i vatnet, og innafor dei grensene som vatnet set for han. Han er skapt for vatn. Vatnet er hans rette element. Dersom han søkjer fridomen på land, døyr han.

Me menneske er skapte til å leva i Gud, og innafor dei grensene han set for liva våre. Gud er vårt rette element. Berre i han er me frie. Dersom me søkjer fridom frå Gud, eller utanfor Gud, døyr me.

Dei boda Gud har gjeve oss er rammene for liva våre. Dei held oss fast i Gud. Difor elskar me desse boda. Dei passar på oss at me ikkje rotar oss bort frå han som har skapt oss og som elskar oss med ein evig kjærleik.

Boda er Guds. Og fordi me elskar Gud, elskar me boda hans. Dei er gode, og dersom me set dei til side eller annulerer dei, blir me fort offer for vonde ånder som innvaderer liva våre. Då taper me kjærleiken til Gud, trua på han og framtida saman med han.

Ingen kommentarer: