mandag 5. januar 2009

Israels rett

Norske politikarar og norsk media hyler mot Israel. Det gjer dei alltid når Israel forsvarer seg mot åtak. Eg kan ikkje vera med på denne konserten. Den israelske regjeringa har plikt på seg til å forsvara innbyggjarane i sør-Israel mot Hamas sine rakettar, og korleis skal dei kunne ta vare på denne plikta utan å avvæpna Hamas? Det raseriet som Noreg og nokre av arabarstatane rettar mot Israel, er ikkje logisk. Ingen i Halden kunne tenkt seg ein einaste dag å leva i frykt for rakettåtak frå Sverige. Då hadde dei forventa at det norske forsvaret føretok seg eitt eller anna. Kva har me elles eit forsvar til om det ikkje skal forsvara eit lands innbyggjarar mot våpenmakt frå framande makter? Men Israel skal ikkje ha denne retten. Dette er ikkje logisk. Så kan ein orsaka at kvinner og barn vert råka. Og ein må be om at det skjer i minst mogeleg grad. Men det er no ein gong slik at eitkvar folk deler lagnadsfellesskap med leiarane sine. Slik har det alltid vore, på godt og vondt.

Ingen kommentarer: