onsdag 26. september 2018

Sann kristendom del IV. Pinsekristendom

Den Heilage Ande er Gud, og det som hende pinsedagen (Apostelgjerningane 2) må me sjå på som ei unik historisk hending: Det var himmelens respons på Jesu fullførte frelsesverk for alle verdas menneske. Difor vart Anden gjeven til kyrkja denne dagen, og blir no vidareformidla frå kyrkja til alle som vender om frå syndene sine og let seg døypa i (til) Jesu namn.

Jesus kalla Anden "den andre talsmann" (han var sjølv den første),  og sa: "Han kjem til dykk for å bli verande hos dykk!"
Dette er godt å tenkja på. Anden er ikkje ein gud som kjem og går, han er komen til kyrkja for å BLI!

Det som Jesus var for disiplane under sitt jordeliv, er Anden for Jesu disiplar over heile verda i dag.
Han bur i oss og er alltid mellom oss når me samlast i Jesu namn.

Men så er det viktig at me gjev han ROM. At me ikkje alltid skal vera så raske, men at me tek oss tid i bøn, lovprisning, samtale og undervisning. At me lyttar til kva Anden seier, og at me lyder han. Då betrur han oss sine gåver og si kraft, og Jesu personlegdom kjem til uttrykk gjennom liva våre. Slik, og berre slik, kan Guds rike gå fram på jorda.

Langfredag vart grunnlaget for Guds frelse lagt for alle verdas menneske, og den første pinsedagen vart Anden gjeven til den kristne kyrkje forat både Han og evangeliet skulle kunna gjerast kjent for alle verdas menneske. Ting heng saman her. Kjære kristne ven: Der du bevegar seg, der bevegar Den Heilage Ande seg. Han er i deg og med deg for at Jesus skal bli synleg gjennom deg.

Det at Anden er hos oss alltid, gjer formaninga i Efesarbrevet 5,18 meiningsfull. "Bli fylte av Anden," skriv Paulus, for me kan jo berre fylla oss med noko me har tilgang til.

Langfredag treng ikkje repeterast, ei heller pinsedag. Frelsen og pinsen har vore hos oss sidan år 33 e.Kr. Når me løftar opp Jesus, kjem Anden til oss og fyller oss slik at me elskar Herren enno meir, og lovsongen aukar i styrke og inderlighet. Kva er sann kristendom? Det er og blir å elska Jesus, han som døydde for oss og fridde oss frå våre synder med sitt blod.


Ingen kommentarer: