"Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler," les me i Apg 14.
Kvifor er det slik? Fordi me har ein mektig motstandar som kjempar mot oss når me reiser oss for Gud og hans sak. Han gjer alt han kan for å stoppa oss og lamma oss, og det gjer vondt.
Men Gud er suveren. Han brukar djevelens gjerningar til å fremja sine planar: For når me blir herja med, får me erfara Guds trøyst slik at me blir i stand til å trøysta andre når dei kjem i trøbbel, og slik blir fellesskapet i Guds kyrkje styrkt. 2.Korintarbrev 1. 3-5. Og når fellesskapet blir styrkt, blir kyrkja sterkare, og djevelen oppnår det motsette av det han hadde tenkt.
Og så ein annan positiv ting med dette: Gjennom trengslene lærer Gud oss å stola på han åleine (vers 9). Me har så mange krykker å støtta oss til. Når Gud fjernar dei, erfarer me at me faktisk lett klarer å gå utan krykker, og me blir mykje meir mobile. Interessant.
Kristne over heile verda opplever trengsler. Nokre fordi dei modig forkynner Guds ord, andre rett og slett fordi dei berre elskar Jesus og ikkje vil tilbe andre enn han.
"Be for oss," skriv Paulus i 2.Kor 1,11. I Asia hadde dei fått så mykje juling at dei trudde dei skulle døy av medfarten. Tusenvis av Guds barn er i same situasjon i dag, og Gud vil at me skal be for dei.
Når me ber, gjev me Gud handlingsrom, og når han får koma til med si hjelp, skjer det under, og me blir alle så takksame og glade, og Gud går fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar