torsdag 27. september 2018

Sann kristendom V. Kyrkjelyden, Guds familie.

På pinsedag vart 3000 menneske døypte og lagde til, les me, underforstått:  lagde til kyrkjelyden.
Der Anden verkar, der veks det fram kyrkjelydar, grupper av mennesker som elskar kvarandre og som står tett saman for å bringa evangeliet ut til menneske, nært eller fjernt.
Alle som har Anden ønskjer å tilhøyra eit slikt fellesskap. Kjenneteiknet på ekte kristne er at dei elskar sine medtruande søsken, skriv Johannes i sitt første brev.

Kyrkjelyden vart ikkje grunnlagt på pinsedag, men kraftig utvida og internasjonalisert.
Før pinsedag var han å finna mellom "dei stille i landet" (inkludert Jesu disiplar), og han var heilt gjennom jødisk. På pinsedag, og i tida etterpå, endra dette seg radikalt. Språkunderet indikerte at Guds rike er for alle verdas folkeslag, noko som vart stadfesta i Apostelgjerningane kap 8 då Anden var gjeven til samaritanane, og i kap 10 til Kornelius og hans hus, som alle var romarar. Smått om senn vart kristendomen sitt tyngdepunkt flytta frå Jerusalem til Antiokia, og frå denne byen vart han spreidd til alle land i den nordlege Middelhavsregionen, i og med at Paulus var sendt ut av kyrkjelyden der.

Det som særpregar Paulus si misjonsgjerning er at med ein gong nokre kom til tru, samla han dei i kyrkjelydar og utnemnde leiarar for kyrkja, pastorar og diakonar. Dei første skulle ha ansvar for undervisninga, dei andre for praktisk omsorg.

Gud organiserer barna sine i kyrkjelydar, og berre slik. Jesus seier sjølv at det han held på med er å byggja kyrkjelyden sin.

Me er èin familie, og det er viktig at me også oppfører oss som det.




Ingen kommentarer: