onsdag 6. februar 2013

Grunntrekk i Romarbrevet I


Romarbrevet er Paulus sitt dogmatiske hovudverk, og kanksje det viktigaste dokumentet som er skrive i den menneskelege historie. Dette brevet har forandra historia mange gongar. Gjennom Romarbrevet fekk både Augustin, Martin Luther og John Wesley del i Guds frelse, og dei kom alle til å endra historias løp. Men desse tre er alle historie, lever Romarbrevet vidare og gjer sin gjerning, og no er det vår tur til å la oss påverka av Guds Ande og bli slike som skaper historie.

Paulus hadde aldri vore i Rom då han skreiv dette brevet. Men han kjende mange i kyrkjelyden der. Det ser me tydeleg i kapittel 16 der han helsar namngjevne personar som han kjenner godt.

Rom var som ein magnet. Folk frå heile riket vart drege mot hovudstaden, og Paulus hadde også eit brennande ønske om å koma dit. I det heile ser det ut til at apostelen i tenesta konsentrerte seg om å forkynna evangeliet om Jesus Kristus i dei største byane rundt Middelhavet. Motivet må ha vore at det er det som skjer i dei store byane som bestemmer korleis folk flest tenkjer og trur. Det går ei langt sterkare påverknadskraft frå byane til landsbygda enn andre vegen. Og av alle byar var Rom i ei særstilling. Der budde alle som hadde makt i samfunnet og som slik kunne påverka verkelegheitsoppfatninga og trendane i resten av det enorme Romerriket. Og den som påverka mest var keisaren, og Paulus hadde eit klårt uttalt mål å få forkynna evangeliet for han.

Paulus visste godt kva Gud var god for gjennom han. Det hadde han erfart gjennom mange år. Den nåden som kvilte over Paulus sitt liv var heilt unik. Ingen kom upåverka frå eit møte med denne mannen, og tusen på tusen kom til tru på Herren Jesus etter å ha lytta til apostelen Paulus. 

I vers 1 framstiller han seg som Jesu Kristi tenar, eller i røynda slave. I dette ligg det at Paulus var Jesu Kristi eigedom. Den einaste formen for fridom Bibelen kjenner er den det menneske får som overgjev seg med hud og hår til Jesus utan krav om noko som helst tilbake.

Paulus var kalla av Gud. Det visste han godt. Opplevinga utanfor og i Damaskus sat friskt i minnet heile livet og dreiv han framover: Du skal vera eit lys for heidningane som sit i mørkret. Det var hans kall. Slik vart han sendt ut av Jesus Kristus sjølv. Ein apostel er rett og slett ein utsending med autoritet frå den som har sendt han. Paulus var sendt for å forkynna evangeliet om Jesus og kalla folk til omvending og tru.

Du og eg er også kalla av Gud. Først til å ha fellesskap med han og leva som hans sanne barn. Så har me fått fullmakt til å gjera godt for våre medmenneske og dela med dei det Gud talar med og til oss om, og det me erfarer med han i kvardagen.

Evangeliet som Paulus fekk å forkynna, og som i dag er vårt, har sine røtter i fjern fortid, og Gud hadde lenge før Jesu tid forkynt det gjennom profetane i Det gamle testamentet. Når me les GT er det ikkje vanskeleg å få auga på han. I Jesaja 53 som Herrens lidande tenar som lid og døyr for våre misgjerningar. I Jeremia 23 som "Herren vår rettferd." I Jesaja 9 som barnet som er oss fødd og som ber utrulege namn: "under, rådgjevar, veldig Gud, evig Far og fredsfyrste."

Denne Jesus er sann Gud og sant menneske, Guds og Davids son. Berre slik kunne han bygga bru mellom himmel og jord, mellom Gud og oss, og berre slik kunne han frelsa oss frå våre synder, og slik må me ta imot han dersom me skal kunna nyttigjera oss hans gjerning. Gud velsigne oss alle til det.

"Gode Gud! Me takka deg for alt du har vist oss i og gjennom dette brevet me no skal jobba med. Du har kalla oss til samfunn med Jesus, og sett oss inn i teneste for evangeliet. Me er så rike, og all vår rikdom kjem frå deg, du som er alle gode gavers gjevar.

Herre Jesus! Takk for din død og di oppstode og for frelsa som spring ut av ditt storverk. Ved ditt blod  gav du oss siger over alle våre synder og over døden og djevelens makt. Me berre ærar deg og prisar deg og me jublar for deg og hyllar deg med kropp og sjel og ånd, med alt me er og har. Amen!"


Ingen kommentarer: