lørdag 16. februar 2013

Romerbrevet 1,10-12. Grunntankar del 3

 Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil. 11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk. 12 Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.

Paulus hadde lenge hatt som mål å besøka kyrkjelyden i Roma. Ja, han lengta etter å dela fellesskap med dei. Men han var så langt blitt forhindra. Difor bad han om at det måtte leggja seg til rette. Og det gjorde det. Det gjekk slik til: Etter at Paulus hadde skrive dette brevet, reiste han til Jerusalem. Der vart han arrestert og fengsla. Sidan han var romersk statsborgar, appellerte han saka si inn for keisaren, det var hans rett, og etter to år vart han transportert med livvakt til Roma der saka hans til slutt kom opp til dom. Dette kan du lesa om i Apostelgjerningane kapittel 21-28. Korleis det gjekk vidare er litt uklårt, men det me veit er at han til slutt vart halshoggen i Roma under keisar Nero, truleg i år 67. 

Paulus var ein veldig sjølvstendig kristen. Han let seg ikkje styra av andre enn Jesus. Likevel elska han kyrkja og det kristne samfunnet. Så ofte han kunne hadde han fellesskap med andre som elska Jesus. Det var det mest meiningsfulle han visste, og ingen har hatt så stor innsikt i kva det kristne fellesskapet og kyrkja er som han. Han skriv i 1. Korintarbrev 12 at kyrkja er Kristi kropp i verda, og at det dermed er heilt umogeleg å ha samfunn med Kristus utan å ha samfunn med kristne, og at det er umogeleg å elska Kristus utan å elska kristne og lengta etter å vera saman med dei og tena Jesus saman med dei. Når nokon seier dei trur på Jesus og elskar han, men ikkje har lyst å tena Jesus i lag med andre kristne, bløffar dei om trua si. Den er ikkje levande. 

Paulus ville så gjerne dela ei Andens gåve med dei kristne i Roma for å styrka dei. For ein fin innstilling. Kvifor går du på gudsteneste? Kvifor går du på møte? For å få noko for ditt eige liv, eller for å gje noko til andre? Det siste er den rette kristne innstilling: Du skal ikkje gå på møte berre for treffa andre eller få noko frå han eller ho som talar, men du skal gå for å gje det du sjølv har fått hos Gud. Som kristne er me delarar. Den som har to kapper, gjev bort den eine, sa Johannes døyparen (Lukas 3). Den som har mat, deler med den som ikkje har, og når me har fått ei åndeleg nådegåve, er det ikkje for å behalda henne sjølv for at andre skal bli imponerte over kva Gud kan bruka oss til, nei, det er for at me skal dela den med andre. Det er ein krystallklår tanke i Bibelen, me får for å gje, og me skal repordusera oss sjølve i andre. Menneskedyrking i Guds menighet er ikkje noko anna enn avgudsdyrking. 

Når me deler med kvarandre, set me mot i kvarandre, bygger kvarandre opp og hjelper kvarandre framover. Klaging og syting må me berre slutta med. Heile samfunnet er fullt av dette svineriet, og tankane våre blir fort med på galeien. Men klaging og syting over stort og smått, gjer oss motlause, og det er djevelens verk. For Gud har ikkje noko med denne ånda å gjera. Han gjev oss ei ånd som gjev oss styrke og klokskap. Og det treng me til fulle i vårt daglege liv, i ektekskapet, i familien, på jobben, i møte med naboar eller i kyrkjelyden. Difor seier også forfattaren av Hebrearbrevet: "Set mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter i dag, så ingen skal bli liggande etter på vegen." 

Djevelen er ein ulv. Han har ein kjent jaktstrategi: Han isolerer bytte sitt. Då er det enklare for å han å drepa det. Høyr no, du som av ein eller annan grunn held deg borte frå den kristne fellesskapen: Skund deg attende. Du er i den største fare. Djevelen har isolert deg, og kjem du deg ikkje attende til flokken, går det ikkje lang tid før du er i hans makt og han tappar ut alt av Guds liv i deg. Lat det åtvara. I dag om du høyrer hans røyst, gjer ikkje hjarta ditt hardt, men bør deg for Guds ord og vend tilbake til Jesus og hans vener.  

Kjære Jesus! Takk for kyrkja og den kristne fellesskapen, takk for all den kraft, nåde og inspirasjon som du kanaliserer til kvar engelt av oss gjennom våre kristne vener. Hjelp oss å stå tett saman, oppmuntra og utrusta kvarandre kvar einaste dag heilt til du kjem attende for å henta oss heim til deg sjølv. Me er din kropp. Må di kraft og din nåde strøyma gjennom oss og til den verda du kom for å frelsa og lækja, og avslør alle løgntankar frå djevelen som forvirrar oss og som får oss til å tru at me klarar oss best åleine utan dei andre. Amen!

Ingen kommentarer: