torsdag 7. februar 2013

Romerbrevet II: Skapt og frelst for å æra Gud

  1,5-7
Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.  6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.  7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

I vers 5 skriv Paulus av ved Jesus har han fått nåde og apostelteneste. Dette er eit viktig ord inn i ditt liv. Du forstår: Jesus gjev deg ikkje berre nåde og tilgjeving. I same slengen set han deg i arbeid. Du skal vera med å føra andre menneske til tru og lydnad. Ja, frå den augneblinken som du sjølv vart frelst, er det det livet ditt handlar om. Du kan ikkje bli frelst og leva som før. Då har du bomma totalt. Nei, du skal reisa deg ut av sofaen, gå ned på dine kne og be Gud om å fylla deg, strøyma gjennom deg og bruka deg for å fylla himmelen med nye borgarar av Guds rike. Det vart livsprogrammet til Paulus, og det skal vera ditt og mitt. Me blir sikkert ikkje apostlar, men kva gjer det? Me er noko som er enno større: Me er Guds barn, og ingenting kan vera større enn det. Og Gud har sagt at han  vil bruka oss alle sammen for å fylla himmelen med lukkelege og frelste sjeler. 

Å jobba for Jesus er ikkje noko ork. Det er kjempegøy. Og når du merkar at Guds kraft bur i deg, at folk lyttar til deg og tek imot det du vitnar om, og når det skjer under når du ber, ja, då er det kjekt å leva og du vil aldir meir tilbake til den sørpa du ein gong vassa i. 

Kvifor er det viktig at folk blir frelst? For at dei skal koma til himmelen når dei døyr? Ja, det er viktig nok. Men det er ikkje det som er hovudpoenget, skriv Paulus her. Hovudpoenget er at Gud skal få ære. Det er saka. For er det ein som fortener ære, så er det Gud, han som har skapt oss, frelst oss gjennom eit ekstremt kostbart offer og som står i dag og natt for å passa på oss slik at me har det bra. Eg seier berre: Ærast den som ærast bør. Og dersom Gud ikkje får ære for sitt verk, er det nokon andre som tek det, og det blir jo berre ein bløff.

Er Gud så veldig oppteken av ære? Nei, ikkje for sin eigen del. Men for vår del. Saka er: Me er skapte til å æra Gud, og me har det berre godt og rett når me held på med det.  

Me er elska av Gud. Nåde betyr at Gud elskar oss utan grunn i oss sjølve. Ja, han anerkjenner oss som sine, og han har av pur godleik fjerna alle syndene våre, dei som kunna hindra han i anerkjenna oss. Han fjerna dei på Jesu Kristi kross. Han ser dei aldri meir. Du er så rein og fin i Guds auger. Kvifor elskar Gud deg? Fordi han berre gjer det. Han berre ER kjærleik og kan ikkje anna enn å ausa sin kjærleik over deg. Tek du imot? Gjer det no. Berre anerkjenn Guds kjærleik til deg, opna deg og sol deg i Han. 

Då vil hjarta ditt bli fylt av fred, den freden som går over all forstand og som er der som ei positiv kraft i livet ditt gjennom alle vanskane som dette livet har å by på.

Lat oss be:
Jesus, Guds Son, du som har frelst oss med ditt og blod og kalla oss til samfunn med deg sjølv og sett oss i arbeid for deg. Fyll oss med din Ande, lat di kraft strøyma inn i oss og ut frå oss og bruk oss slik at me kan få vera med og befolka himmelen og vera med og reparera knuste menneske liv og slik få litt himmel på jord. Hjelp oss så me ikkje tenkje smått om oss sjølve, men ser på oss som Guds søner og døtre, prinsar og prinsesser med myndighet til å fortelja folk din vilje. Amen! 

 

Ingen kommentarer: