mandag 25. februar 2013

Grunntankar i Romarbrevet. Del V

18 Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.

Me likar å tenkja på at Gud har openberra sin nåde og godleik for oss. I Johannes 1 les me om at lova kom med Moses, med at nåden og sanninga kom med Jesus. 

Likevel skriv Paulus her at Gud også openberrar vreiden sin i vår tid. Er Gud sint? Ja, han er sint på alle krefter i vår verd som bryt menneske ned, og som øydelegg vår relasjon til han. Kort sagt alt som fører oss ut i elende, anten her i dette livet eller i det som kjem. 

Det at Guds vreide blir openberra betyr at Gud talar til oss og viser oss at synda mishagar han på ein slik måte at me forstår at dersom me hald fram med å elska og dyrka henne, går me evig fortapt. Når Gud openberrar sin vreide, begynnar me å skamma oss over syndene våre og ønskjer å bli kvitt dei. 

Korleis openberrar Gud sin vreide? Gjennom lova si, dvs dei ti boda, bodet om å elska Gud og kvarandre, den gylneregel og alle formaningane i breva i NT.  Der fortel Gud oss kva som er rett og galt, kva som er forbode å gjera og kva han påbyr oss å gjera. 

Guds vreide er motstykket til Guds nåde, les me i Studiebibelen. Og denne vreiden rettar seg mot ugudelegdom og urett. Ugudelegdom er synd av religiøs karakter, og urett gjeld synd i moralsk meining. 

Ugudelegdom er altså ikkje berre ateisme, men alt religiøst strev hos menneska for å finna Gud eller tilfredsstilla han på noko vis, kort sagt all religion utan Jesus. All trolldom, spiritisme, yoga, transcendental meditasjon er også ugudelegdom. Likeeins all menneskedyrking og idoldyrking og vår inngrodde tanke om at me har rett til å bestemma over våre eigne liv sjølve og slik vera våre eigne gudar. 

Ugudelegdomen hos menneske syner seg også på den måten at ein talar nedsetjande om Gud, og gjev han skulda for alt vondt som skjer i verda. Martin Luther skriv at menneske er fødd innekrøkt i seg sjølv og med ryggen mot Gud, dvs stjerneegoistar med ei kjensle av å stå over Gud og ha rett til døma han for det han gjer og det han ikkje gjer. Slik stiller det falne menneske alt opp ned.  


Det er sant som ein har sagt: Gud hatar synda, men elskar syndaren. Likevel er det slik at den syndaren som fornektar Kristus og snur seg bort frå Guds ord, blir råka at Guds dom og straff.

Urett er alt me føretek oss som tener oss sjølve på bekostning av andre, samt den vondskap som kjem til uttrykk i folk som har ein absurd glede av å undertrykka andre og skada dei som reiser seg mot undertrykkinga. Slik heng ugudelegdom og urett saman, for den som let seg fylla av Guds kjærleik, kan ikkje gjera urett mot andre. 

Me er alle syndarar. Me er alle lovbrytarar. Me har alle felt dom over Gud i våre hjarto. Me er alle gudlause egoistar i djupet av våre sjeler, og  utan Jesus er me fortapte. 

Gud har ingen glede i å dømma nokon som helst. Difor dømte han Jesus i vår plass. Men me må tru på Jesus og følgja han dersom me skal leve i Guds nåde. Nåden er knytt til Jesus, og vil me ikkje vera i lag med han, misser me nåden og kjem inn under vreiden.  Så enkelt er det. Johannes døyparen seier: "Den som trur på Sonen, har evig liv, men den som ikkje vil tru, over han vert Guds vreide."

I den tida me lever i no, utøver Gud si gode makt i den grad han slepper til i liva våre. "Gje Gud makt!" står det i Salme 29. Skal Gud utøva makt i liva våre, må me gjera han til Herre og leva i lydnad mot hans bod og gjera det hans Ande byr oss. Då kan alt godt skje med oss og gjennom oss. 

Herre Jesus Kristus! Moses kom med lova, du kom med nåden og sanninga. Av det forstår me at me berre kan leva i nåden så lenge me er ærlege og sanne menneske, og så lenge me anerkjenner Bibelens ord som Guds sanning. Gje oss din Ande slik at me forstår at synda er syndig og skammeleg og ønskjer å bli kvitt henne for einkvar pris. 


Ingen kommentarer: