mandag 4. mars 2013

Grunntankar i Romarbrevet del VI

Kapittel 1,18- 3,20 skildrar menneske sin situasjon slik denne er utan evangeliet og utanfor Kristus. Det er på mange måtar dyster lesing, men opplysande. I dag tek me for oss vers 20-32 i kapittel 1. 

For det første: Alle menneske trur på Gud, og har god grunn til å gjera det. For naturen i all sin mangfald og venleik vitnar om ein skapar som står over det skapte, ein som er guddommeleg og evig i kraft. Vitnemålet frå naturen er uimotståeleg, og dei som trass i dette vellet av informasjon om Gud, likevel fornektar han, gjer det ikkje av intellektuelle grunnar, men av moralske. Dei ønskjer ikkje å innretta liva sine etter Gud og hans bod. Dei er gudlause i sinnet, og vel å leva etter sine eigne interesser og lyster. Slik endar dei opp i det som ingenting er, skriv apostelen, dei stolar på forgjengelege ting, ting som ikkje har evighet i seg, ting utan hald i. Dei lever utan Gud, døyr utan Gud og går inn i evigheten utan Gud. Det siste blir ei fortvila negativ oppdaging for dei, men det eine dreg det andre med seg.  Ein kan ikkje velga vegen mot helvete og venta å enda opp i himmelen. Slik fungerer det ikkje. 

Men så skjer det noko med dei menneska som vel bort Gud og hans bod, dei kjem inn i syndas maktfelt. Ting går frå vondt til verre, noko som betyr at dei ikkje berre bryt Guds bod, men dei dømmer Guds bod som ubrukelege. Når Gud seier at me ikkje skal bryta ekteskapet, så meiner dei at det kan då ikkje gjera så mykje, og så begynnar stadig fleire å skilja seg med alle dei følgjer som det fører med seg. Dernest har Gud sagt at seksuallivet er noko som skal levast ut mellom kvinne og mann innafor ekteskapet si ramme, eit synspunkt menneska i dag finn heilt urimeleg og ikkje øsnkje å retta seg etter, så dei opnar for sambuarskap og homofile ekteskap, med det resultat at Gud overlet dei til seg sjølv slik at kvinnene brenn av lyst etter kvarandre, og det same skjer også med mennene. I eit samfunn der det Gud meiner i stor grad vert latterleggjort eller rett ut forkasta, vil seksuelle avvik blomstra opp over alt, og ofte der ein minst kunne venta det. 

Alle skal fram for Kristi domstol ein dag og få betalt for sine gjerningar. Men at Gud også dømmer oss medan me enno lever på denne sida av døden, er mindre kjent. Men det gjer han på den måten at han overlet dei menneska til seg sjølv som ønskjer å leva livet utan han. Resultatet blir det Paulus her kallar "sviktande dømmekraft", og då tenkjer han på den moralske dømmekrafta. Ein begynner å rekna det som er galt for rett, og det som er rett for galt, og resultatet er at ein kjem i syndas makt og blir liggande under for eigesjuke,  misunning, mordlyst, vondskap, svik, strid og list. Og vidare nemner apostelen oppblomstring av sladder, baktale, vald, hovmot, skryt, gudshat og nådeløyse. Vel, mangt av dette kan også kristne falla i. Men ein sann kristen skammar seg når han gjer slikt, men den som Gud har overlate til seg sjølv, manglar dette skamvitet, og det hender at han/ho er stolt over dei syndige haldningane sine og gjerne deler dei med andre for å få dei til å tenkja og meina likeeins. Han meiner det vonde er eit gode.  Det er mørkt i slike sjeler, og vona deira er at dei møter eit menneske med Guds lys i seg som kan føra dei inn i sjølvgransking slik at dei kan fella dom over seg sjølv, be Gud om nåde og få ein ny start i livet saman med Jesus. 

http://www.mediafire.com/?teakf03qfhgnacw

Ingen kommentarer: