mandag 25. mars 2013

Det kristne menneskesynet. Grunntankar i Romarbrevet del IX

Teksten for dagens tankar finn du i Romerbrevet 3,9-20. Vers 1-8 kan kort summerast opp med at jødane har den føremun at dei er blitt tiltrudd Guds ord. Det forvalta dei imidlertid ikkje etter Guds plan. Tvert om, dei synte seg utrue i og med at dei avviste evangeliet Men fordi jødane var utrue, gjekk både evangeliet og misjonsoppdraget vidare til folkeslaga. Israels utruskap vart til velsigning for verda. Kan Israel då lastast? Ja, avgjort, både fordi dei avviste Guds gåve, og fordi dei ikkje ville fullføra hans plan om å samla alle menneske til eitt i Kristus Jesus. Det var jo Guds plan med dei heilt frå han kalla Abraham og sa: "I deg skal alle folkeslag velsignast". Det jødiske folket fekk dermed eit stort problem: dei kom i opposisjon til den Gud som hadde frelst dei ut av Egypt, som hadde ført dei og teke vare på dei gjennom ei dramatisk historie. Han hadde også lova å senda tenaren sin til dei og frelsa dei frå syndene deira, og då han gjorde det, avviste dei han som kom, ei avvisning dei i stor grad har halde fast ved seinare. Slik synte dei seg å vera laga av det same stoffet som alle oss andre, menneske fødd i synd og gjennomgåande prega av synda, og det er dette vers 10-18 omhandlar.

Apostelen startar med å slå fast at ingen menneske er rettferdige. Å vera rettferdig er å vera heilt gjennom god og sann, og det er det berre eitt menneske som har vore etter syndefallet, nemleg Jesus Kristus. Alle me andre er gjennomgåande urettferdige i den forstand at me ikkje gjer rett og sjel for oss korkje overfor Gud eller vår neste.

Det er ingen menneske som er så forstandige at dei søkjer Gud, les me. Skal det bli noko mellom oss og Gud , må me bli oppsøkt av han. Ingen blir kristen på eige initiativ. Me er prisgjeven Gud i så måte.

Og det blir verre: Alle menneske har vike av frå Guds veg og blitt bortkomne og villfarande, utan evne eller vilje til å finna tilbake. Snarare vil ein det som Gud ikkje vil, leva etter lystene sine og dyrka seg sjølv. Denne sjølvdyrkinga kallar apostelen "forderving", og det som rotnar spreier rotenskapen sin til miljøet rundt. Slik også med oss menneske. Me smittar kvarandre og innbiller kvarandre at det er OK å leva etter sine eigne interesser, at det er av det gode. Men det er av det vonde, rotenskap som løyser opp personlegdomen, medmenneskelege relasjonar og framfor alt høve til Gud.

Dette slår ut i måten me snakkar på. Jesus seier at "det hjarta er fullt av, renn munnen over med." Kva likar du å snakka om? Dersom du er rettferdig ærar du Gud og din neste med dine ord, og du unngår å tenkja og snakka stygt om folk. Men slik er ikkje me menneske av naturen. I staden er me kritiske og dønmmande, klagande og sytande og ikkje sjeldan dekker me over sanninga for ikkje sjølv å koma dårleg ut, og me kan både banna, kjefta og smella. Strupen er blitt ei open grav, skriv apostelen. Det luktar rote av orda. Ikkje minst ser me dette i våre dagar på debattar på nettet. Det me les der er ikkje skrive ut av kjærleik og respekt, men ofte er det prega av forakt og vondskap.

Til slutt tek apostelen for seg vår tendens til å ty til vald for å få gjennom tinga våre om ingen andre metodar fører fram. Dei fleste klarar å halda slike tendensar i sjakk. Ein veit at det er galt og at ein ikkje tener noko som helst på fysisk skadeverk. Likevel er det meir enn nok av vald i samfunnet, og i alle dagsaviser kan me lesa om menneske som har utøvd stygg vald mot sine medmennesker, og blir tidene vonde, er dette noko som ingen er framand for, og om me i fredstid ikkje gjer dette i praktisk handling, kan me likevel ofte ha lyst til å løysa problema våre på ein slik måte, særleg gjeld dette menn.

Så manglar me gudsfrykt, les me i vers 18. Korleis merkar me det? Ved at me lite bryr oss om kva Gud seier i sitt ord, men følgjer andre normer fastsett av oss sjølve eller andre menneske. Og dersom Gud blir påtrengande nær, prøver me å dømma han og finna ting å anklaga han for og få han til å sjå ut som ein djevel: "Dersom Gud er god og allmektig, kvifor forhindrar han ikkje då at det vonde skjer?" Slik spør menneske utan gudsfrykt. Og svaret ein er ute etter er dette: Sidan Gud ikkje forhindrar det vonde, er han anten  sjølv vond, eller han er avmektig eller han er ikkje i det heile tatt. Folk som tenkjer og snakkar slik, veit ikkje av gudsfrykt.

Skal me vera ærlege så  skildrar dette oss menneske slik me er blitt. Me har ingenting å forsvara oss med. Dette er oss. Me manglar både viljen og evnen til å leva etter Guds standard, me fell gjennom på alle punkt. Guds lov krev at alle våre handlingar er motivert av fullkomen godleik og ærlegdom, og difor står me som skuldnarar innfor Gud. Det er me som har synda, og det er me som fortener å bli dømt.

Jesus Kristus, Guds Son! Kast lyset ditt innover liva våre slik at me ser kor me står i vårt høve til deg, og hjelp oss å alltid la Guds ord døma oss slik at me dagleg sannar syndene våre, trur din nåde og let oss påverka av den godleik som du så villig deler med oss. Du er ein Gud som tilgjev oss våre synder og lækjer sjelene våre. Leid oss på dine vegar. Gje oss Anden din slik at det blir lett for oss å gå saman med deg og tena deg. Amen! 








Ingen kommentarer: