torsdag 14. mars 2013

Grunntankar i Romarbrevet, del VIII

Kap.2,12-16

Lydfil: http://www.mediafire.com/?165ekhl33o61h1u

 
Kan Gud døma menneske til fortaping som ikkje har høyrt om Jesus eller som aldri har hatt Guds openberring? Ja, svarer Paulus her. Det er ei desperat sanning dette at menneske er fortapt i sine synder. Misjon er ein REELL REDNINGSAKSJON. Det er ikkje for syns skuld me held på med dette. I Johannes 3,16 les me at det er berre dei som trur på Jesus som vil bli frelst frå fortapinga si gru. Er dette rettferdig? Ja. Gud er rettferdig. Me derimot er urettferdige. Det rare er at me som syndar dagleg i tankar, ord og gjerningar har ein så djup trong til å dømma Gud som er den einaste syndfrie. Det er stor dårskap. Så får det stå fast: Den som syndar utan lova, skal gå fortapt utan lova, og dei som syndar under lova, skal dømast etter lova. Dei siste får ein strengare dom enn dei første. 

Men kan folk dømast etter ei lov dei ikkje kjenner? Ja, på sett og vis kan dei det. I Noreg har me mange lover. Dei fleste har du og eg ikkje peiling på. Men dersom me bryt ei lov me ikkje kjenner og blir tekne og tiltalt, blir me dømt av retten. Det hjelper ingenting om du står opp og seier at du ikkje kjente til lova du var tiltalt etter. Du er og blir skuldig og må betala for det du har gjort galt. 

Men no har alle menneske ei viss kjennskap til Guds lover. Paulus kallar det for samvit. Guds etiske lovverk er i noko grad innebygd i alle menneske. Me har alle moralske omgrep. Me har alle klare tankar om rett og galt, slik som me snakka om i sist avsnitt. Dette er lover som me ser på som gyldige for oss sjølve og andre, og kjem me til kort overfor dei, blir me dømte til evig fortaping. Èi slik lov er den gylne regel som seier at me skal gjera mot andre som me meiner at dei skal gjera mot oss, men kven lever vel etter den lova? 

Jødane hadde lova. Me i Noreg har også fått Guds lov, sjølv om mange i dag ikkje kjenner henne. Bibelkunnskapen er alvorleg på retur i landet vårt. Men dersom me veit kva lova seier, men ikkje lever etter henne, er me ikkje rettferdige. Det er berre den som oppfyller lova som er rettferdig for Gud, og for å oppfylla henne duger det ikkje å berre å gjera det me kjenner oss forplikta til, nei me må gjera det med glede ut av brennande kjærleik til Gud og vår neste. Og med respekt å melda: Ingen av oss er der. Det er berre èin som har vore i den kategori, og det er Jesus Kristus, Guds einborne Son. Det som var umogeleg for oss, det gjorde han. Men han gjorde det  ikkje for sin eigen del, men for vår.  I dag kan me rekna lova som 100% oppfylt for alle, og så kan me frimodig, i tillit til Jesus, koma til Gud vår Far og få evig liv hos han. 
Dette er evangeliet, verdas einaste von, det som me er sett til å forkynna. 

Gud, vår Far! Du er 100% rettferdig i alt du gjer. Når du frelser den som trur og dømer den vantru. Ingen kan døma deg. Likevel prøver menneska det heile tida. Det er vår største synd. Difor vil me no venda om frå denne uretten og berre lova og prisa deg som ofra oss Sonen din for våre synder, slik at me kan bli frelst og få evig liv. 

Denne dagen ber me spesielt om at ditt rike skal koma og din vilje skal skje i Botswana. Bygg opp kyrkja di i dette ørkenlandet, gje dei dagleg brød og eit godt styre. 

Ver også for pave Frans I i den gjerning han no går inn i. Lat han bli eit sant vitne om deg og dine frelsesgjerningar, og føra den katolske kyrkja inn på rettferds stigar. 

Så ber me om fridom for dei 3 kristne egyptarane som sit fengsla i Benghazi i Libya, og om styrke for familien til Abdel Malak som døydde i dette fengslet søndag 10. mars. 

Fleire bøner finn du på globalbon.blogspot.com









Ingen kommentarer: