tirsdag 5. mars 2013

Grunntankar i Romerbrevet del VII

Kap.2,1-11. DEN UNIVERSELLE MORALLOVA

http://www.mediafire.com/?7773nv7k53b1u1d


Me lever i eit moralsk univers, og som menneske er me grunnleggande moralske i vår tenkning. Kvar dag, og mange gongar for dagen, vurderer me våre eigne og andre sine handlingar, og me opplever alle at me har ein tendens til å vera meir kritiske til andre enn til oss sjølve, og ikkje så sjeldan kan me vera veldig strenge i vår dom over våre medmenneske. Men her er det eit problem. I vår iver etter å bedømma og fordømma vår neste, avslører me ein stor mangel på sympati, medmenneskelegheit og og godleik. Snarare kan me framvisa eit hav av hjartekulde og stundom menneskeforakt. Og dette er det som Jesus kallar BJELKEN som me har i våre eigne augo når me leitar etter flisa hos vår neste. 

Paulus skriv så her at sidan alle menneske er moralske, skal kvar av oss dømmast etter den moralske standard me har sett i hjarto våre for andre. Det er Guds rettferd slik den kjem til uttrykk for alle menneske som lever utanfor hans nåde i Jesus Kristus. Dersom me dømer folk som er uærlege overfor oss, syner me at me meiner det er rett å væra ærlege og galt å vera uærlege, og då vil me bli dømt etter det. Dersom me meiner det er galt av andre å vera griske, så me det vera galt av oss også å vera det. Dersom me meiner det er galt av andre å baktala oss, må me forventa sjølve å bli dømt dersom me har baktalt andre. Dersom me meiner det er galt av andre å stela frå oss, har me forplikta oss sjølve også til aldri å stela. Dersom me meiner at det rett at andre elskar oss og tek omsyn til oss, har me vist at det å elska og ta omsyn til andre er noko me meiner er rett, og me vil bli vurdert etter det osv. Me vil altså gjennomgåande bli dømt etter vår eigen standard, og då kan ingen klaga. Det er rettferdig. 

Saka er: Ingen av oss kan leva opp til den standarden me set for andre. Me fell totalt gjennom. Det veit Gud. Likevel ventar han med å fella dom over oss. Han har ingen glede i at syndarar døyr, men at dei vender om og lever (Esekiel 18,23). Gud er god, og hans uendelege godleik skulle oppmuntra alle menneske til å venda om til han og tillitsfullt kasta seg i hans farsarmar. Difor senda han Sonen sin for å gjera opp for alle våre synder slik at han kunne sleppa å døma oss. Men når folk likevel held seg borte frå Gud, hopar dei seg opp vreide til domens dag. Dei bryt både sine eigne og Guds lover samstundes som dei forkastar hans frelse. Då er det ingen veg utanom hans strenge og rettferdige dom. Då vil alle som trufast har gjort det gode og søkt ære og uforgjengelegdom  bli frikjent, medan alle som har svin på skogen, og det er med respekt å melda alle menneske, vil erfara både naud og angst når dei ser følgjene av å ha avvist Guds rause nådetilbod.

Ingen kommentarer: