Alle menneske har trong for omvending.
Jesus sa til disiplane sine at "i hans namn (dvs Jesu namn) skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag.."
Det er dei som vender om frå syndene sine som får tilgjeving hos Gud.
Dei som ikkje vil venda om, blir verande under Guds dom heilt til dei tek hand i hanske og snur seg vekk frå syndene sine og audmjukt ber som tollaren i templet: "Å Gud, ver meg ein syndar nådig!" Då blir dei straks tilgjevne, sjølv om dei berre hugsar ein promille av alt det galne dei har gjort. For tilgjevinga ligg ikkje i omvendinga, men i Jesus, han som me vender om til.
I 1. Tess 1,9 les me slik: "De vende om frå avgudane til Gud, så de kan tena den levande og sanne Gud."
Poenget med å venda om er altså ikkje kun å koma seg ut av Guds dom, kor viktig det enn er, men framfor noko anna å begynna å tena den levande og sanne Gud, det som me opphaveleg er skapte til. Gud har ein strålande plan med kvar einaste ein av oss: Me skal få leva for hans åsyn (1.Mosebok 17,1-3), æra han, forkynna hans gjerningar, formidla hans kraft og gjera godt mot nesten.
Når me kjem inn i dette, erfarer me det Jesus snakka om i Johannes 4 då han sa til disiplane som kom med mat til han: "Min mat er å gjera hans vilje som har sendt meg." Han hadde fått ført ei kvinne til omvending, og kjende seg djupt tilfreds.
Viser innlegg med etiketten omvending. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten omvending. Vis alle innlegg
tirsdag 2. oktober 2018
tirsdag 5. mars 2013
Grunntankar i Romerbrevet del VII
Kap.2,1-11. DEN UNIVERSELLE MORALLOVA
http://www.mediafire.com/?7773nv7k53b1u1d
Me lever i eit moralsk univers, og som menneske er me grunnleggande moralske i vår tenkning. Kvar dag, og mange gongar for dagen, vurderer me våre eigne og andre sine handlingar, og me opplever alle at me har ein tendens til å vera meir kritiske til andre enn til oss sjølve, og ikkje så sjeldan kan me vera veldig strenge i vår dom over våre medmenneske. Men her er det eit problem. I vår iver etter å bedømma og fordømma vår neste, avslører me ein stor mangel på sympati, medmenneskelegheit og og godleik. Snarare kan me framvisa eit hav av hjartekulde og stundom menneskeforakt. Og dette er det som Jesus kallar BJELKEN som me har i våre eigne augo når me leitar etter flisa hos vår neste.
Paulus skriv så her at sidan alle menneske er moralske, skal kvar av oss dømmast etter den moralske standard me har sett i hjarto våre for andre. Det er Guds rettferd slik den kjem til uttrykk for alle menneske som lever utanfor hans nåde i Jesus Kristus. Dersom me dømer folk som er uærlege overfor oss, syner me at me meiner det er rett å væra ærlege og galt å vera uærlege, og då vil me bli dømt etter det. Dersom me meiner det er galt av andre å vera griske, så me det vera galt av oss også å vera det. Dersom me meiner det er galt av andre å baktala oss, må me forventa sjølve å bli dømt dersom me har baktalt andre. Dersom me meiner det er galt av andre å stela frå oss, har me forplikta oss sjølve også til aldri å stela. Dersom me meiner at det rett at andre elskar oss og tek omsyn til oss, har me vist at det å elska og ta omsyn til andre er noko me meiner er rett, og me vil bli vurdert etter det osv. Me vil altså gjennomgåande bli dømt etter vår eigen standard, og då kan ingen klaga. Det er rettferdig.
Saka er: Ingen av oss kan leva opp til den standarden me set for andre. Me fell totalt gjennom. Det veit Gud. Likevel ventar han med å fella dom over oss. Han har ingen glede i at syndarar døyr, men at dei vender om og lever (Esekiel 18,23). Gud er god, og hans uendelege godleik skulle oppmuntra alle menneske til å venda om til han og tillitsfullt kasta seg i hans farsarmar. Difor senda han Sonen sin for å gjera opp for alle våre synder slik at han kunne sleppa å døma oss. Men når folk likevel held seg borte frå Gud, hopar dei seg opp vreide til domens dag. Dei bryt både sine eigne og Guds lover samstundes som dei forkastar hans frelse. Då er det ingen veg utanom hans strenge og rettferdige dom. Då vil alle som trufast har gjort det gode og søkt ære og uforgjengelegdom bli frikjent, medan alle som har svin på skogen, og det er med respekt å melda alle menneske, vil erfara både naud og angst når dei ser følgjene av å ha avvist Guds rause nådetilbod.

Etiketter:
bjelken i auga,
dom,
Guds rettferd,
lov,
moralsk univers,
omvending
lørdag 4. juni 2011
Klokskapen i korrupsjon

Då Quatar fekk tildelt fotball-VM 2022, trong ein ikkje vera profet for å skjøna at nokon i FIFA hadde fått pengar under bordet. Fleire i toppleiinga er i dag anklaga for å ha teke imot slike pengar, om enn ikkje Joseph Plattar som du ser på bilete. I alle høve har han gått fri så langt, men det er grunn til å tru av det kjem nye avsløringar i denne saka framover. Ting tyder på det.
Korrupsjon er eit stort problem, ikkje berre i FIFA, men i heile samfunnet. Korrupsjonsjegaren Eva Joly har synt oss at både franske og islandske politikarar har late seg bestikka, og ho meinar at ho berre har rørt ved toppen av toppen av eit isfjell.
Jesus også lærer oss også at det heftar mykje urett ved pengane, og at ein kan betala seg til det meste her i verda. Men han snur dette faktum i ein litt overraskande retning. Han seier: Det er klokt å sikra seg her i verda. Du bør ikkje sky noko middel med tanke på å få posisjon hos Gud, få retten til å bli Guds barn og få del i det evige livet. Den som ikkje tek i bruk alle tenkelege og utenkelege middel for å oppnå denne høge stillingen, har ikkje forstått noko som helst. Det er ikkje lett å lausriva seg frå denne verdas syndige gleder. Men kjemp for å koma inn i Guds rike, for mange vil forsøka, men dei vil ikkje klara det. Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn han.
Gud kan ikkje bestikkast. Og ikkje trengst det heller. Jesus Kristus har på ærleg vis med sitt eige blod betalt betalt alt som skal til for at du skal kunna få barnekår hos Gud med alle rettar og rikdomar. Det er for deg berre for deg å takka han for dette og kalla på Gud som Far.
Men du kan ikkje kombinera å vera Guds barn og dyrka syndige gleder. Gud krev av deg av du er heil og reinskoren. Uærlegdom, ureinskap og trollskap av alle slag må du gje avkall på for å vera ein sann kristen. Du må rett og slett venda om frå synd, og det er denne prosessen som er vanskeleg, ja, umogeleg om ikkje Gud hjelper deg. Men det vil han om du ber han om å forbarma seg over deg.
Etiketter:
barnekår,
far .,
korrupsjon,
omvending
Abonner på:
Innlegg (Atom)