Jesus er Guds Son.
Alle som tek imot han i hjarto sine blir dermed Guds søner.
Vårt barnekår som kristne er altså eigentleg JESU sonekår.
Ved trua på han, ved å lukka han inn i liva våre, blir me som Han for Gud.
Vårt slavekår under synda druknar rett og slett i Jesu barnekår under Gud.
"Men alle dei som tok imot han (Jesus), dei gav han rett til å bli Guds barn, dei som trur på namnet hans." Johannes 1,12.
Og så les me i Galatarbrevet 4,6: "Og sidan de er born(søner), har Gud sendt sin Sons Ande i hjarto våre som ropar "Abba, Far.""
Her er rekkjefølgja viktig. Me blir ikkje Guds barn når me får Anden, men me får Anden fordi me er blitt Guds barn ved trua på Jesus, og Anden syner oss at Gud er pappa, at han elskar oss og aksepterar oss, at han smiler til oss og ikkje har noko å utsetja på oss. Me er ikkje lenger redd Gud, me elskar han fordi me kjenner oss så trygge på hans kjærleik og tilgjeving, og i tillegg auser han sin kjærleik ut i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss (Romarbrevet 5,5).
Ønskjer alle ein god søndag!
Viser innlegg med etiketten barnekår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barnekår. Vis alle innlegg
søndag 30. september 2018
Barnekår
Etiketter:
12,
5,
6,
barnekår,
Den Heilage Ande,
Galatarbrevet 4,
Johannes 1,
Romarbrevet 5,
sonekår
lørdag 4. juni 2011
Klokskapen i korrupsjon

Då Quatar fekk tildelt fotball-VM 2022, trong ein ikkje vera profet for å skjøna at nokon i FIFA hadde fått pengar under bordet. Fleire i toppleiinga er i dag anklaga for å ha teke imot slike pengar, om enn ikkje Joseph Plattar som du ser på bilete. I alle høve har han gått fri så langt, men det er grunn til å tru av det kjem nye avsløringar i denne saka framover. Ting tyder på det.
Korrupsjon er eit stort problem, ikkje berre i FIFA, men i heile samfunnet. Korrupsjonsjegaren Eva Joly har synt oss at både franske og islandske politikarar har late seg bestikka, og ho meinar at ho berre har rørt ved toppen av toppen av eit isfjell.
Jesus også lærer oss også at det heftar mykje urett ved pengane, og at ein kan betala seg til det meste her i verda. Men han snur dette faktum i ein litt overraskande retning. Han seier: Det er klokt å sikra seg her i verda. Du bør ikkje sky noko middel med tanke på å få posisjon hos Gud, få retten til å bli Guds barn og få del i det evige livet. Den som ikkje tek i bruk alle tenkelege og utenkelege middel for å oppnå denne høge stillingen, har ikkje forstått noko som helst. Det er ikkje lett å lausriva seg frå denne verdas syndige gleder. Men kjemp for å koma inn i Guds rike, for mange vil forsøka, men dei vil ikkje klara det. Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn han.
Gud kan ikkje bestikkast. Og ikkje trengst det heller. Jesus Kristus har på ærleg vis med sitt eige blod betalt betalt alt som skal til for at du skal kunna få barnekår hos Gud med alle rettar og rikdomar. Det er for deg berre for deg å takka han for dette og kalla på Gud som Far.
Men du kan ikkje kombinera å vera Guds barn og dyrka syndige gleder. Gud krev av deg av du er heil og reinskoren. Uærlegdom, ureinskap og trollskap av alle slag må du gje avkall på for å vera ein sann kristen. Du må rett og slett venda om frå synd, og det er denne prosessen som er vanskeleg, ja, umogeleg om ikkje Gud hjelper deg. Men det vil han om du ber han om å forbarma seg over deg.
Etiketter:
barnekår,
far .,
korrupsjon,
omvending
torsdag 15. januar 2009
Israels plass i Guds frelseshushaldning II
Gud gav Abraham eigedomsretten til Kanaans land for seg og etterkomarane sine. Dette kan me lesa om i 1. Mosebok (1. M) 12:7, 13:15-18, 15:7-21, Denne lovaden har Gud aldri drege attende, og han har heller ikkje overført han til oss kristne. Det er ein lovnad til Abrahams fysiske etterkomarar gjennom Isakslinja, ein lovnad som gjeld for all framtid.
Me som ikkje er jødar og som trur på Jesus er også velsigna med goder og rettar på same vis som Abraham, far vår i trua, men det er åndelege goder som fred med Gud, barnekår og Andens gåve. Alt dette får me fordi me, som Abraham, trur at Gud er oss nådig for Jesu skuld. Men Israel og jødefolket har eigedomsrett til landet, og ingen andre har det. Men det er viktig at dei forstår at dei har fått landet ikkje for å isolera seg, men for å tena nasjonane. Men det skal me koma attende til.
Me som ikkje er jødar og som trur på Jesus er også velsigna med goder og rettar på same vis som Abraham, far vår i trua, men det er åndelege goder som fred med Gud, barnekår og Andens gåve. Alt dette får me fordi me, som Abraham, trur at Gud er oss nådig for Jesu skuld. Men Israel og jødefolket har eigedomsrett til landet, og ingen andre har det. Men det er viktig at dei forstår at dei har fått landet ikkje for å isolera seg, men for å tena nasjonane. Men det skal me koma attende til.
Etiketter:
Abraham,
Andens gåve,
barnekår,
eigedomsrett,
fred med Gud,
lovnad
Abonner på:
Innlegg (Atom)