Viser innlegg med etiketten Abraham. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Abraham. Vis alle innlegg

onsdag 25. september 2013

Romarbrevet 4,18-25

Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli. 19 Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor. 20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22 Difor vart han rekna som rettferdig.
   
23 Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.


Abraham var 100 år og Sara 90. Alt menneskeleg håp om å bli foreldre hadde vore ute i mange tiår. Men det var ein hake ved dette: Gud hadde lova dei å bli foreldre, og om Abraham ikkje lenger kunne håpa på å få noko til ut frå eigne føresetnader, hadde han ikkje slutta å håpa på at Gud kunne få noko til. Han var ikkje vantruande, les me, men vart sterk i trua ved at han gav Gud ære. Dette kan me læra noko viktig av: Me blir sterke i trua når me ærar Gud. Korleis gjer me det? Ved å halda fast på ordet hans, leva etter det og forkynna det, og ved å lovsynga og tilbe Han. Når me ærar Gud med liva våre, blir me overtydde om at Gud er mektig til å gjera det han har sagt, og då blir me rekna for å vera rettferdige menneske. Så stor betydning har trua for Gud at ho dekker over alle feila våre. Gud ser totalt bort frå syndene til eit menneske som trur på han slik som Abraham trudde, dvs for den som trur at Gud reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde. Gjer du det, blir du rekna som eit fullkome rettferdig menneske av Gud. Det kan han gjera fordi den same Jesus som du trur på døydde for syndene våre og sto opp slik at me skulle bli rettferdige. Jesus er altså sin eigen person vår rettferd, og trur me på han, har me linka oss opp til han og alt hans er vårt. Dette er berre heilt strålande. Den som har Sonen, har livet, og den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Alt handlar om Jesus. Det er han som gjer forskjellen. Har du han, har du alt. Manglar du Han, manglar du alt.

fredag 10. mai 2013

Grunntankar i Romarbrevet, del XII, kap 4,1-8.

http://www.mediafire.com/?dcl78jgjirdwk3z
Romarbrevet 4 handlar om trua. Abraham er vårt store førebilete i alt som har med tru å gjera. Han høyrde Gud, trudde på det han høyrde og reagerte med lydnad. Slik vart han rekna som eit rettferdig menneske. Han var ein syndar som alle oss andre, men Gud var så begeistra for at han trudde på han at han bestemte seg for ikkje å tilrekna han syndene hans, men behandla han som eit heilt gjennom rettferdig menneske, dvs. ein som var som han skulle vera etter Guds plan.

Men dette reknestykket hadde sin pris. Det fordra av Gud at han sjølv vart menneske for å ta på seg alle Abrahams synder og døy for dei. Og det gjorde han som me veit då Jesus kom og ordna opp, ikkje berre for Abraham, men for oss alle, slik at alle som no trur på Guds ord og responderer med lydnad på dette ordet, kan bli rekna for rettferdige utan å vera det.

Dette er det me kallar nåde. Det er det motsette av forteneste. Gud gjev den som trur det motsette av det han/ho har fortent. Me har fortent å bli straffa etter våre lovbrot, men blir i staden frikjent og løfta inn i Guds kjærleik, ein stilling som Gud gjennom Jesus har kjøpt oss retten til.

Den som imidlertid ikkje vil stola på Guds ord om Jesus og overgje seg til Gud på nådens premissar, vel dermed si eiga løysing på sitt eige problem, ein blir ståande ansvarleg for syndene sine sjølv, og det kan umogeleg gå bra, for den løna som synda gjev er døden, les me i 6,23, og her er det snakk om den evige død.

Vår lukke ligg i samfunnet med Gud. Når me blir sette fri frå våre synder og fylte med Guds evige kjærleik, kjenner me oss så verdsatt og fri at det er ingenting som kan samanliknast med denne erfaringa.  Det er å vera "sæl", som det heiter på nynorsk, "salig" på bokmål, "blessed" på engelsk, velsigna av Gud, slik som David opplevde dette etter at han hadde sanna syndene sine og vendt seg bort frå dei. Straks vart denne høge status hans, som han skriv i Salme 32.

Far i himmelen, takk at du rekna alle oss som trur som rettferdige sjølv om me på ingen måte er det. Me prisar deg for din nåde og for det offer du gav for å kunna gje oss denne nåden. Send oss ditt lys og din Ande slik at me kan forstå rekkevidda av ditt ord og din kjærleik. Amen! 

torsdag 15. januar 2009

Israels plass i Guds frelseshushaldning II

Gud gav Abraham eigedomsretten til Kanaans land for seg og etterkomarane sine. Dette kan me lesa om i 1. Mosebok (1. M) 12:7, 13:15-18, 15:7-21, Denne lovaden har Gud aldri drege attende, og han har heller ikkje overført han til oss kristne. Det er ein lovnad til Abrahams fysiske etterkomarar gjennom Isakslinja, ein lovnad som gjeld for all framtid.
Me som ikkje er jødar og som trur på Jesus er også velsigna med goder og rettar på same vis som Abraham, far vår i trua, men det er åndelege goder som fred med Gud, barnekår og Andens gåve. Alt dette får me fordi me, som Abraham, trur at Gud er oss nådig for Jesu skuld. Men Israel og jødefolket har eigedomsrett til landet, og ingen andre har det. Men det er viktig at dei forstår at dei har fått landet ikkje for å isolera seg, men for å tena nasjonane. Men det skal me koma attende til.