At kroppen er død betyr at me menneske, slik me er i oss sjølve, har mista kontakten med Gud som er kjelda for det evige livet, og at me er blitt forgjengelege. Går me attende til Edenshage i 1 Mosebok 2, kan me lesa at Gud la ned forbod for menneska om å eta av treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt, og han sa: Den dagen de et av dette treet, skal de døy. Det var ein dom. Døden er domen over synda.
Trass i Guds åtvaring, åt dei likevel, og sjølv om dei ikkje døydde straks, vart dei skilte frå Gud og kroppane deira vart forgjengelege. Slik er det den dag i dag. Døden møter me på to plan i menneskelivet: Det fysiske og det åndelege. Den fysiske død kjenner me. Den åndelege er mindre kjent, men er særprega ved at folk flest lever liva sine greit utan å kjenna Gud, dei er stort sett lukkelege, klarer seg sjølv, styrer seg sjølv, har ikkje noko trong for å be, enn seia lova og æra Gud, elska han og tena han. Det blir først eit tema når menneske vert råka av Den Heilage Ande og forstår at ein lever grunnleggande feil, er på veg mot evig undergangen og av den grunn vender om til Gud av eit heilt hjarta.
Det forgjengelege kan me ikkje gjera noko med i denne tidsalder. Men det store er: ME TRENG IKKJE LENGER VERA SKILT FRÅ GUD. Den som vender om til han, får tilgjeving for alle sine synder og evig liv. Det er ei gåve, dyrt betalt av Jesus Kristus. Rettferda som står omtala i vers 10 er det same som tilgjeving for syndene. Når me gjennom anger, bot og tru blir fri syndene våre, flyttar Jesus Kristus inn i oss, og då blir det for alvor liv i oss. Slik må det jo bli, for Jesus er jo LIVET. Kontakten med Gud blir gjenoppretta for evig og alltid, og den fysiske døden blir berre ein transportetappe heim til Gud i himmelen. Vers 11 blir avslutta med å peika på den kristne vona: ved enden av tida skal Gud ved Den Heilage Ande også reisa kroppane våre opp frå grava slik at me blir heilt det Gud i opphavet hadde tenkt av me skulle vera. Det blir stas, det vener. Gled deg og sørg for at du får vera med på moroa.
Viser innlegg med etiketten rettferd. Vis alle innlegg

fredag 16. mai 2014
onsdag 22. januar 2014
Grunntankar i Romerbrevet XXII. Kap 6,12-23
Dei fleste menneske let synda rå i liva sine. Det betyr at dei følgjer sine eigne tankar, idèar, ønskjer og mål, utan å spørja kva som er Guds tankar, idèar, ønskjer og mål. Menneske er av naturen eit gudlaust vesen, dvs. sin eigen gud. Denne måten å leva på stenger ikkje berre folk ute frå fellesskapet med Gud, men også frå kunnskapen om Gud. Det er berre når folk spør etter Guds vilje og bøyer seg for den, at dei kan bli kjent med Gud og erfara hans eksistens, godleik og makt.
Kvifor er så mange strålande intelligente menneske ateistar? Kvifor ser dei ikkje Gud? Fordi Gud skjuler seg for dei. Det er hans dom over stoltheiten deira. Når dei audmjukar seg og spør etter Gud og hans vilje, vil han openberra seg for dei. Då er det over med ateismen. Det skjer på ein blunk.
Kristne menneske må stilla seg heilt og fullt til Guds disposisjon om dei skal overleva som kristne, og om Gud skal kunna bruka dei til sine føremål. Dersom ein fell attende til gamal gudlaus livsstil, blir gudslivet og det nye åndelege sanseapparatet sveikka, og på eitt eller anna tidspunkt finn ein seg sjølv utanfor livssamfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping. Anten er me slavar under rettferda, det fører oss til det evige livet, elles er me slavar under synda (les: eigenviljen), og det fører oss inn i den evige døden.
Gjennom dåpen og trua på Jesus blir eit menneske frigjort frå synda. Ein er blitt ein tenar for Gud. Dette må me merka oss. Berre Gud kan frelsa oss. Frelsen er Hans aktivitet. Men han frelser oss til aktiv teneste for seg. I Romerbrevet kjem det tydeleg fram at me som frelste menneske har to identitetar: Guds barn og Guds tenarar. I kapittel 6 er det fokus på tenarskap. Me er frelst for å tena Gud og rettferda, og det er umogeleg å leva og overleva som kristen utan å tena Gud av eit heilt hjarta.
Kapitlet sluttar med ei herleg sanning: Guds frelse er ei GÅVE som vert gjeven av nåde, dvs. utan grunn i oss sjølve. Denne gåva vert rekt oss gjennom Ordet, dåpen og nattverden. Dersom me kunne læra oss å takka og bukka og tru at denne herlege gåva er vår når Gud har gjeve henne til oss ut frå sitt gode hjarta, ja då hadde me blitt ustyrleg lukkelege og fullt av vilje til alt som er Guds.
onsdag 25. september 2013
Romarbrevet 4,18-25
Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli.
19 Han
var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte
på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å
bli mor.
20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære.
21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera.
22 Difor vart han rekna som rettferdig.
23 Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.
Abraham var 100 år og Sara 90. Alt menneskeleg håp om å bli foreldre hadde vore ute i mange tiår. Men det var ein hake ved dette: Gud hadde lova dei å bli foreldre, og om Abraham ikkje lenger kunne håpa på å få noko til ut frå eigne føresetnader, hadde han ikkje slutta å håpa på at Gud kunne få noko til. Han var ikkje vantruande, les me, men vart sterk i trua ved at han gav Gud ære. Dette kan me læra noko viktig av: Me blir sterke i trua når me ærar Gud. Korleis gjer me det? Ved å halda fast på ordet hans, leva etter det og forkynna det, og ved å lovsynga og tilbe Han. Når me ærar Gud med liva våre, blir me overtydde om at Gud er mektig til å gjera det han har sagt, og då blir me rekna for å vera rettferdige menneske. Så stor betydning har trua for Gud at ho dekker over alle feila våre. Gud ser totalt bort frå syndene til eit menneske som trur på han slik som Abraham trudde, dvs for den som trur at Gud reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde. Gjer du det, blir du rekna som eit fullkome rettferdig menneske av Gud. Det kan han gjera fordi den same Jesus som du trur på døydde for syndene våre og sto opp slik at me skulle bli rettferdige. Jesus er altså sin eigen person vår rettferd, og trur me på han, har me linka oss opp til han og alt hans er vårt. Dette er berre heilt strålande. Den som har Sonen, har livet, og den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Alt handlar om Jesus. Det er han som gjer forskjellen. Har du han, har du alt. Manglar du Han, manglar du alt.

fredag 10. mai 2013
Grunntankar i Romarbrevet, del XII, kap 4,1-8.
http://www.mediafire.com/?dcl78jgjirdwk3z
Romarbrevet 4 handlar om trua. Abraham er vårt store førebilete i alt som har med tru å gjera. Han høyrde Gud, trudde på det han høyrde og reagerte med lydnad. Slik vart han rekna som eit rettferdig menneske. Han var ein syndar som alle oss andre, men Gud var så begeistra for at han trudde på han at han bestemte seg for ikkje å tilrekna han syndene hans, men behandla han som eit heilt gjennom rettferdig menneske, dvs. ein som var som han skulle vera etter Guds plan.
Men dette reknestykket hadde sin pris. Det fordra av Gud at han sjølv vart menneske for å ta på seg alle Abrahams synder og døy for dei. Og det gjorde han som me veit då Jesus kom og ordna opp, ikkje berre for Abraham, men for oss alle, slik at alle som no trur på Guds ord og responderer med lydnad på dette ordet, kan bli rekna for rettferdige utan å vera det.
Dette er det me kallar nåde. Det er det motsette av forteneste. Gud gjev den som trur det motsette av det han/ho har fortent. Me har fortent å bli straffa etter våre lovbrot, men blir i staden frikjent og løfta inn i Guds kjærleik, ein stilling som Gud gjennom Jesus har kjøpt oss retten til.
Den som imidlertid ikkje vil stola på Guds ord om Jesus og overgje seg til Gud på nådens premissar, vel dermed si eiga løysing på sitt eige problem, ein blir ståande ansvarleg for syndene sine sjølv, og det kan umogeleg gå bra, for den løna som synda gjev er døden, les me i 6,23, og her er det snakk om den evige død.
Vår lukke ligg i samfunnet med Gud. Når me blir sette fri frå våre synder og fylte med Guds evige kjærleik, kjenner me oss så verdsatt og fri at det er ingenting som kan samanliknast med denne erfaringa. Det er å vera "sæl", som det heiter på nynorsk, "salig" på bokmål, "blessed" på engelsk, velsigna av Gud, slik som David opplevde dette etter at han hadde sanna syndene sine og vendt seg bort frå dei. Straks vart denne høge status hans, som han skriv i Salme 32.
Far i himmelen, takk at du rekna alle oss som trur som rettferdige sjølv om me på ingen måte er det. Me prisar deg for din nåde og for det offer du gav for å kunna gje oss denne nåden. Send oss ditt lys og din Ande slik at me kan forstå rekkevidda av ditt ord og din kjærleik. Amen!

tirsdag 23. april 2013
Grunntankar i Romarbrevet del XI, kap 3,25-31
25 Han
har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera
soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han
hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var
gjorde.
26 Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.
27 Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.
28 For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.
29 Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg.
30 For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua.
31 Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.
Då Jesus kom, vart Gud synleg for verda. Han var sendt av Gud, og han var Gud. Skulle me bli frelst, måtte Gud sjølv gje sitt blod, ingenting mindre kunne duga, og Golgata er slik blitt den viktigaste plassen på jorda for alle som trur. Det er vår soningsplass, plassen der syndene våre vart tekne bort av Gud sjølv. Me kjem aldri til å møta dei att så lenge me trur på Jesus. Slik har Gud bestemt dette her. Difor stolar me på det som skjedde på Golgata kross. Der finn me vår rettferd og evige frelse.
I våre dagar spør gjerne folk: Kan Gud vera rettferdig når så mange menneske har det vondt? Eller dei spør: Kan Gud vera rettferdig dersom han sender folk i evig fortaping? Ja, slik spør folk i dag, og så vil dei gjerne fella domen over Gud ved å svara nei på sprøsmåla. Men for Paulus var problemstillinga ei heilt anna, ja, stikk motsett. Kan Gud vera rettferdig når han i det heile tatt tilgjev nokon som helst noko som helst. Er det ikkje meir rettferdig at folk får den straffa dei har gjort seg fortent til?
Og apostelen svarar: Det er heilt rettferdig at Gud tilgjev oss syndene våre så lenge han sjølv tok på seg straffa for dei i vår plass. Hadde han ikkje det gjort, kunne ingen fått nåde om dei bad om det aldri så mykje og aldri så lenge. Skulle Gud frikjenna oss, måtte han døma seg sjølv i vår plass, og det gjorde han.
Ingen menneske kan takka seg sjølv for frelsa. Den er ei gåve som alle berre må ta imot av nåde. Så spør Paulus: Opphevar me ikkje slik lova slik den er gjeven oss av Gud. Nei, seier han, me stadfester henne. Korleis det? Og svaret er enkelt: Den som trur på Jesus, blir fødd på nytt, får Guds sinn og vil ut frå sin nye natur leva i samsvar med hans lov. Slik stadfester me Guds lov ved å leva etter henne ut frå indre motivasjon. Ikkje for å bli frelst, men fordi me er frelst.

mandag 25. mars 2013
Det kristne menneskesynet. Grunntankar i Romarbrevet del IX
Teksten for dagens tankar finn du i Romerbrevet 3,9-20. Vers 1-8 kan kort summerast opp med at jødane har den føremun at dei er blitt tiltrudd Guds ord. Det forvalta dei imidlertid ikkje etter Guds plan. Tvert om, dei synte seg utrue i og med at dei avviste evangeliet Men fordi jødane var utrue, gjekk både evangeliet og misjonsoppdraget vidare til folkeslaga. Israels utruskap vart til velsigning for verda. Kan Israel då lastast? Ja, avgjort, både fordi dei avviste Guds gåve, og fordi dei ikkje ville fullføra hans plan om å samla alle menneske til eitt i Kristus Jesus. Det var jo Guds plan med dei heilt frå han kalla Abraham og sa: "I deg skal alle folkeslag velsignast". Det jødiske folket fekk dermed eit stort problem: dei kom i opposisjon til den Gud som hadde frelst dei ut av Egypt, som hadde ført dei og teke vare på dei gjennom ei dramatisk historie. Han hadde også lova å senda tenaren sin til dei og frelsa dei frå syndene deira, og då han gjorde det, avviste dei han som kom, ei avvisning dei i stor grad har halde fast ved seinare. Slik synte dei seg å vera laga av det same stoffet som alle oss andre, menneske fødd i synd og gjennomgåande prega av synda, og det er dette vers 10-18 omhandlar.
Apostelen startar med å slå fast at ingen menneske er rettferdige. Å vera rettferdig er å vera heilt gjennom god og sann, og det er det berre eitt menneske som har vore etter syndefallet, nemleg Jesus Kristus. Alle me andre er gjennomgåande urettferdige i den forstand at me ikkje gjer rett og sjel for oss korkje overfor Gud eller vår neste.
Det er ingen menneske som er så forstandige at dei søkjer Gud, les me. Skal det bli noko mellom oss og Gud , må me bli oppsøkt av han. Ingen blir kristen på eige initiativ. Me er prisgjeven Gud i så måte.
Og det blir verre: Alle menneske har vike av frå Guds veg og blitt bortkomne og villfarande, utan evne eller vilje til å finna tilbake. Snarare vil ein det som Gud ikkje vil, leva etter lystene sine og dyrka seg sjølv. Denne sjølvdyrkinga kallar apostelen "forderving", og det som rotnar spreier rotenskapen sin til miljøet rundt. Slik også med oss menneske. Me smittar kvarandre og innbiller kvarandre at det er OK å leva etter sine eigne interesser, at det er av det gode. Men det er av det vonde, rotenskap som løyser opp personlegdomen, medmenneskelege relasjonar og framfor alt høve til Gud.
Dette slår ut i måten me snakkar på. Jesus seier at "det hjarta er fullt av, renn munnen over med." Kva likar du å snakka om? Dersom du er rettferdig ærar du Gud og din neste med dine ord, og du unngår å tenkja og snakka stygt om folk. Men slik er ikkje me menneske av naturen. I staden er me kritiske og dønmmande, klagande og sytande og ikkje sjeldan dekker me over sanninga for ikkje sjølv å koma dårleg ut, og me kan både banna, kjefta og smella. Strupen er blitt ei open grav, skriv apostelen. Det luktar rote av orda. Ikkje minst ser me dette i våre dagar på debattar på nettet. Det me les der er ikkje skrive ut av kjærleik og respekt, men ofte er det prega av forakt og vondskap.
Til slutt tek apostelen for seg vår tendens til å ty til vald for å få gjennom tinga våre om ingen andre metodar fører fram. Dei fleste klarar å halda slike tendensar i sjakk. Ein veit at det er galt og at ein ikkje tener noko som helst på fysisk skadeverk. Likevel er det meir enn nok av vald i samfunnet, og i alle dagsaviser kan me lesa om menneske som har utøvd stygg vald mot sine medmennesker, og blir tidene vonde, er dette noko som ingen er framand for, og om me i fredstid ikkje gjer dette i praktisk handling, kan me likevel ofte ha lyst til å løysa problema våre på ein slik måte, særleg gjeld dette menn.
Så manglar me gudsfrykt, les me i vers 18. Korleis merkar me det? Ved at me lite bryr oss om kva Gud seier i sitt ord, men følgjer andre normer fastsett av oss sjølve eller andre menneske. Og dersom Gud blir påtrengande nær, prøver me å dømma han og finna ting å anklaga han for og få han til å sjå ut som ein djevel: "Dersom Gud er god og allmektig, kvifor forhindrar han ikkje då at det vonde skjer?" Slik spør menneske utan gudsfrykt. Og svaret ein er ute etter er dette: Sidan Gud ikkje forhindrar det vonde, er han anten sjølv vond, eller han er avmektig eller han er ikkje i det heile tatt. Folk som tenkjer og snakkar slik, veit ikkje av gudsfrykt.
Skal me vera ærlege så skildrar dette oss menneske slik me er blitt. Me har ingenting å forsvara oss med. Dette er oss. Me manglar både viljen og evnen til å leva etter Guds standard, me fell gjennom på alle punkt. Guds lov krev at alle våre handlingar er motivert av fullkomen godleik og ærlegdom, og difor står me som skuldnarar innfor Gud. Det er me som har synda, og det er me som fortener å bli dømt.
Jesus Kristus, Guds Son! Kast lyset ditt innover liva våre slik at me ser kor me står i vårt høve til deg, og hjelp oss å alltid la Guds ord døma oss slik at me dagleg sannar syndene våre, trur din nåde og let oss påverka av den godleik som du så villig deler med oss. Du er ein Gud som tilgjev oss våre synder og lækjer sjelene våre. Leid oss på dine vegar. Gje oss Anden din slik at det blir lett for oss å gå saman med deg og tena deg. Amen!

Etiketter:
forderving,
frelse,
Guds gåve,
Israel,
jødane,
rettferd,
stygt snakk,
truskap,
utruskap,
vald
Abonner på:
Innlegg (Atom)