onsdag 22. januar 2014

Grunntankar i Romerbrevet XXII. Kap 6,12-23

Dei fleste menneske let synda rå i liva sine. Det betyr at dei følgjer sine eigne tankar, idèar, ønskjer og mål, utan å spørja kva som er Guds tankar, idèar, ønskjer og mål. Menneske er av naturen eit gudlaust vesen, dvs. sin eigen gud. Denne måten å leva på stenger ikkje berre folk ute frå fellesskapet med Gud, men også frå kunnskapen om Gud. Det er berre når folk spør etter Guds vilje og  bøyer seg for den, at dei kan bli kjent med Gud og erfara hans eksistens, godleik og makt.

Kvifor er så mange strålande intelligente menneske ateistar? Kvifor ser dei ikkje Gud? Fordi Gud skjuler seg for dei. Det er hans dom over stoltheiten deira. Når dei audmjukar seg og spør etter Gud og hans vilje, vil han openberra seg for dei. Då er det over med ateismen. Det skjer på ein blunk.

Kristne menneske må stilla seg heilt og fullt til Guds disposisjon om dei skal overleva som kristne, og om Gud skal kunna bruka dei til sine føremål. Dersom ein fell attende til gamal gudlaus livsstil, blir gudslivet og det nye åndelege sanseapparatet sveikka, og på eitt eller anna tidspunkt finn ein seg sjølv utanfor livssamfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping. Anten er me slavar under rettferda, det fører oss til det evige livet, elles er me slavar under synda (les: eigenviljen), og det fører oss inn i den evige døden. 

Gjennom dåpen og trua på Jesus blir eit menneske frigjort frå synda. Ein er blitt ein tenar for Gud. Dette må me merka oss. Berre Gud kan frelsa oss. Frelsen er Hans aktivitet. Men han frelser oss til aktiv teneste for seg. I Romerbrevet kjem det tydeleg fram at me som frelste menneske har to identitetar: Guds barn og Guds tenarar. I kapittel 6 er det fokus på tenarskap. Me er frelst for å tena Gud og rettferda, og det er umogeleg å leva og overleva som kristen utan å tena Gud av eit heilt hjarta. 

Kapitlet sluttar med ei herleg sanning: Guds frelse er ei GÅVE som vert gjeven av nåde, dvs. utan grunn i oss sjølve. Denne gåva vert rekt oss gjennom Ordet, dåpen og nattverden. Dersom me kunne læra oss å takka og bukka og tru at denne herlege gåva er vår når Gud har gjeve henne til oss ut frå sitt gode hjarta, ja då hadde me blitt ustyrleg lukkelege og fullt av vilje til alt som er Guds. 


Ingen kommentarer: