Viser innlegg med etiketten ateisme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ateisme. Vis alle innlegg

lørdag 29. september 2018

Vitenskap eller vitenskapisme


"Eg trur ikkje på Gud, men på vitenskapen!" Har du høyrt den? Eg har høyrt han mange gongar. Mitt svar er: "Eg trur på Gud og vitenskapen!" Det er jo Gud som står bak vitenskapen, så difor er det lett å tru på den. Han som skapte himmel og jord, skapte også alle naturlovene og dei avanserte prosessane som vitenskapen prøver å kartleggja og forstå. Utan Gud, ingen vitenskap. Utan Gud, ingenting i det heile tatt, faktisk.

"Dei som trur på vitenskapen utan å tru på Gud, trur ikkje på vitenskapen, men på vitenskapismen." Dette er bodskapen i den siste boka ("Vitenskapisme og sekularisme") til den kristne tenkjaren J.P Moreland. Vitenskapismen er ein filosofi som har ateismen som føresetnad, meiner han.  "Det er ei vedkjenning til vitenskapen, men ikkje ei vitenskapleg vedkjenning".

Vitenskapismen fastslår at det eksisterer ingenting utover det som kan testast ved streng naturvitskapleg metode. Alt som kjem inn under teologi, etikk, politikk eller estetikk er berre uttrykk for kjensler og private meiningar.

Den strenge vitenskapismen  er sjølvirettesetjande, påviser Moreland. Når det blir sagt at "det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast ved streng natuvitskapleg metode", så er jo det ein påstand som ikkje kan testast vitskapleg, og difor ugyldig ut frå eigne føresetnader. Tanken er enkel: Du kan ikkje bevisa at det ikkje eksisterer noko som ikkje kan bevisast gjennom streng naturvitskapleg metode.

For å ta eit enkelt bilete: Du kan gjerne formulera følgjande setning: "Alle setningar på norsk inneheld tre ord". Men sidan denne setninga inneheld sju ord, motbeviser han seg sjølv.

All vitenskap byggjer på logikken og matematikken sine lover. Dette er grunnlover som ikkje kan bevisast, såkalla aksiom, som alt anna blir bevist ut frå. Eit klassisk døme på eit aksiom er "kausalitetsprinsippet" som seier at "alle endringar skjer i følgje lova om årsak og verknad". Den påstanden kan ikkje bevisast, men blir sett på som sjølvinnlysande.

Når vitenskapismen krev bevis for at noko skal kunna seiast å eksistera, underkjenner han vitenskapet sitt fundament, aksioma. Vitenskapismen er blitt ein fiende av vitenskapen.

I mange samanhengar jobbar teologien og etikken med langt viktigare saker enn naturvitskapen.
Moreland spør: Kva kan me vera mest sikre på av desse to påstandane:

1) Elektronar eksisterer
2) Det er galt å torturera babyar for moro skuld

Vel. Lenge var elektronane sin eksistens udiskutabel. Slik er det ikkje lenger. MEN ALLE ER SIKRE PÅ AT DET ER GALT Å TORTURERA BABYAR FOR MORO SKULD.

Den etiske kunnskapen syner seg altså å stå fastare enn den naturvitskaplege sjølv om han strengt tatt ikkje kan bevisast. Han er sjølvinnlysande.

Alle veit at godhet eksisterer. Den treng ikkje bevisast. Vondskap likeeins. Alle veit kva det er, og ofte kor det er.

At Gud eksisterer treng ikkje bevisast. Det er rett og slett sjølvinnlysande. Gud er sjølve opphavet, opphavet til kunnskapen, moralen, rettsbevisstheten, universet, livet, tanken, sjela, samvitet, naturlovene, morallovene, rasjonaliteten og estetikken.

Vel, dette er ein del av Moreland sitt tankeunivers. Han har ei nettside: http://www.jpmoreland.com
og boka har du her. Den kan kjøpast som e-bok på www.kindle.com, eller gjennom www.crossway.org. Føreligg berre på engelsk.

Scientism and Secularism



søndag 23. september 2018

Tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Gud

I 2. Korintarbrev 10,4 skriv Paulus

"For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar  5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus".  

Kva er våre våpen? Guds ord og Guds Ande.

Kva er ein tankebygning? Det kan vera ulike religionar, eit ubibelsk teologisk grunnsyn, eit filosofisk system, ein politisk ideologi eller eit livssyn.

Dei store tankebygningane i vår tid er liberalismen, livssynshumanismen, kommunismen, ateismen, islam og ulike nyreligiøse retningar prega av buddhisme og hinduisme. Alle desse ideologiane har avsett Bibelens Gud som autoritet, og dei meiner seg å vera kristendomen overlegne.

Som truande kristne må me kjenna litt til alt dette for å kunna avsløra løgnene i det. Men mest av alt må me kjenna Guds ord slik at me alltid kan gje kraftfulle svar når me blir stilt til ansvar for trua vår, og slik at me kan vera effektive når me går laus på ideologiane som fangar folk og fører dei bort frå Gud.

Ingen tankebygning kan stå seg mot Gud og hans ord. Men kampen mot løgna er vår, og me må våga å gå inn i den. Då vil han vera med og gje oss all den visdom og kunnskap me treng for å avsløra
løgnene som folk byggjer liva sine på.

onsdag 22. januar 2014

Grunntankar i Romerbrevet XXII. Kap 6,12-23

Dei fleste menneske let synda rå i liva sine. Det betyr at dei følgjer sine eigne tankar, idèar, ønskjer og mål, utan å spørja kva som er Guds tankar, idèar, ønskjer og mål. Menneske er av naturen eit gudlaust vesen, dvs. sin eigen gud. Denne måten å leva på stenger ikkje berre folk ute frå fellesskapet med Gud, men også frå kunnskapen om Gud. Det er berre når folk spør etter Guds vilje og  bøyer seg for den, at dei kan bli kjent med Gud og erfara hans eksistens, godleik og makt.

Kvifor er så mange strålande intelligente menneske ateistar? Kvifor ser dei ikkje Gud? Fordi Gud skjuler seg for dei. Det er hans dom over stoltheiten deira. Når dei audmjukar seg og spør etter Gud og hans vilje, vil han openberra seg for dei. Då er det over med ateismen. Det skjer på ein blunk.

Kristne menneske må stilla seg heilt og fullt til Guds disposisjon om dei skal overleva som kristne, og om Gud skal kunna bruka dei til sine føremål. Dersom ein fell attende til gamal gudlaus livsstil, blir gudslivet og det nye åndelege sanseapparatet sveikka, og på eitt eller anna tidspunkt finn ein seg sjølv utanfor livssamfunnet med Gud og på veg mot evig fortaping. Anten er me slavar under rettferda, det fører oss til det evige livet, elles er me slavar under synda (les: eigenviljen), og det fører oss inn i den evige døden. 

Gjennom dåpen og trua på Jesus blir eit menneske frigjort frå synda. Ein er blitt ein tenar for Gud. Dette må me merka oss. Berre Gud kan frelsa oss. Frelsen er Hans aktivitet. Men han frelser oss til aktiv teneste for seg. I Romerbrevet kjem det tydeleg fram at me som frelste menneske har to identitetar: Guds barn og Guds tenarar. I kapittel 6 er det fokus på tenarskap. Me er frelst for å tena Gud og rettferda, og det er umogeleg å leva og overleva som kristen utan å tena Gud av eit heilt hjarta. 

Kapitlet sluttar med ei herleg sanning: Guds frelse er ei GÅVE som vert gjeven av nåde, dvs. utan grunn i oss sjølve. Denne gåva vert rekt oss gjennom Ordet, dåpen og nattverden. Dersom me kunne læra oss å takka og bukka og tru at denne herlege gåva er vår når Gud har gjeve henne til oss ut frå sitt gode hjarta, ja då hadde me blitt ustyrleg lukkelege og fullt av vilje til alt som er Guds. 


torsdag 14. juli 2011

Ateisme og ateistar

Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.

I studietida mi snakka eg med ein medstudent. Han sa han var ateist, og at han ikkje trong Gud og hans bodord for å leva rett. Han levde etter den gylne regel, sa han, og den hadde jo ikkje Jesus funne på. Når han ikkje sjølv ville bli drepen, så var det lett for han å forstå at det er feil å drepa andre. Ingen gud treng å fortelja oss det.

Då kom Gud til meg og gav meg visdom inn i livet hans.

-Et du kjøt? spurde eg.
Ja, han gjorde jo det.
- Men då må du jo slå i hel, sa eg, så du lever ikkje etter teorien din.
Kva eg meinte med det?
- Når du et kjøt, har du godteke drap av ein medskapning som heilt sikkert ikkje hadde lyst å døy, nett slik som deg.
- Ja, men det var jo berre eit dyr, innvenda han då.
- Kva er ulikskapen mellom eit dyr og eit menneske då? ville eg vita. Kvifor er det rett å slå i hel ein sau, men feil å drepa deg?
- Eg har jo ein heilt annan verdi enn sauen, svara han.
- Kvifor det? Kva er det som gjev deg større verdi enn ein sau?
- Menneske står over dyra fordi me er sosiale vesen som kan tenkja og reflektera, sa han, våre åndsevner er det som skil oss frå dyra.

På dette tidspunktet i samtalen begynte den materialistiske ateisten å snakka om ånd. Interessant.

- Vel, sa eg, då forstår eg deg slik at du meiner at våre sosiale og intellektuelle evner gjev oss verdi over dyra slik at me kan slakta dei og eta dei, har eg forstått deg rett då?
-Ja.
- Men då må det jo vera slik at dei som er mest sosiale og som samstundes har høgast IQ har størst verdi, ikkje sant, slik at nokre menneske har høgare verdi enn andre, og då må dei jo også ha sterkare rettar enn andre?
- Nei, alle er jo mennesker, slik kan me ikkje tenkja, sa han då.
- Kvifor ikkje, repliserte eg, dette må bli følgen av premissane dine, eller kanskje det er dei det er noko gale med?
- Saka er den, sa eg, at du plasserer oss menneske over dyra fordi du intuitivt forstår at menneske er plassert over dyra av Gud, og at alle har same verdi uansett åndsevner, i kraft av at alle har noko felles: me er skapte i Guds bilete. Slik tenkjer du i sjela di, medan intellektet ditt har overgjeve seg til ein ideologi som ikkje toler etterprøving.
- Det var jammen sant, sa han, det der har eg aldri tenkt på før.
Slik ramla ateismen for ateisten.

Den unge mannen vart ikkje kristen der og då. Men han gjekk vidare med ei heilt ny erkjenning: Han oppførte seg som ein teist samstundes som han bekjente seg som ateist.

Dette førte meg fram til tesen: Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.