torsdag 14. juli 2011

Ateisme og ateistar

Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.

I studietida mi snakka eg med ein medstudent. Han sa han var ateist, og at han ikkje trong Gud og hans bodord for å leva rett. Han levde etter den gylne regel, sa han, og den hadde jo ikkje Jesus funne på. Når han ikkje sjølv ville bli drepen, så var det lett for han å forstå at det er feil å drepa andre. Ingen gud treng å fortelja oss det.

Då kom Gud til meg og gav meg visdom inn i livet hans.

-Et du kjøt? spurde eg.
Ja, han gjorde jo det.
- Men då må du jo slå i hel, sa eg, så du lever ikkje etter teorien din.
Kva eg meinte med det?
- Når du et kjøt, har du godteke drap av ein medskapning som heilt sikkert ikkje hadde lyst å døy, nett slik som deg.
- Ja, men det var jo berre eit dyr, innvenda han då.
- Kva er ulikskapen mellom eit dyr og eit menneske då? ville eg vita. Kvifor er det rett å slå i hel ein sau, men feil å drepa deg?
- Eg har jo ein heilt annan verdi enn sauen, svara han.
- Kvifor det? Kva er det som gjev deg større verdi enn ein sau?
- Menneske står over dyra fordi me er sosiale vesen som kan tenkja og reflektera, sa han, våre åndsevner er det som skil oss frå dyra.

På dette tidspunktet i samtalen begynte den materialistiske ateisten å snakka om ånd. Interessant.

- Vel, sa eg, då forstår eg deg slik at du meiner at våre sosiale og intellektuelle evner gjev oss verdi over dyra slik at me kan slakta dei og eta dei, har eg forstått deg rett då?
-Ja.
- Men då må det jo vera slik at dei som er mest sosiale og som samstundes har høgast IQ har størst verdi, ikkje sant, slik at nokre menneske har høgare verdi enn andre, og då må dei jo også ha sterkare rettar enn andre?
- Nei, alle er jo mennesker, slik kan me ikkje tenkja, sa han då.
- Kvifor ikkje, repliserte eg, dette må bli følgen av premissane dine, eller kanskje det er dei det er noko gale med?
- Saka er den, sa eg, at du plasserer oss menneske over dyra fordi du intuitivt forstår at menneske er plassert over dyra av Gud, og at alle har same verdi uansett åndsevner, i kraft av at alle har noko felles: me er skapte i Guds bilete. Slik tenkjer du i sjela di, medan intellektet ditt har overgjeve seg til ein ideologi som ikkje toler etterprøving.
- Det var jammen sant, sa han, det der har eg aldri tenkt på før.
Slik ramla ateismen for ateisten.

Den unge mannen vart ikkje kristen der og då. Men han gjekk vidare med ei heilt ny erkjenning: Han oppførte seg som ein teist samstundes som han bekjente seg som ateist.

Dette førte meg fram til tesen: Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.

Ingen kommentarer: