lørdag 9. juli 2011

Legg vinn på det gode

"Legg vinn på det gode og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, allhærs Gud vera med dykk...."

Det gode er å elska Gud over alle ting og nesten som seg sjølv. Dersom du legg vinn på dette, vil du leva, seier Herren. Ingen finn Gud gjennom intellektuelle øvingar, men dersom du forsøker med heile deg å leva rett, alltid velga det gode og vraka det vonde, då finn du han. Men først vil du finna deg sjølv, du vil oppdaga kor delt du er, kor lite du maktar av det gode og kor lett det er for deg å velja til din eigen fordel og ikkje bry deg så mykje om andre. Den som vil velja det gode og vraka det vonde, må til slutt fella domen over seg sjølv: eg evnar det ikkje. Uansett kor hardt eg prøver, kjem eg til kort. Det gode er så godt at eg i mine beste stunder ikkje er i nærleiken av det ein gong. For sannninga om deg og meg er: I oss slik me er i oss sjølv, er det ingenting godt. Me er overfladiske, egoistiske, nærtagande, sjølvsikre og uærlege menneske som har eit desperat behov for Guds nåde og tilgjeving. Men utan at du prøver så godt du kan å vera god, så vil du aldri finna ut dette, du vil aldri forstå kva som feiler deg, og du vil aldri ta imot medisinen Gud tilbyr deg som hjelp mot døden. Korleis veit du at du har forstått dette rett? Når du er komen dit hen at du ber: "Gud, ver meg, ein syndar, nådig!" Når du ber slik, blir du frelst, rettferdiggjort og du får eit nytt liv i deg prega av Guds gode vesen, av Guds nåde.

Ingen kommentarer: