mandag 11. juli 2011

Rett målestokk

Eg kjenner ein som har ein garasje. Garasjen ser heilt ok ut. Korkje ved første eller andre blikk kan ein sjå at det er noko gale med den. Men dersom du finn fram ein water og plasserer han loddrett på veggen, ser du at heile bygget er skeivt. Men det menneskelege auga kan ikkje registrera feilen. Våre sansar er ikkje gode nok for slikt.
Eg kjenner ein mann. Han trudde han var frisk, men ein blodprøve synte at han var alvorleg sjuk og trong langvarig behandling. At mannen sjølv opplevde seg som sunn og frisk spela liten rolle. Han svevde i livsfare, men sansane hans registrerte det ikkje.

Eg møtte ei ung kvinne. Ho sa til meg at ho ikkje hadde gjort noko gale i livet, ho var både snill og rettferdig. Problemet hennar er at ho ikkje har sjekka seg skikkeleg. I Guds lys ville ho ha sett at det ikkje er nok for henne å unngå å gjera galne ting. Ho må også gjera det som er rett og godt, metta dei svoltne, kle dei nakne, besøka dei sjuke og meir til, ikkje av plikt, men av sann empati. Ingen skal trenga fortelja henne det. Det er ein indre tvang i henne å leva for andre, særleg for dei forkomne, dersom ho skal leva rett.

Dette er Guds krav til alle menneske. Dersom me ikkje har det slik, må me be Gud om å tilgje oss, ikkje berre våre synder, men be han om å tilgje oss vår store mangel på den sanne, usjølviske kjærleiken som skulle driva oss til eit sjølvoppofrande liv i teneste for andre, og be han om å dekka oss med Kristi rettferd. For Kristus var nemleg slik han skulle vera, og ingen andre har vore det, og han tilbyr seg å gå god for oss og gje oss full dekning dersom me vil ha det. Og kven vil vel ikkje det?

Ingen kommentarer: