lørdag 23. juli 2011

Ufatteleg omfang på gårsdagens terroraksjon

Minst 91 menneske vart drepne i Oslo og på Utøya i går. Av desse er 84 unge menneske frå heile landet som var på AUF-leir. Kven kan fatta den frykt og angst desse ungdomane har vore i medan denne mannen gjekk rundt og drap venene deira? Kven kan forstå den sorg som vellar opp etter kvart som det går opp for folk kva som her har hendt? Korleis skal me i det heile tatt kunna forstå det som har skjedd? Kva driv eit menneske til å påføra personar han ikkje kjenner ein slik smerte? Dette blir for stort for oss. Det rokkar ved fundamentet under beina våre når ein "normal" person, så langt me har forstått det, gjer det me no har vore vitne til.

Noreg er i stor smerte. Me kjenner på ein måte at me går inn i ei ny tid. Uskulda, i den grad me har hatt noko slikt her i landet, er så definitivt teke frå oss, og ting vil endra seg. Det verste som kan skje er at unge menneske trekker seg frå politikken og frå å engasjera seg. Me treng på ingen måte fleire uengasjerte unge.

Når det vert sagt at illgjerningsmannen er "konservativ kristen" (dvs. frimurar!!), har dette sjølvsagt ikkje noko med saka å gjera. Konservative kristne følgjer Jesus, og han gav livet sitt for andre. Det denne mannen gjorde har naturlegvis ingenting med konservativ kristendom å gjera. Det skulle vera unødvendig å skriva det, men kommentarane i TV2 om at han skal tilhøyra eit "kristenfundamentalistisk miljø", gjer det naudsynt.

Det me no treng i Noreg er at Jesus med sine verdiar blir stor for oss, slik at folk kan få eit godt og trygt fundament for liva sine, om det skulle bli langt eller kort.

Guds augo er i dag retta mot Noreg, og hans hjarta slår for dei som er råka av død og sorg, og han vil la seg finna av dei som søker han av heile sitt hjarta.

Ingen kommentarer: