Eg er på ferie i Bulgaria om dagen. Her er det strålande sol og fint badevær. Ikkje ei einaste sky som skuggar for sola, og me let gladeleg varmen berre fløyma over oss. Det kjennest godt for hutrande nordbuarar.
Jesus seier at han er verdas lys. Det som sola er for kroppen, er han for sjela. Guds kjærleik er det lyset som sjela di treng, og denne kjærleiken finn du hos Jesus. Liksom kroppen din, og alt levande for den saks skuld, treng å liggja bada i lys for sola, treng du som er skapt i Guds bilete liggja bada i Guds kjærleik. Der kan du få plassera deg kvar dag og vera der heile dagen, og natta med, for Jesus er lyset som aldri går ned.
Utanfor Jesus Kristus er det ikkje noko lys. Ingen religionsstiftar eller religion har det i seg. Det er det han, og berre han, som har. Slik er kristendomen heilt eksklusiv. Det er Jesus og berre Jesus det handlar om. Det er han som skal døma levande og døde, ingen andre. Ved å ta imot han som din Herre og frelsar, stiller du deg midt i Guds lys, og du skal ikkje reddast for domen. Lukke til med det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar