Den første kristne boka eg las i min ungdom heitte "Jesus lever", og var skriven av den engelske presten og apologeten Michael Green (han er no 91 år). Han er forresten kjent for mange bøker (50), og er ein eminent talar.
I denne boka undersøker han det som finst av bevismateriale rundt spørsmålet om Jesu oppstode, og det første han slår fast er det enkle faktum at 1. PÅSKEDAG VAR JESU GRAV TOM. Både kvinnene som kom for å salva Jesu kropp, og apostlane Peter og Johannes kom til grava og fann henne tom. JESUS VAR IKKJE DER. Noko hadde hendt, men kva? Hadde læresveinane teke liket med seg? Men ville Peter og Johannes ha sprunge til grava for å sjekka ut opplysningane frå kvinnene då? Ville dei seinare ha gjeve livet sitt for eit lik dei hadde gøymt i kjellaren? Og om nokre meinte at læresveinane hadde knabba han, kva bevis kunne dei framleggja for eit slikt synspunkt? Eller var det Jesu fiendar som hadde flytta han? Kvifor ville dei då ha vakt utanfor grava og utstyra henne med keisaren sitt segl? Og om dei hadde flytta på han, kunne dei jo berre ha synt fram liket då dei kristne begynte å fabla om at han var stått opp att, så var det kristne problemet løyst ein gong for alle. For utan Jesu oppstode, ingen kristendom. Så enkelt er det.
Faktum 1: Grava var tom, og den mest plausible forklaringa er faktisk at Jesus hadde gått ut or henne på eigne bein.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar