onsdag 27. juli 2011

Maria Magdalena møtte Jesus


Den tome grava var det første indisium på Jesu oppstode. Men ei tom grav kan ikkje frelsa nokon. Det kan berre ein Gud som lever.

Den første som møtte Jesus var Maria Magdalena. Oppløyst av smerte og sorg kom ho til grava saman med nokre andre kvinner tidleg søndag morgon for å salva Jesu døde kropp. Dei hadde ikkje fått gjort det på langfredagen for sabbaten kom for fort på dei.

Maria og kvinnene hadde møtt to englar og høyrt helsinga deira, men ho høyrde ikkje noko på dei, og vart verande ved grava då veninnene hennar sprang til læresveinane for å meddela englebodskapen.

Maria gret og gret. Då kom Jesus. Han kjem gjerne til venene sine når dei forgår av lengsle etter han, og han openberrar seg oftast og sterkast for dei som elskar han høgast. Jesus sa til henne: "Kvifor gret du, kvinne, kven leitar du etter?" Ho kjende han ikkje att med det første, ho såg hen gjennom tårer, men etter ei kort ordveksling, skjøna ho kven han var, og i ein augneblink var livet hennar endra for all framtid. JESUS VAR I LIVE, OG HO HADDE MØTT HAN PERSONLEG. Det var noko, det. Og då kunne ho etterpå møta kva det skulle vera i livet. Ingenting kan skremma eit menneske som har møtt Jesus og veit at han lever og er med sine kvar dag.

Jesus er den same no som då. Han openberrar seg i dag gjennom ordet sitt, men det er like sterkt som det Maria erfarte. Les ordet, og møt Jesus, det er eit godt motto.

Ingen kommentarer: