torsdag 21. juli 2011

Eit kjærleiksunder

Inkarnasjonen er ikkje berre eit mysterium, han er eit kjærleiksunder.

Tenk deg at du var skaparen av ei maurtue. Du var stolt over verket ditt, du likte maurane, dei var dine, og dei likte deg. Men så hende det noko som fekk maurane til å gjera opprør mot deg og snu seg bort frå deg. Dei ville ikkje lenger ha deg som som ven og velgjerar, men vart arge og fiendtleg innstilt til deg, og dei meinte at du var ein stor egoist som berre ville slavebinda dei. Vel, nokre av dei sto på di side, og du fekk dei til å gå til dei andre med ei bøn om at dei måtte snu seg bort frå denne fiendehaldninga og bil vener med deg att, men til inga nytta. Snarare tvert om. Det berre trigga dei til meir sinne, ja, så pass at dei tok livet av maurane som gjekk med helsinga di. Dette opprørte deg veldig, og du vurderte om du berre skulle gjera kort prosess og øydeleggja både tua og maurane, det hadde dei fortent. Men du vegra deg fordi du elska dei så høgt. Då bestemte du deg for ein siste ting: Du ville sjølv bli ein maur og gå direkte til dei for å gjenvinna hjarto deira. Du tenkte: Dei vil elska meg om eg kjem til dei som maur. Som sagt, så gjort. Du vart ein av dei, ein heilt vanleg arbeidar, vel, ikkje heilt vanleg, for du snakka med dei om den store kjærlege Skaparen som dei hadde forkasta. Nokre av maurane lytta gjerne til deg og syntest forteljingane var fine og store, og at dei gav dei håp. Desse maurane vart venene dine. Andre vart veldig provoserte då dei fekk høyra at du var den store Skaparen, syntest du var svært blasfemisk og bestemte seg for å drepa deg, og dei gjorde det, og du let det skje fordi du elska dei så høgt. Alternativet var nemleg at du drap dei, og du var jo ikkje komen for å døma og drepa, men for å frelsa dei og vinna dei tilbake til deg sjølv.

Men det dei ikkje hadde tenkt på var jo om du faktisk kunne vera den du gav deg ut for. Det var tåpeleg av dei, men dei var faktisk blitt ganske tåpelege med åra. Visdomen og innsikten som dei hadde hatt, hadde dei frå deg, og lang tids mangel på fellesskap hadde frårøva dei den sunne sans. For saka var jo den av du faktisk var den store maurskaparen, og det gjorde at du hadde ein annan type liv i deg i tillegg til maurelivet som dei tok i frå deg. Det opprinnelege livet kunne ingen ta frå deg, og dette førte deg attende til livet i tua. Men prosjektet ditt hadde ikkje endra seg, og vinna maur gjennom maur, og du valde å ta bustad i dei truande venene dine og du gav dei oppdraget om å enno ein gong å appellera til dei andre om å innrømma feila sine og bli vener med deg. Dei skulle vinna medmaurane sine hjarto for deg, du som hadde vorte både maurskapar og maur.

Du tek poenget, ikkje sant? Gud elska deg så høgt at han kom til oss som eit menneske i Jesus Kristus. Han gjekk faktisk talt inn i din plass og sona straffa for alle dine synder. Han sparte ikkje på noko for å gjera deg lukkeleg. Han døydde for deg, sto opp for deg og han talar til deg seint og tidleg gjennom venene sine om å tru på evangeliet og venda om til han med heile livet ditt, og vigsla resten av åra dine til han. Å leva i hans kjærleik kan ikkje overvurderast. Å leva utan hans kjærleik kan aldri undervurderast.

Ingen kommentarer: